Magical Mystery Tour
| Magical Mystery Tour studioalbum av The Beatles |
||
| Utgjeve | 27. november 1967 | |
| Innspelt | Abbey Road 24. november 1966 til 7. november 1967 |
|
| Sjanger | Psykedelisk rock | |
| Lengd | 36:52 | |
| Selskap | Parlophone, Capitol | |
| Produsent | George Martin | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| The Beatles-kronologi | ||
| Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band (1967) |
Magical Mystery Tour | The Beatles (1968) |
Magical Mystery Tour er eit musikkalbum av The Beatles frå 1967. Musikken vart nytta i ein timelang fjernsynsfilm som vart vist i Storbritannia i 1967. Albumet vart først gjeve ut som ein dobbel EP i Storbritannia og som eit heilt album i USA, der fleire nyleg innspelte singlar vart gjeve ut på B-sida. Etter kvart har denne utgåva vorte ein offisiell del av diskografien til The Beatles, samt utgåva som kom ut på CD.
Sjølv om songane på EPen vart populære, fekk fjernsynsfilmen negativ omtale og planar om å syne filmen i USA vart skrinlagde.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Filmen Magical Mystery Tour [endre]
Etter Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band ønskte Paul McCartney å skape ein film basert på the Beatles og musikken deira. Filmen skulle ikkje ha manus og forskjellige «vanlege» folk (son Lennon sin onkel Charlie) skulle reise på ein turistbuss og ha forskjellige «magiske» opplevingar.
Filmmusikken [endre]
Musikken til filmen vart langt betre teke imot enn sjølve filmen, og vart nominert til ein Grammy Award for beste album i 1968.[1] og låg på førsteplassen i USA i åtte veker. Albumet vart først gjeve ut som ein dobbel EP i Storbritannia med musikk frå filmen. I USA vart albumet gjeve ut som ein heil LP delt i to. Den første sida var filmmusikken frå den britiske EPen, medan andresida var ei samling av singlar frå 1967.
Innhald [endre]
EP-utgåve [endre]
Alle songar er skrivne av Lennon/McCartney, bortsett frå der andre er nemnd.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Magical Mystery Tour» | 2:51 | |||||||
| 2. | «Your Mother Should Know» | 2:29 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 3. | «I Am the Walrus» | 4:36 | |||||||
| Side tre | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 4. | «The Fool on the Hill» | 3:00 | |||||||
| 5. | «Flying» (Lennon/McCartney/Harrison/Starkey) | 2:16 | |||||||
| Side fire | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 6. | «Blue Jay Way» (Harrison) | 3:56 | |||||||
LP-utgåve [endre]
Alle songar er skrivne av Lennon/McCartney, bortsett frå der andre er nemnd.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Magical Mystery Tour» | 2:51 | |||||||
| 2. | «The Fool on the Hill» | 3:00 | |||||||
| 3. | «Flying» | 2:16 | |||||||
| 4. | «Blue Jay Way» | 3:56 | |||||||
| 5. | «Your Mother Should Know» | 2:29 | |||||||
| 6. | «I Am the Walrus» | 4:36 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 7. | «Hello Goodbye» | 3:31 | |||||||
| 8. | «Strawberry Fields Forever» | 4:10 | |||||||
| 9. | «Penny Lane» | 3:03 | |||||||
| 10. | «Baby You’re a Rich Man» | 3:03 | |||||||
| 11. | «All You Need Is Love» | 3:48 | |||||||
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Magical Mystery Tour (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The Beatles' Grammy og Academy and Emmy Award Nominations. Vitja 8. februar 2009.
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
|
|---|---|
| John Lennon · Paul McCartney · George Harrison · Ringo Starr Pete Best · Stuart Sutcliffe |
|
| Britiske studioalbum | Please Please Me · With The Beatles · A Hard Day's Night · Beatles for Sale · Help! · Rubber Soul · Revolver · Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band · Magical Mystery Tour · The Beatles · Yellow Submarine · Abbey Road · Let It Be |
| Filmar | A Hard Day's Night · Help! · Magical Mystery Tour · Yellow Submarine · Let It Be |
| Tilknytte artiklar | Brian Epstein · George Martin · The Quarrymen · Lennon/McCartney · Den britiske bølgja |