Shine on You Crazy Diamond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shine On You Crazy Diamond
Song av Pink Floyd
frå albumet Wish You Were Here
Utgjeve 15. september 1975
Innspelt Januar - juli 1975
Sjanger Progressiv rock
Lengd 26:05 (alle delar)
13:38 (del 1-5)
12:29 (del 6-9)
10:55 (radioedit)
17:32 (Echoes-versjonen)
Selskap Harvest, EMI (UK)
Columbia, Capitol (US)
Låtskrivar(ar) Wright, Waters, Gilmour
Produsent Pink Floyd

«Shine on You Crazy Diamond» er eit musikkstykke i ni delar av det britiske bandet Pink Floyd på albumet deira Wish You Were Here frå 1975. Songen er laga av Roger Waters, David Gilmour og Richard Wright, med tekst av Waters, i 1974 og framført på konsertar det året.[1]. Det var først meininga at songen skulle utgjere ei heil vinylside, slik som «Atom Heart Mother» og «Echoes», men songen voks seg lenger enn ei enkel vinylside og måtte delast i to delar. Sett i saman utgjer dei to delane den lengst songen Pink Floyd har spelt inn.

Stykket er ein hyllest til den tidlegare frontfiguren i bandet Syd Barrett. Tekstlinjer som «Remember when you were young?/You shone like the sun» viser kor mykje bandet verdsette Barrett si tid i bandet. Songtittelen er òg relatert til Barrett sitt kallenamn: Shine on You crazy Diamond. Ordet «Diamond» kan òg mogelegeins tyde LSD, som i The Beatles sin song «Lucy in the Sky with Diamonds», og kan vere ein referanse til Barrett sitt enorme forbruk av LSD.

Del I–V[endre | endre wikiteksten]

Remember when you were young,
You shone like the sun.
Shine on you crazy diamond.

Roger Waters (1975)

Part I (Wright, Waters, Gilmour; frå 0:00 – 3:55) byrjar med fleire tangentinstrumentlydar som gradvis kjem inn, laga av ein VCS3-synthesizer, ein ARP Solina, eit hammondorgel og lyden av våte fingrar som vert gnidd rundt kanten av eit vinglas fyld med forskjellige mengder vatn (denne lyden kom frå eit tidlegare Pink Floyd-prosjekt kalla Household Objects, der bandet prøvde å spele inn eit heilt album utan å bruke musikkinstrument). Etter ei stund startar eit enkelt Minimoog-parti og ein lengre gitarsolo av Gilmour. Denne delen endar med at delar av synthesizarlydane gradvis forsvinn inn i bakgrunnen.

Part II (Gilmour, Waters, Wright; frå 3:55 – 6:28) byrjar med eit gitarriff av fire tonar (B, F, G, E) som vert repetert om att og om att gjennom denne delen. Delen inneheld gitarsolo nummer to av Gilmour, og Nick Mason startar opp på trommene. Gitarriffet vert av og til kalla «Syd’s Theme».

Part III (Waters, Gilmour, Wright; frå 6:29 – 8:43) byrjar med ein Minimoog-solo av Wright, etter følgt av den tredje gitarsoloen av Gilmour i ein meir bluesaktig stil.

Part IV (Gilmour, Wright, Waters; frå 8:44 – 11:10) Tekstparitet. Waters syng solovokal med Gilmour, Wright og kordamer på harmonivokal.

Part V (Waters, frå 11:11 – 13:34) Denne delen har to gitarar som speler riffet frå Part II i om lag eitt minutt, før Dick Parry startar ein saksofonsolo. Etter ei stund stoppar det meste av kompet, og berre saksofonen og ein ARP-synthesizer vert igjen i lag med eit arpeggio gitarriff som gradvis forsvinn i bakgrunnen. Til slutt kjem ein maskinlikande dur og songen glir over i "Welcome to the Machine".

Part VI–IX[endre | endre wikiteksten]

Part VI (Wright, Waters, Gilmour; frå 0:00 – 5:00) byrjar med ein ulande vind frå avslutninga av songen før, «Wish You Were Here». Etter kvart kjem Gilmour inn med ein bassgitar, og så Waters med enno ein annan bassgitar. Wright legg seg så på med ARP-strykarar, før Gilmour startar på rytmegitar i lag med trommene til Mason. Ein Minimoog-synthesizer spelar så ein solo, og etter to minutt legg Gilmour seg på soloen med ein lap steelgitar

Part VII (Waters, Gilmour, Wright; frå 5:01 – 6:05) inneheld siste verset og refrenget, identiske til vokalpartia i part IV.

Part VIII (Gilmour, Wright, Waters; frå 6:05 – 9:05) startar med Waters på elektrisk gitar, medan Gilmour spelar eit arpeggio riff, og songen glir over i eit meir funky komp, før han sakte forsvinn i bakgrunnen, medan ein synthesizerakkord heng igjen, og songen glir over i siste del. På konsertversjonar på In the Flesh-turneen i 1977 vart denne delen ofte utvida, og kunne vare opp til 10 minutt.

Part IX (Wright, få 9:05 – 12:31) er siste delen av verket, skriven av Wright, og fungerer som ein sørgemarsj og lovprising av Syd Barrett. Songen inneheld stort sett berre Wright på tangentar og Mason på trommer. Medan songen gradvis forsvinn ut, kan ein høyre ein kort bit av melodien til «See Emily Play» (ved 12:07), ein av Syd Barrett sine mest kjende songar.

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • Enkelte CD-utgåver av Wish You Were Here omtalar songane som «Shine on You Crazy Diamond Part 1» og «Shine on You Crazy Diamond Part 2». Desse utgåvene inneheld nøyaktig den same musikken som dei andre utgåvene.
  • Ei vidkjent soge frå innspelingane av plata, er at ein mann med barbert hovud og augebryn kom inn i studio under miksinga av «Shine on You Crazy Diamond». Bandet kjende ikkje igjen mannen, men oppdaga med eitt at det var Syd Barrett, som hadde lagt på seg ein god del. Sidan dei miksa songane, måtte dei høyre songane om att og om att, noko ikkje Barrett kunne skjøne, sidan dei alt hadde høyrt songane ein gong. «Wish You Were Here» var ein av songane som skal ha blitt spelt, og då bandet spurte Barrett om kva han syns om han, skal han ha svara at han syns songen høyrdest «litt gamal ut». Han vart godt tatt imot av bandet, og vart invitert til bryllaupsfesten til Gilmour (som var same dagen), men stakk av utan å seie noko. [2] Det var siste gong dei andre bandmedlemmane såg Barrett. [3] Gilmour har nyleg bekrefta soga, men hugsar ikkje kva song dei arbeida på då Barrett dukka opp. [4]
  • I mars 2005 sette musikkmagasinet Q «Shine On You Crazy Diamond, Parts I–V» på 25. plass over dei 100 beste gitarsongane nokon sinne.

Konsertutgåver[endre | endre wikiteksten]

Songen vart først spelt på ein fransk turné i juni 1974 som «Shine On». Songen vart introdusert som «Shine on You Crazy Diamond» for første gong på den britiske turnéen i november 1974, og på denne tida vart songen spelt som eit einaste langt stykke utan å vere delt på midten. I tillegg hadde songen utdrag av Barrett sin solosong «Dark Globe».

På den nordamerikanske turnéen i 1975 vart songen spelt i to delar med «Have a Cigar» i mellom. Denne versjonen frå 1975 var ganske lik albumversjonen, men hadde framleis små skilnadar. Bandet spelte heile Wish You Were Here på In the Flesh-turnéen i 1977. Særleg den andre delen av songen kunne vere ein god del lengre enn på albumversjonen, og ofte kunne heile stykket totalt sett strekke seg over 30 minutt.

Del 1-5 av songen vart eit fast innslag i Pink Floyd sine konsertar frå 1987 til 1994, og pleide ofte og vere opningssporet, bortsett frå dei elleve første konsertane i 1987 då «Echoes» var opningspor. Ofte vart den tredje gitarsoloen i songen fjerna frå desse konsertane.

I det siste har David Gilmour spelt nesten heile stykket på sine solokonsertar (bortsett frå Del 8 og 9). På On an Island-turnéen sin i 2006 spela han derimot berre Del 1-5 (med nytt arrangement).

Roger Waters spelte òg songen på sine solokonsertar i 1999 og 2000, og ein versjon er med på konsertalbumet hans In the Flesh. I 2002 spelte Waters alle delane av songen (bortsett frå at del 8 var korta ned litt), og i 2006 spelte han ei forkorta utgåve på The Dark Side of the Moon Live-turnéen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Innspelt frå januar til juli 1975 ved Abbey Road Studios i London.

Kortare utgåver[endre | endre wikiteksten]

To kortare utgåver finst på sameplatene A Collection of Great Dance Songs og Echoes: The Best of Pink Floyd

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.geocities.com/cgwhitman2/pf/pf1974.html
  2. "Shine On!", Total Guitar, september 1996
  3. David Gilmour inervju, "Q Magazine", juni 1999
  4. La Repubblica, 3. februar 2006, oversetjing her

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]