Delicate Sound of Thunder
| Delicate Sound of Thunder Konsertalbum av Pink Floyd |
||
| Utgjeve | 22. november 1988 | |
| Innspelt | August 1988 | |
| Sjanger | Progressiv rock | |
| Lengd | 104:08 | |
| Selskap | EMI (Europa), Columbia (USA) | |
| Produsent | David Gilmour | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Pink Floyd-kronologi | ||
| A Momentary Lapse of Reason (1987) | Delicate Sound of Thunder | The Division Bell (1994) |
Delicate Sound of Thunder er eit dobbelt konsertalbum av Pink Floyd gjeve ut i 1988. Innspelinga vart gjort i løpet av fem kveldar i Nassau Coliseum på Long Island i New York i august 1988 og miksa ved Abbey Road Studios i september 1988.
Albumet vart gjeve ut i 1988 som ein dobbel-LP, dobbel kassett og ein dobbel-CD, og kvart format hadde små endringar i innhaldet. Albumet inneheld mange songar frå A Momentary Lapse of Reason i tillegg til ein del frå eldre album. Ein videofilm av ein av konsertane vart òg gjeve ut.
Delicate Sound of Thunder vart det første rockealbumet som vart spelt i verdsrommet, då kosmonautar frå Sovjetunionen tok det med seg på Soyuz TM-7. Kassettboksen vart derimot lagt igjen for å spare vekt, og medlemmane frå Pink Floyd var til stades under oppskytinga.
Delicate Sound of Thunder nådde 11. plass på Billboardlista, og har for tida seld over 3 millionar eksemplar i USA.
Innhald[endre]
| CD 1 | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Shine On You Crazy Diamond» | 11:53 | |||||||
| 2. | «Learning to Fly» | 5:27 | |||||||
| 3. | «Yet Another Movie» | 6:21 | |||||||
| 4. | «Round and Around» | 0:33 | |||||||
| 5. | «Sorrow» | 9:28 | |||||||
| 6. | «The Dogs of War» | 7:18 | |||||||
| 7. | «On the Turning Away» | 7:58 | |||||||
Innhald[endre]
| CD 2 | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «One of These Days» | 6:15 | |||||||
| 2. | «Time» | 5:16 | |||||||
| 3. | «Wish You Were Here» | 4:49 | |||||||
| 4. | «Us and Them» | 7:22 | |||||||
| 5. | «Money» | 9:52 | |||||||
| 6. | «Another Brick in the Wall (Part 2)» | 5:28 | |||||||
| 7. | «Comfortably Numb» | 8:56 | |||||||
| 8. | «Run Like Hell» | 7:12 | |||||||
Den doble-LP utgåva hadde ikkje med «Us and Them», og både LP-utgåva og kassettutgåva hadde «Wish You Were Here» mellom «Another Brick in the Wall (Part 2)» og «Comfortably Numb».
Sjølv om David Gilmour på tida då albumet kom ut sa at dei ikkje hadde lagt oppå innspelingar frå studio på konsertalbumet, vart det likevel lagt til ekstra akustisk gitar på «Comfortably Numb» i følgje lydteknikar Buford Jones. I tillegg vart enkelte av vokalharmoniane gjort om att i studio. Richard Wright gjorde vokalen sin på «Us and Them» om att, medan Sam Brown erstatta Rachel Fury sin del på «Comfortably Numb».
Medverkande[endre]
- David Gilmour: Vokal og gitar.
- Nick Mason: Trommer og perkusjon
- Richard Wright: Tangentar og vokal.
med
- Tim Renwick - Gitar og vokal
- Jon Carin - Tangentar og vokal
- Guy Pratt - Bassgitar og vokal
- Gary Wallis - Perkusjon
- Scott Page - Saksofon og gitar
- Margret Taylor - Korist
- Rachel Fury - Korist
- Durga McBroom - Korist
- Buford Jones - lydteknikar
- David Hewitt - assisterande teknikar
- Storm Thorgerson - albumdesign
- Dimo Safari - fotografi
- Doug Sax - mastering