Wish You Were Here

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wish You Were Here
Studioalbum av Pink Floyd
Utgjeve 15. september 1975
Innspelt Januar-juli 1975
Sjanger Progressiv rock
Lengd 44:28
Selskap Harvest, EMI (Storbritanna)
Columbia, Capitol (USA)
Produsent Pink Floyd
Pink Floyd-kronologi
The Dark Side of the Moon (1973) Wish You Were Here Animals (1977)

Wish You Were Here er eit konseptalbum av Pink Floyd. Det vart innspelt i Abbey Road Studios mellom januar og juli 1975, og vert sett på som eit av dei største Pink Floyd-albuma. Tekstane, skrive av Roger Waters, omhandlar musikkindustrien og stiller spørsmål ved dei marknadsorienterte plateselskapa sin mangel på forståing og interesse for musikarane. Albumet heidrar òg Syd Barrett, Pink Floyd sin tidlegare gitarist og frontfigur, særleg på «Shine on You Crazy Diamond» og sjølve tittelsporet.

The Dark Side of the Moon, føregangaren til Wish You Were Here, vart ein fenomenal suksess, Pink Floyd eit verdskjend band, og bandet var uroleg med tanke på om dei kunne lage ein fullverdig oppfølgjar. Bandet var inne på tanken om å lage eit album utan å bruke eit einaste musikkinstrument, men slo raskt frå seg dette etter dei berre klarte å produsere tre songar. Pink Floyd byrja etter kvart å innarbeide tre lange songar på konsertane sine i 1974, og spelte desse mykje i dei to åra etter Dark Side. Dei tre songane var «Shine on You Crazy Diamond», «You Gotta be Crazy» og «Raving and Drooling». I prosessen vart derimot «Shine on» for lang til å passe inn på ei enkel vinylside, og bandet delte han i to delar, og komponerte ny musikk som skulle passe mellom dei to delane. Waters overbeviste resten av bandet om å vente med dei to andre songane til seinare prosjekt (noko Gilmour var i mot), og desse songane vart seinare «Dogs» og «Sheep» på Animals. Dei nye songane Waters skreiv dokumenterte bandet sin dåverande tilstand og karikerte dei negative sidene i plateindusrtien (på «Welcome to the Machine» og «Have a Cigar»). Tittelsporet «Wish You Were Here» omhandla blant anna frustrasjonen dei følte overfor musikken.

Wish You Were Here var Pink Floyd sitt første album med Columbia Records, deira nye plateselskap for resten av verda (i Europa hadde dei framleis EMI) som dei signerte i 1973 for $1 million etter suksessen med The Dark Side of the Moon. Den endringa kom av at bandet var misnøgd med Capitol Records, som hadde gjeve bandet lite publisitet i Amerika før Dark Side. Avtalen med Columbia (og seinare CBS Records/Sony Records) gav bandet full kunstnarleg styring over og eigarforhold til sine eigne komposisjonar.

Innspelinga av albumet viste aukande spenning mellom bandmedlemmane, og Wish You Were Here var det siste Pink Floyd-albumet der Richard Wright medverka som låtskrivar før The Division Bell i 1994. Det var òg det siste albumet der heile bandet medverka i skapinga av albumet. Etter dette to Roger Waters meir og meir kontroll, og skreiv dei fleste songane. Trass i den aukande spenninga har både Gilmour og Wright seinare sagt at Wish You Were Here er deira favoritt blant Pink Floyd-albuma.

Nye utgåver[endre | endre wikiteksten]

Wish You Were Here vart først gjeve ut på Harvest Records in Storbritannia og på Columbia Records i USA. I 1980 gav Columbia si CBS Mastersound-avdeling ut ei vinylutgåve med ekstra høg lydkvalitet. Albumet kom først med betre digital lyd i 1992 for boksen Shine On, og i 1993 gav Sony Mastersound ut ei 24-karat gullagd CD av albumet, som kom med forskjellige omslag, deriblant eit pappomslag. I 1994 kom den nye utgåva frå 1992 ut på CD. Columbia gav ut nok ei utgåve av albumet i 1997 for resten av verda, som er 14 sekund lenger enn originalen. Ein SACD-versjon skal ha blitt laga av albumet, og var venta for 30-årsjubileumet, men er foreløpig ikkje kome ut.

Omslag[endre | endre wikiteksten]

Det første forslaget til omslag for albumet var eit heilt svart plastomslag. Plateselskapet likte derimot ideen om at bandet skulle gøyme plata si på denne måten svært dårleg, og eit ekstra merke med bandnamnet oppå to robothender, som tar kvarandre i handa, vart plassert utanpå. Under plastomslaget fann ein derimot det no vidgjetne bilete av to forretningsmenn som helser på kvarandre, den eine i full fyr.

Syd Barrett vitjar studioet[endre | endre wikiteksten]

Syd Barrett møtte faktisk opp i studioet under innspelinga av albumet. Det skjedde den 6. juni 1975, same dag som David Gilmour gifta seg med si første kone. Barrett hadde ikkje sett nokon av bandmedlemma på fem år. Han møtte opp uanmeldt med alt hår fjerna frå hovudet (inkludert augebryn), og han hadde lagt på seg ein god del slik at bandet ikkje med ein gong kjende han igjen. Humble Pie-trommisen Jerry Shirley (som var gjest i bryllaupet) trudde først det var ein Hare Krishna-fanatikar. Medan bandet høyrte på ein song om att og om att som var under utvikling (det er ingen som faktisk hugsar kva song det er, men mytane skal ha det til at det var «Shine On You Crazy Diamond») sat Barrett heilt i ro, og skal ha kommentert at det var meiningslaust det bandet heldt på med sidan dei allereie hadde høyrt gjennom songen. Han skal òg ha tilbydd seg å hjelpe til på albumet. Gilmour har seinare fortalt at ingen i bandet såg han igjen etter dette. Heilt på slutten av albumet spelar Wright ein subtil versjon av refrenget på «See Emily Play».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst skriven av Roger Waters

Side ein
# Tittel Musikk Solovokal Lengd
1. «Shine On You Crazy Diamond» (Parts I–V) Wright, Waters, Gilmour (Part I)
Gilmour, Waters, Wright (Part II)
Waters, Gilmour, Wright (Part III)
Gilmour, Wright, Waters (Part IV)
Waters, Gilmour, Wright (Part V)
Waters 13:38
2. «Welcome to the Machine»   Waters Gilmour 7:30
Side to
# Tittel Musikk Solovokal Lengd
1. «Have a Cigar»   Waters Harper 5:24
2. «Wish You Were Here»   Waters, Gilmour Gilmour 5:17
3. «Shine On You Crazy Diamond» (Parts VI–IX) Wright, Waters, Gilmour (Part VI)
Waters, Gilmour, Wright (Part VII)
Gilmour, Wright, Waters (Part VIII)
Wright (Part IX)
Waters 12:29

Forskjellige nye utgåver fører opp dei to delane av «Shine On You Crazy Diamond» som «Part 1» og «Part 2».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med

  • Roy Harper – Vokal på «Have a Cigar»
  • Dick ParrySaksofon på «Shine on You Crazy Diamond»
  • Venetta Fields – Korist på «Shine on You Crazy Diamond»
  • Carlena Williams – Korist på «Shine on You Crazy Diamond»
  • Stephane Grapelli – Fiolin på «Wish You Were Here» (men det kan knapt høyrast)
  • Brian Humphries – Lydteknikar
  • Peter James – Lydteknikar
  • Hipgnosis – Albumdesign

Singel[endre | endre wikiteksten]

  • «Have a Cigar»/«Welcome to the Machine» - 15. november 1975

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • Dei fire tonane i «Syd’s Theme» som utgjer ein stor del av «Shine on You Crazy Diamond» kan ein høyre gjennom heile albumet på alle spor i forskjellige former.
  • Eit par månadar etter albumet kom ut spelte Nick Mason og Roger Waters inn ein julesong med namn «A Christmas Song» då dei var med i The John Peel Show 23. desember 1975.
Pink Floyd
Syd Barrett | David Gilmour | Nick Mason | Roger Waters | Richard Wright
Diskografi
Studioalbum: The Piper at the Gates of Dawn (1967) | A Saucerful of Secrets (1968) | Ummagumma (1969) | Atom Heart Mother (1970) | Meddle (1971) | The Dark Side of the Moon (1973) | Wish You Were Here (1975) | Animals (1977) | The Wall (1979) | The Final Cut (1983) | A Momentary Lapse of Reason (1987) | The Division Bell (1994)
Filmmusikk: Tonite Let’s All Make Love in London (1968) | More (1969) | Zabriskie Point (1970) | Obscured by Clouds (1972)
Konsertalbum: Ummagumma (1969) | Delicate Sound of Thunder (1988) | P*U*L*S*E (1995) | Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000)
Samlealbum: Relics (1971) | A Nice Pair (1973) | Masters of Rock (1974) | A Collection of Great Dance Songs (1981) | Works (1983) | Shine On (The Early Singles) (1992) 1967 Singles Sampler (1997) | Echoes (2001)
Filmar
Live at Pompeii | The Wall | Delicate Sound of Thunder | La Carrera Panamericana | London ’66-’67 | P*U*L*S*E
Tilknytta artikklar
Bob Klose | Alan Parsons | Dick Parry | Storm Thorgerson/Hipgnosis | Steve O’Rourke | Konsertar | Publius Enigma | The Man and the Journey