Welcome to the Machine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Welcome to the Machine
Song av Pink Floyd
frå albumet Wish You Were Here
Utgjeve 15. september 1975
Innspelt Januar - juli 1975
Sjanger Progressiv rock, elektronisk musikk
Lengd 7:31
Selskap Harvest, EMI (UK)
Columbia, Capitol (US)
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Pink Floyd

«Welcome to the Machine» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd på albumet deira Wish You Were Here frå 1975. Songen er skrive av Roger Waters, og inneheld ein god del synthesizerar og gitar, i tillegg til mange effektar. Songen omhandlar det negative synet bandet hadde på musikkindustrien. Dei syns at måten dei vart behandla på av industrien var sjellaus og hardhjarta, som ein maskin. Songen glir over frå første del av songen «Shine on You Crazy Diamond».

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Gerald Scarfe laga ein sterk og dyster musikkvideo til songen, som vart brukt av bandet då dei spelte han på konsertar i 1977. Den animerte videoen syner eit gigantisk mekanisk beist, som ser ut som ein mellomting mellom ein triceratops og eit beltedyr som heng over eit apokalyptisk bylandskap. Avmagra rotter hoppar rundt lik som ligg på stålbjelkar og industrielle skorsteinar, medan dei sprutar blod. Eit tårn veks opp av ørkenen, og vert forvandla til eit skrikande monster og halshogg ein intetanande mann. Hovudet hans går i oppløysing og syner ein øydelagt skalle. Til slutt ser ein eit hav av blod som vaskar over dette øydelandet, og bølgjene glir over til tusenvis av hender som vinkar i lag med rytmen til musikken (som folk på ein rockekonsert). Ein bygning står igjen etter at alle dei andre er vaska bort av blodhavet, og i takt med musikken mot slutten av songen lettar han og fyk bort, høgt over skyene før han fyk inn i eit hol på sida av ein gigantisk eggforma struktur.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • Måten bandet brukar gitar og synthesizar på denne songen hadde påverknad på korleis ABBA lagde sin hit «Knowing Me, Knowing You».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]