Starless and Bible Black
| Starless and Bible Black Studioalbum av King Crimson |
||
| Utgjeve | 29. mars 1974 | |
| Innspelt | Januar 1974 i AIR Studios i London (studiospor); oktober 1973 i Concertgebouw i Amsterdam (konsertopptak) | |
| Sjanger | progressiv rock | |
| Lengd | 46:41 | |
| Selskap | Island | |
| Produsent | King Crimson | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| King Crimson-kronologi | ||
| Larks' Tongues in Aspic (1973) |
Starless and Bible Black | Red (1974) |
Starless and Bible Black er eit album av det britiske progrockabandet King Crimson frå 1974. Dei fleste songane på albumet er satiriske og kommentarar om latskap og materialisme i samfunnet. Eit unntak er «The Night Watch».
Innhaldsliste |
Bakgrunn[endre]
Sjølv om det ikkje finst trommer på «Trio», så vart trommeslagar Bill Bruford rekna som ein av låtskrivarane fordi stykket vart improvisert på ein konsert og at resten av bandet såg på det som ei viktig avgjersle at han valte å ikkje spele noko.
Plateomslaget er måla av Tom Phillips.
Fleire songar på albumet var konsertopptak med lyden av publikum fjerna. Dei einaste songane som er spelte inn berre i studio er dei første to spora, «The Great Deceiver» og «Lament». «We'll Let You Know» var eit improvisasjonsstykke spelt inn i Glasgow. «The Mincer» var eit anna improvisert stykke, spelt inn i Zürich før Wetton sidan song inn vokalen i studio. «Trio», «Fracture» og «Starless and Bible Black» vart spelte inn i Concertgebouw i Amsterdam, og et same var introduksjonen til «The Night Watch» (resten vart spelt inn i studio). Heile Amsterdam-konserten vart i 1997 gjeven ut som The Night Watch.
Tekstane vart skrivne av den tidlegare Supertramp-gitaristen Richard Palmer-James (som forlet bandet etter det første albumet deira). Berre fire spor på albumet har tekst. «The Great Deceiver» refererer til djevelen og ein ironisk kommentar om kommersialisme. Teksten på denne vart skriven i lag med Fripp.[4]
Innhald[endre]
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 1. | «The Great Deceiver» | John Wetton, Robert Fripp, Richard Palmer-James | 4:02 | ||||||
| 2. | «Lament» | Fripp, Wetton, Palmer-James]] | 4:00 | ||||||
| 3. | «We'll Let You Know» | David Cross, Fripp, Wetton, William Bruford | 3:46 | ||||||
| 4. | «The Night Watch» | Fripp, Wetton, Palmer-James | 4:37 | ||||||
| 5. | «Trio» | Cross, Fripp, Wetton, Bruford | 5:41 | ||||||
| 6. | «The Mincer» | Cross, Fripp, Wetton, Bruford, Palmer-James | 4:10 | ||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 7. | «Starless and Bible Black» | Cross, Fripp, Wetton, Bruford | 9:11 | ||||||
| 8. | «Fracture» | Fripp | 11:14 | ||||||
| Bonusspor på 2011-utgåva | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 9. | «The Law Of Maximum Distress Part 1» | 6:42 | |||||||
| 10. | «Improv The Mincer» | 4:22 | |||||||
| 11. | «The Law Of Maximum Distress Part 2» | 2:28 | |||||||
| 12. | «Dr. Diamond» (konsertopptak) | 4:00 | |||||||
| 13. | «Guts On My Side» (konsertopptak) | 4:31 | |||||||
Medverkande[endre]
- Robert Fripp – gitar, mellotron, apparat, elektrisk piano
- John Wetton – bass, vokal
- Bill Bruford – trommer, perkusjon
- David Cross – fiolin, bratsj, mellotron, elektrisk piano
- Richard Palmer-James – tekstar
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Starless and Bible Black» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juni 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Eder, Bruce. «Starless and Bible Black - King Crimson | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/starless-and-bible-black-r42277. Henta 12. juni 2012.
- ↑ Christgau, Robert. «Robert Christgau: CG: King Crimson». robertchristgau.com. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?id=748&name=King+Crimson. Henta 12. juni 2012.
- ↑ Fletcher, Gordon (6 June 1974). «King Crimson: Starless and Bible Black : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. http://web.archive.org/web/20090116051053/http://www.rollingstone.com/artists/kingcrimson/albums/album/174583/review/5946322/starless_and_bible_black. Henta 12. juni 2012.
- ↑ Interview with Richard Palmer-James in Tylko Rock, Elephant Talk.