Mel Collins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mel Collins
MEL COLLINS (Acabashi).jpg
Mel Collins med Kokomo.
På scenen i Barnes i London i 2008
Foto av Acabashi
Verkeleg namn Melvyn Desmond Collins
Fødd 5. september 1947 (66 år), Isle of Man
Instrument Saksofon, fløyte
Yrke Musikar
Tilknytte artistar King Crimson, Camel, Tony O'Malley

Melvyn Desmond «Mel» Collins (fødd 5. september 1947) er ein britisk saksofonist, fløytist og studiomusikar.

Han har arbeidd innan mange forskjellige sjangrar frå R&B og bluesrock til jazz, men er kanskje mest kjend for arbeidet sitt i progressiv rock, som med King Crimson, Camel og Alan Parsons Project.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Collins har arbeidd med mange kjende artistar,[1] som 10cc, Alexis Korner, Clannad, Eric Clapton, Bad Company, Dire Straits, Bryan Ferry, Roger Chapman, Marianne Faithfull, The Rolling Stones, Roger Waters[2] Gerry Rafferty, Tears For Fears og Go West.

Han var medlem av banda King Crimson, Camel, Caravan og The Alan Parsons Project. For King Crimson tok han over etter Ian McDonald og spelte på albuma In the Wake of Poseidon, Lizard og Islands, og var studiomusikar på Red.

Collins spelte saksofonsoloenThe Rolling Stones-hiten «Miss You» i 1978,[3] og spelte med Dire Straits på konsertalbumet deira Alchemy. Han var ein av medlemmane i Kokomo. Frå 2002 til 2007 spelte Collins som medlem av 21st century Schizoid Band i lag med andre tidlegare King Crimson-medlemmar.

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Band etter år[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]