Verdsmeisterskapen i sjakk 2010

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Viswanathan Anand
Topalov Veselin.jpg
Flag of India.svg IND Viswanathan Anand
(IND)
Flag of Bulgaria.svg BUL Veselin Topalov
(BUL)
Meister Utfordrar
Vinnar av VM i sjakk 2008 Vinnar av Utfordrarkampen 2009
44 år 39 år
2789 FIDE Rating[1] 2812 FIDE Rating[2]
FIDE rangering: 4 FIDE rangering: 2

Verdsmeisterskapen i sjakk 2010 var ein tvikamp mellom verdsmeisteren Viswanathan Anand og utfordraren Veselin Topalov. Tvekampen vart arrangert i Sofia, Bulgaria frå 24. april til 11. mai 2010, med eit premiefond på 2 million Euro, av dette 60 % til vinnaren.[3] Anand vann kampen 6½–5½ og var dermed framleis verdsmeister.

Tvikampen var sett til 12 ordinære parti,[4] med omspel viss det vart uavgjort 6-6 som hurtigsjakk og lynsjakk. VM-kampen hadde same lengde og reglar som VM i sjakk 2006 og VM i sjakk 2008.

Starten av VM-kampen vart utsett ein dag, då Anand vart ståande oskefast i Frankfurt den 16. april, på grunn av vulkanoska frå vulkanutbrotet frå Eyjafjallajökull som stogga mykje av flytrafikken i Europa. Anand bad om ei utsetting på tre dagar, noko som vart avslått av organisatorane den 19. april. Anand kom fram til Sofia den 20. april, etter å ha reist 40 timar på landevegen.[5] Det første partiet vart av denne grunnen utsett ein dag.[6]

Verdsmeisteren[endre | endre wikiteksten]

Verdsmeisteren som skulle forsvare tittelen sin var Viswanathan Anand, som hadde vore verdsmeister sidan 2007. Anand vann VM i sjakk 2007, ei sjakkturnering med åtte spelarar. Han forsvarte så tittelen i tvikamp om VM i sjakk 2008 mot den tidlegare verdsmeisterenVladimir Kramnik.

Utfordraren[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg [[VM i sjakk 2006]] og [[:Verdscupen i sjakk 2007]].

Veselin Topalov vann Verdssjakkforbundet FIDE si VM-turnering i 2005. Samtidig var Vladimir Kramnik såkalla «klassisk» verdsmeister i sjakk etter å ha slått Garri Kasparov i 2000, og forsvart tittelen i 2004 mot Peter Leko. For å sameine desse titlane vart det tidleg i 2006 inngått avtalar der det vart avtalt ein VM-kamp mellom Kramnik og Topalov. Kramnik vann sameiningkampen mot Topalov, og avtalen var slik, at berre vinnaren fekk rett til å vere med i VM-turneringa 2007, som Anand vann. Topalov fekk såleis ikkje vere med i VM i sjakk 2007, som følgje av avtalen som var inngått. Men i juni 2007 annonserte FIDE at Topalov likevel skulle få kompensasjon ved å få eit spesielt privilegium i kvalifiseringa til det planlagde VM i sjakk 2009: Han skulle utan vidare kvalifisering få spele tvikamp om kven som skulle bli utfordrar til sitjande verdsmeister.[7]

Gata Kamsky frå USA fekk rett til å vere med i denne utfordrarkampen ved å vinne Verdscupen i sjakk 2007.

Utfordrarkampen i sjakk 2009[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg [[Utfordrarkampen i sjakk 2009]].
Game 2 of the Challenger Match

Utfordrarkampen mellom Topalov og Kamsky vart arrangert i Sofia, Bulgaria i tida 16-28. februar 2009. Tvikampen var planlagt til å gå over 8 parti. Det vart ikkje nødvendig, Topalov vann denne kampen nokså greitt, og den 26. februar vann han det 7. partiet, og dermed tvikampen med 4,5-2,5.

Tidlegare resultat mellom Anand og Topalov[endre | endre wikiteksten]

Før VM-kampen i 2010 hadde Anand og Topalov spelt 67 parti mot kvarandre med full tenketid, med følgjande resultat:[8]

Anand Remis Topalov
Anand (Kvit) – Topalov (Svart) 13 16 4
Topalov (Kvit) – Anand (Svart) 4 21 9
Totalt 17 37 13

VM-kampen[endre | endre wikiteksten]

Vilkåra for VM-kampen[endre | endre wikiteksten]

VM-kampen var sett til best etter 12 ordinære parti. Vinst gav eit poeng, og remis gav eit halvt poeng. Tvikampen tok slutt viss nokon av spelarane oppnådde 6½ poeng. Tenketida var 2 timar på dei 40 første trekka, deretter 1 time i tillegg fram til 60 trekk. Når 60 trekk var passert vart det lagt til 15 minutt, og i tillegg 30 sekund pr trekk. frå trekk 61.[4]

Ved uavgjort 6-6 etter 12 parti var her reglar som skulle sikre eit endeleg resultat.[9]

  1. Ved 6-6 etter 12 parti, skal det trekkast om fargane, og deretter skal det spelast fire parti hurtigsjakk. Tenketida for desse partia var sett til 25 minutt pluss 10 sekund pr trekk.
  2. Ved framleis uavgjort etter dei fire hurtigsjakkpartia, skal det trekkast om fargane, og deretter skal det spelast to og to parti lynsjakk, med tenketid 5 minutt pluss 10 sekund pr trekk. Ved uavgjort etter to lynparti skal det spelast to nye lynparti, til det eventuelt har blitt spela 5 slike kampar på 2 lyssjakkparti.
  3. Ved framleis uavgjort etter 10 lynsjakkparti, skal det spelast eit avgjerande «Armageddon-parti»: Det blir foretatt ei loddtrekking, og vinnaren får velje om han vil spele kvit eller svart. Kvit får 5 minutt tenketid, svart får 4 minutt. Frå trekk 61 frå spelarane 3 sekund tillegg i tida pr trekk. Viss partiet blir remis, blir spelaren som har svart erklært som vinnar.

Topalov kravde tagnad[endre | endre wikiteksten]

Topalov kravde at kampen skulle spelast utan at spelarane snakka med kvarandre under partia. Han viste til Sofia-reglane frå 2005, innført for å hindre at spelarane avtalte remis i sjakkturneringar. Anand svarte at han ville halde seg til VM-reglane, som ikkje hadde noko slikt krav. Dette fekk Silvio Danailov, Topalov sin manager, til å seie «Viss Vishy ikkje er samd i reglane, så blir han nøydd til å følgje dei, for Topalov vil ikkje tilby remis og vil ikkje snakke med han»[10]

Sekundantar[endre | endre wikiteksten]

Anand hadde dei same sekundantane som hjelpte han i førebuinga til VM i sjakk 2008: Stormeistrane Peter Heine Nielsen, Rustam Kasimdzhanov, Surya Ganguly og Radoslaw Wojtaszek. Topalov arbeidde saman med Jan Smeets, Erwin l’Ami, Ivan Cheparinov og Jiri Dufek.[11].

Speleskjema og resultat[endre | endre wikiteksten]

Parti Dato Topalov Anand Stillinga
1 24. april 1 0 Topalov leiar 1–0
2 25. april 0 1 Kampen uavgjort 1–1
3 27. april ½ ½ Kampen uavgjort 1½–1½
4 28. april 0 1 Anand leiar 2½–1½
5 30. april ½ ½ Anand leiar 3–2
6 1. mai ½ ½ Anand leiar 3½–2½
7 3. mai ½ ½ Anand leiar 4–3
8 4. mai 1 0 Kampen uavgjort 4–4
9 6. mai ½ ½ Kampen uavgjort 4½–4½
10 7. mai ½ ½ Kampen uavgjort 5–5
11 9. mai ½ ½ Kampen uavgjort 5½–5½
12 11. mai 0 1 Anand vann 6½ – 5½
Omspel 13. mai Ikkje nødvendig

Alle partia starta klokka 15.00, austeuropeisk sommartid EEST (UTC+3), unnateke det første partiet, som starta klokka 17.00 EEST.[12]

Parti[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for å beskrive sjakktrekk.

1. parti, Topalov–Anand, 1–0[endre | endre wikiteksten]

Stillinga etter 23.Tf3
Chess zhor 26.png
Chess zver 26.png
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Chess zver 26.png
Chess zhor 26.png
1. parti: Anand spelte 23. ...Kf7??, noko som gav Topalov høve til å ofre ein springar med 24.Sxf6!!. Berre sju trekk etterpå gav Anand opp

Grünfeld-indisk, avbyte-varianten, D86

1.d4 Sf6 2.c4 g6 3.Sc3 d5 4.cxd5 Sxd5 5.e4 Sxc3 6.bxc3 Lg7 7.Lc4 c5 8.Se2 Sc6 9.Le3 O-O 10.O-O Sa5 11.Ld3 b6 12.Dd2 e5 13.Lh6 cxd4 14.Lxg7 Kxg7 15.cxd4 exd4 16.Tac1 Dd6 17.f4 f6 18.f5 De5 19.Sf4 g5 20.Sh5 Kg8 21.h4 h6 22.hxg5 hxg5 23.Tf3 Kf7? 24.Sxf6!! Kxf6 25.Th3! Tg8 26.Th6+ Kf7 27.Th7+ Ke8 28.Tcc7 Kd8 29.Lb5 Dxe4 30.Txc8+ 1–0

Kommentatorar har helde det som sannsynleg at Anand sin feil i det 23. trekket kom av at han hadde gløymt førebuinga si, som ein reknar med var 23...Ld7 før Kf7.[13]

2. parti, Anand–Topalov, 1–0[endre | endre wikiteksten]

Stillinga etter 25.R1c4
Chess zhor 26.png
Chess zver 26.png
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Chess zver 26.png
Chess zhor 26.png
2. parti: Topalov spelte 25. ...Se3? i denne like stillinga, noko som gav Anand ein fordel som han klarte å lage ein vinst av.


Katalansk, ope forsvar, E03

1.d4 Sf6 2. c4 e6 3. Sf3 d5 4. g3 dxc4 5. Lg2 a6 6. Se5 c5 7. Sa3 cxd4 8. Saxc4 Lc5 9. O-O O-O 10. Ld2 Sd5 11. Tc1 Sd7 12. Sd3 La7 13. La5 De7 14. Db3 Tb8 15. Da3!? Dxa3 16. bxa3 S7f6 17. Sce5 Te8 18. Tc2 b6 19. Ld2 Lb7 20. Tfc1 Tbd8 21. f4!? Lb8 22. a4 a5 23. Sc6 Lxc6 24. Txc6 h5?! 25. T1c4 Se3? 26. Lxe3 dxe3 27. Lf3 g6 28. Txb6 La7 29. Tb3 Td4 30. Tc7 Lb8 31. Tc5 Ld6 32. Txa5 Tc8 33. Kg2 Tc2 34. a3 Ta2 35. Sb4 Lxb4 36. axb4 Sd5 37. b5 Taxa4 38. Txa4 Txa4 39. Lxd5 exd5 40. b6 Ta8 41. b7 Tb8 42. Kf3 d4 43. Ke4 1–0

Trekket 16...Sc5 som fjernar kvit sin blokkerande springar var mykje betre for Topalov, svart ville stått godt etter 17.Sd6 b6.[14] Anand meinte at svart begynte å misse kontrollen over stillinga etter 25... Se3?








3. parti, Topalov–Anand, ½–½[endre | endre wikiteksten]

Slavisk forsvar, Wiesbaden-varianten, D17

1.d4 d5 2.c4 c6 3.Sf3 Sf6 4.Sc3 dxc4 5.a4 Lf5 6.Se5 e6 7.f3 c5 8.e4 Lg6 9.Le3 cxd4 10.Dxd4 Dxd4 11.Lxd4 Sfd7! 12.Sxd7 Sxd7 13.Lxc4 a6 14.Tc1 Tg8! 15.h4 h6 16.Ke2 Ld6 17.h5 Lh7 18.a5! Ke7 19.Sa4 f6 20.b4! Tgc8 21.Lc5 Lxc5 22.bxc5 Tc7 23.Sb6 Td8 24.Sxd7 Tdxd7 25.Ld3 Lg8 26.c6 Td6 27.cxb7 Txb7 28.Tc3 Lf7 29.Ke3 Le8 30.g4 Txa5 39.Tb7+ Kf8 40.Ke2 Ta2+ 41.Ke3 Ta3+ 42.Kf2 Ta2+ 43.Ke3 Ta3+ 44.Kf2 Ta2+ 45.Ke3 Ta3+ 46.Kf2 ½–½
Remis etter at stillinga var gjenteken for tredje gongen.

14. ... Tg8! Svart planlegg Ld6, Ke7, f6, Tgc8, Lg8, osv. Kvit må faktisk skunde seg og gjere noko mot dette, noko som ikkje er lett, då springaren hans på c3 er dårleg plassert.

20.b4! Topalov aktiviserer raskt før svart klarer å få alle brikkene sine i spel.

32. ... Lb5! Anand klarer å nøytralisere den einaste svakheita han har, bonden på a6.[15]

Det var ikkje noko handtrykk etter det tredje partiet. På pressekonferansa medga begge spelarane at dei rett og slett hadde gløymt dette.[16]

4. parti, Anand–Topalov, 1–0[endre | endre wikiteksten]

Stillinga etter 25. ...Lxg2
Chess zhor 26.png
Chess zver 26.png
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Chess zver 26.png
Chess zhor 26.png
4. parti: Anand starta eit avgjerande mattangrep med 23.Sxh6!, ofra ein offiser til, og heldt her fram med 26.exf6.

Katalansk, Open variant, 5.Sf3, E04

1.d4 Sf6 2.c4 e6 3.Sf3 d5 4.g3 dxc4 5.Lg2 Lb4+ 6.Ld2 a5 7.Dc2 Lxd2+ 8.Dxd2!? c6 9.a4 b5 10.Sa3! Ld7 11.Se5 Sd5 12.e4! Sb4 13.O-O O-O 14.Tfd1 Le8 15.d5! Dd6 16.Sg4 Dc5 17.Se3 S8a6?! 18.dxc6 bxa4 19.Saxc4 Lxc6 20.Tac1 h6?! 21.Sd6 Da7? 22.Sg4! Tad8 23.Sxh6+!! gxh6 24.Dxh6 f6 25.e5! Lxg2 26.exf6 Txd6 27.Txd6 Le4 28.Txe6 Sd3 29.Tc2 Dh7 30.f7+! Dxf7 31.Txe4 Df5 32.Te7 1–0

10.Sa3! er eit sterkt nytt trekk i denne stillinga. Anand ynskjer å utvikle brikkene, utan å vinne tilbake bonden. For å beskytte og behalde bonden må svart plassere brikkene dårlege posisjonar.

15.d5! Anand er klar, og startar angrepet.

21. ... Da7? Ein avgjerande feil. Dronninga er trygg, men kongen er ikkje. 21...Dg5! var det siste høvet til å kunne yte motstand. Anand fann raskt det rette svaret, med 22.Sg4! som startar det avgjerande angrepet på den svarte kongen.[17]

5. parti, Topalov–Anand, ½–½[endre | endre wikiteksten]

Slavisk forsvar, D17

1.d4 d5 2.c4 c6 3.Sf3 Sf6 4.Sc3 dxc4 5.a4 Lf5 6.Se5 e6 7.f3 c5 8.e4 Lg6 9.Le3 cxd4 10.Dxd4 Dxd4 11.Lxd4 Sfd7 12.Sxd7 Sxd7 13.Lxc4 a6 14.Tc1 Tg8 15.h4 h5 16.Se2 Ld6 17.Le3 Se5 18.Sf4 Tc8 19.Lb3 Txc1+ 20.Lxc1 Ke7 21.Ke2 Tc8 22.Ld2 f6 23.Sxg6+ Sxg6 24.g3 Se5 25.f4 Sc6 26.Lc3 Lb4 27.Lxb4+ Sxb4 28.Td1 Sc6 29.Td2 g5 30.Kf2 g4 31.Tc2 Td8 32.Ke3 Td6 33.Tc5 Sb4 34.Tc7+ Kd8 35.Tc3 Ke7 36.e5 Td7 37.exf6+ Kxf6 38.Ke2 Sc6 39.Ke1 Sd4 40.Ld1 a5 41.Tc5 Sf5 42.Tc3 Sd4 43.Tc5 Sf5 44.Tc3 ½–½
Remis då stillinga oppstod for tredje gong.

Anand gjentok den slaviske varianten som han forsvarte seg med i det tredje partiet. Han avveik med 15...h5 for å unngå at kvitfeltsløparen vart sperra inne.[18] Då Anand tenkte på sitt 17. trekk forsvann straumen i spelelokalet i tretten minutt.[19] Arrangøren orsaka dette etterpå, grunnen var ein feil i straumsystemet i sentrum av Sofia.[18]

6. parti, Anand–Topalov, ½–½[endre | endre wikiteksten]

Katalansk, ope forsvar, E03

1.d4 Sf6 2.c4 e6 3.Sf3 d5 4.g3 dxc4 5.Lg2 a6 6.Se5 c5 7.Sa3 cxd4 8.Saxc4 Lc5 9.O-O O-O 10.Lg5 h6 11.Lxf6 Dxf6 12.Sd3 La7 13.Da4 Sc6 14.Tac1 e5 15.Lxc6 b5 16.Dc2 Dxc6 17.Scxe5 De4 18.Dc6 Lb7 19.Dxe4 Lxe4 20.Tc2 Tfe8 21.Tfc1 f6 22.Sd7 Lf5 23.S7c5 Lb6 24.Sb7 Ld7 25.Sf4 Tab8 26.Sd6 Te5 27.Sc8 La5 28.Sd3 Te8 29.Sa7 Lb6 30.Sc6 Tb7 31.Scb4 a5 32.Sd5 a4 33.Sxb6 Txb6 34.Sc5 Lf5 35.Td2 Tc6 36.b4 axb3 37.axb3 b4 38.Txd4 Txe2 39.Txb4 Lh3! 40.Tbc4 Td6 41.Te4 Tb2 42.Tee1 Tdd2 43.Se4 Td4 44.Sc5 Tdd2 45.Se4 Td3 46.Tb1 Tdxb3 47.Sd2 Tb4 48.f3 g5 49.Txb2 Txb2 50.Td1 Kf7 51.Kf2 h5 52.Ke3 Tc2 53.Ta1 Kg6 54.Ta6 Lf5 55.Td6 Tc3+ 56.Kf2 Tc2 57.Ke3 Tc3+ 58.Kf2 Tc2 ½–½
Remis då same stillinga oppstod tre gongar.

22.Sd7 Anand startar den lengste rekkja med springartrekk sett i nokon VM-kamp.

Med 39. ... Lh3! stoppar Topalov alle Anand sine vinstsjansar i partiet.[20]

7. parti, Anand–Topalov, ½–½[endre | endre wikiteksten]

Stillinga etter 15. ... Lh3
Chess zhor 26.png
Chess zver 26.png
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Chess zver 26.png
Chess zhor 26.png
7. parti: Topalov lét Anand spele 16. exd5, og fekk enormt press på dronningfløya i byte for den ofra springaren.

Anti-Nimzo-Indisk, E00

1.d4 Sf6 2.c4 e6 3.Sf3 d5 4.g3 Lb4+ 5.Ld2 Le7 6.Lg2 O-O 7.O-O c6 8.Lf4 dxc4 9.Se5 b5 10.Sxc6 Sxc6 11.Lxc6 Ld7 12.Lxa8 Dxa8 13.f3 Sd5 14.Ld2 e5 15.e4 Lh3 16.exd5 Lxf1 17.Dxf1 exd4 18.a4 Dxd5 19.axb5 Dxb5 20.Txa7 Te8 21.Kh1 Lf8 22.Tc7 d3 23.Lc3 Ld6 24.Ta7 h6 25.Sd2 Lb4! 26.Ta1! Lxc3 27.bxc3 Te2 28.Td1 Da4 29.Se4 Dc2 30.Tc1 Txh2+ 31.Kg1 Tg2+ 32.Dxg2 Dxc1+ 33.Df1 De3+ 34.Df2 Dc1+ 35.Df1 De3+ 36.Kg2 f5 37.Sf2 Kh7 38.Db1 De6 39.Db5 g5 40.g4 fxg4 41.fxg4 Kg6 42.Db7 d2 43.Db1+ Kg7 44.Kf1 De7 45.Kg2 De6 46.Dd1 De3 47.Df3 De6 48.Db7+ Kg6 49.Db1+ Kg7 50.Dd1 De3 51.Dc2 De2 52.Da4 Kg8 53.Dd7 Kf8 54.Dd5 Kg7 55.Kg3 De3+ 56.Df3 De5+ 57.Kg2 De6 58.Dd1 ½–½
Remis etter at same stillinga hadde oppstått tre gongar.

11. ... Ld7 er eit nytt trekk, i partiet Gelfand-Ivanchuk, Amber (blindt) 2010, spelte Ivanchuk 11...La6.

Etter 21. Kh1 fekk Anand endeleg Topalov ut av opningsførebuinga. Anand hadde her brukt over ein time på klokka, Topalov hadde brukt berre 3 minutt.

25. ... Lb4! 26.Ta1! Topalov spelte eit giftig trekk, og Anand fann det einaste svartrekket. Andre trekk som 26.Se4 ville tapt etter 26...Lxc3 27.bxc3 f5 28.Sd6 Dc5 29.Txg7+ Kxg7 30.Sxe8+ Kf7[21]

8. parti, Topalov–Anand, 1–0[endre | endre wikiteksten]

Stillinga etter 54.Kg5
Chess zhor 26.png
Chess zver 26.png
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Chess zver 26.png
Chess zhor 26.png
8. parti: Anand skulle ha dekt h7-bonden sin med kongen eller med løparen. Trekket 54. ...Lc6?? var ein tabbe som gjorde at han tapte partiet.

Slavisk forsvar: Tsjekkisk, Wiesbaden-varianten, D17

1.d4 d5 2.c4 c6 3.Sf3 Sf6 4.Sc3 dxc4 5.a4 Lf5 6.Se5 e6 7.f3 c5 8.e4 Lg6 9.Le3 cxd4 10.Dxd4 Dxd4 11.Lxd4 Sfd7 12.Sxd7 Sxd7 13.Lxc4 Tc8 14.Lb5 a6 15.Lxd7+ Kxd7 16.Ke2 f6 17.Thd1 Ke8 18.a5 Le7 19.Lb6 Tf8 20.Tac1 f5 21.e5 Lg5 22.Le3 f4 23.Se4 Txc1 24.Sd6+ Kd7 25.Lxc1 Kc6 26.Ld2 Le7 27.Tc1+ Kd7 28.Lc3 Lxd6 29.Td1 Lf5 30.h4 g6 31.Txd6+ Kc8 32.Ld2 Td8 33.Lxf4 Txd6 34.exd6 Kd7 35.Ke3 Lc2 36.Kd4 Ke8 37.Ke5 Kf7 38.Le3 La4 39.Kf4 Lb5 40.Lc5 Kf6 41.Ld4+ Kf7 42.Kg5 Lc6 43.Kh6 Kg8 44.h5 Le8 45.Kg5 Kf7 46.Kh6 Kg8 47.Lc5 gxh5 48.Kg5 Kg7 49.Ld4+ Kf7 50.Le5 h4 51.Kxh4 Kg6 52.Kg4 Lb5 53.Kf4 Kf7 54.Kg5 Lc6?? 55.Kh6 Kg8 56.g4 1–0

Svart sitt 54... Lc6?? var ein tabbe som gjorde at svart ikkje lenger kunne dekke bonden på h7 med løparen. Trekket 54... Ld3 ville ha gitt remis.[22]

Partiet vart avslutta tidleg, og kunne ha halde fram slik: 56.g4 Ld7 57.g5 le8 58.Lg7 Ld7 59.g6 hxg6 60.Kxg6 og svart er kan ikkje gjere noko som han hindre kvit i å trenge inn i stillinga, til dømes: 60...Le8+ 61.Kf6 Ld7 62.Ke7 Lc6 63.d7 Lxd7 64.Kxd7 Kxg7 65.Kxe6.1–0[23]

9. parti, Anand–Topalov, ½–½[endre | endre wikiteksten]

Stilling etter 64. ...Da1
Chess zhor 26.png
Chess zver 26.png
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Chess zver 26.png
Chess zhor 26.png
9. parti: Topalov sin konge står dårleg plassert, men Anand, som missa ein vinst meir enn 20 trekk tidlegare, slepte han av kroken med 65.Tg4?, som tillét at Topalov fekk til ein evig sjakk.

Nimzo-indisk, 4.e3, Gligoric-systemet, E54

1.d4 Sf6 2. c4 e6 3. Sc3 Lb4 4. e3 O-O 5. Ld3 c5 6. Sf3 d5 7. O-O cxd4 8. exd4 dxc4 9. Lxc4 b6 10. Lg5 Lb7 11. Te1 Sbd7 12. Tc1 Tc8 13. Ld3 Te8 14. De2 Lxc3 15. bxc3 Dc7 16. Lh4 Sh5 17. Sg5 g6 18. Sh3 e5 19. f3 Dd6 20. Lf2 exd4 21. Dxe8+ Txe8 22. Txe8+ Sf8 23. cxd4 Sf6 24. Tee1 Se6 25. Lc4 Ld5 26. Lg3 Db4 27. Le5 Sd7 28. a3 Da4 29. Lxd5 Sxe5 30. Lxe6 Dxd4+ 31. Kh1 fxe6 32. Sg5 Dd6 33. Se4 Dxa3 34. Tc3 Db2 35. h4 b5 36. Tc8+ Kg7 37. Tc7+ Kf8 38. Sg5 Ke8 39. Txh7 Dc3 40. Th8+? Kd7 41. Th7+ Kc6 42. Te4 b4 43. Sxe6 Kb6 44. Sf4 Da1+ 45. Kh2 a5 46. h5 gxh5? 47. Txh5 Sc6 48. Sd5+ Kb7 49. Th7+ Ka6 50. Te6 Kb5 51. Th5 Sd4 52. Sb6+ Ka6 53. Td6 Kb7 54. Sc4 Sxf3+ 55. gxf3 Da2+ 56. Sd2 Kc7 57. Thd5 b3 58. Td7+ Kc8 59. Td8+ Kc7 60. T8d7+ Kc8 61. Tg7 a4 62. Tc5+ Kb8 63. Td5 Kc8 64. Kg3? Da1 65. Tg4? b2 66. Tc4+ Kb7 67. Kf2 b1=Q 68. Sxb1 Dxb1 69. Tdd4 Da2+ 70. Kg3 a3 71. Tc3 Da1 72. Tb4+ Ka6 73. Ta4+ Kb5 74. Tcxa3 Dg1+ 75. Kf4 Dc1+ 76. Kf5 Dc5+ 77. Ke4 Dc2+ 78. Ke3 Dc1+ 79. Kf2 Dd2+ 80. Kg3 De1+ 81. Kf4 Dc1+ 82. Kg3 Dg1+ 83. Kf4 ½–½
Remis ved evig sjakk.

Anand flytta 40. Th8+?, i eit forsøk på trekkgjentaking siste trekket før tidskontrollen. Dette var likevel ein feil, då det lét den svarte kongen sleppe ut. Det var betre å spele 40. Te4 b4 41. Txa7 b3 42. Tb7 b2 43. Kh2 Dc1 44. Ta4 Sd7 45. Tab4.

Anand missa ein sjanse til å vinne då han spelte 64. Kg3?. Vinsttrekket var 64. Tdd7 a3 65. Kg3 Da1 (65...b2 66. Tc7+ Kd8 67. Ta7 Dd5 68. Ta8+ Dxa8 69. Tg8+ Kd7 70. Txa8) 66. Tc7+ Kb8 67. Tb7+ Ka8 68. Sxb3. [24]

10. parti, Topalov–Anand, ½–½[endre | endre wikiteksten]

Stillinga etter 25.La6!
Chess zhor 26.png
Chess zver 26.png
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Chess zver 26.png
Chess zhor 26.png
10. parti: Anand spelte 25. ...Sd4?! for å unngå unødige forviklingar, men trekket var dårleg, og gav initiativet til Topalov. Anand klarte seinare i partiet å ulikne, og partiet vart remis.

Grünfeld-indisk: Avbytevarianten. Klassisk variant, D86

1.d4 Sf6 2.c4 g6 3.Sc3 d5 4.cxd5 Sxd5 5.e4 Sxc3 6.bxc3 Lg7 7.Lc4 c5 8.Se2 Sc6 9.Le3 O-O 10.O-O b6 11.Dd2 Lb7 12.Tac1 Tc8 13.Tfd1 cxd4 14.cxd4 Dd6 15.d5 Sa5 16.Lb5 Txc1 17.Txc1 Tc8 18.h3 Txc1+ 19.Dxc1 e6 20.Sf4 exd5 21.Sxd5 f5 22.f3 fxe4 23.fxe4 De5 24.Ld3 Sc6 25.La6! Sd4?! 26.Dc4 Lxd5 27.Dxd5+ Dxd5 28.exd5 Le5 29.Kf2 Kf7 30.Lg5 Sf5 31.g4 Sd6 32.Kf3 Se8 33.Lc1 Sc7 34.Ld3 Ld6 35.Ke4 b5 36.Kd4 a6 37.Le2 Ke7 38.Lg5+ Kd7 39.Ld2 Lg3 40.g5 Lf2+ 41.Ke5 Lg3+ 42.Ke4 Se8 43.Lg4+ Ke7 44.Le6 Sd6+ 45.Kf3 Sc4! 46.Lc1 Ld6 47.Ke4 a5 48.Lg4 La3 49.Lxa3+ Sxa3 50.Ke5 Sc4+ 51.Kd4 Kd6 52.Le2 Sa3 53.h4 Sc2+ 54.Kc3 Sb4 55.Lxb5 Sxa2+ 56.Kb3 Sb4 57.Le2 Sxd5 58.h5 Sf4 59.hxg6 hxg6 60.Lc4 ½–½
Og spelarane avtalte remis.

For å unngå unødige forviklingar, så spelte Anand 25. ... Sd4?! men det beste trekket var 25. ... Lxa6 som sannsynleg kunne blitt følgt av 26.Dxc6 Da1+ 27.Kf2 Dxa2+ 28.Kg3 Da3! 29.Da8+ Df8 30.Dxa7 Le5+ 31.Kh4 Df1 32.g3 Lc8 33.g4 Lf6+ 34.Sxf6+ Dxf6+=, liten fordel til kvit.

Anand utlikna deretter med 45. ... Sc4! Det varkar sannsynleg at Topalov oversåg styrken i dette trekket.[25]

11. parti, Anand–Topalov, ½–½[endre | endre wikiteksten]

Engelsk opning: Konge-engelsk variant, firspringar, fianchetto A29

1. c4 e5 2. Sc3 Sf6 3. Sf3 Sc6 4. g3 d5 5. cxd5 Sxd5 6. Lg2 Sb6 7. 0-0 Le7 8. a3 0-0 9. b4 Le6 10. d3 f6 11. Se4!? De8!? 12. Sc5 Lxc5 13. bxc5 Sd5 14. Lb2 Td8 15. Dc2 Sde7! 16. Tab1 La2! 17. Tbc1 Df7 18. Lc3 Td7 19. Db2 Tb8 20. Tfd1 Le6 21. Td2 h6?! 22. Db1 Sd5 23. Tb2! b6 24. cxb6 cxb6 25. Ld2 Td6 26. Tbc2 Dd7 27. h4 Td8 28. Db5 Sde7 29. Db2 Ld5 30. Lb4 Sxb4 31. axb4 Tc6! 32. b5 Txc2 33. Txc2 Le6 34. d4!? e4 35. Sd2 Dxd4 36. Sxe4 Dxb2 37. Txb2 Kf7 38. e3 g5 39. hxg5 hxg5 40. f4 gxf4 41. exf4 Td4 42. Kf2 Sf5 43. Lf3 Ld5 44. Sd2 Lxf3 45. Sxf3 Ta4 46. g4?! Sd6?! 47. Kg3 Se4+ 48. Kh4! Sd6 49. Td2? Sxb5 50. f5 Te4 51. Kh5! Te3 52. Sh4 Sc3 53. Td7+! Te7 54. Td3! Se4 55. Sg6 Sc5! 56. Ta3!? Td7 57. Te3 Kg7 58. g5 b5 59. Sf4 b4 60. g6 b3! 61. Tc3 Td4! 62. Txc5 Txf4 63. Tc7+ Kg8 64. Tb7 Tf3 65. Tb8+ Kg7 ½–½
Ein remis ved evig sjakk.

Med 15. ... Sde7! omgrupperer svart brikkene. Feltet d5 er no ledig for svart sin løpar, og det kvite løparparet er ikkje viktig enno. 46. g4?! Nd6?! Kvit svekkar kongefløya si eit forsøk på å skape aktivitet, og Topalov overser det beste svaret, 46. ... Ne7! vinn ein bonde.

På slutten av partiet gjer Anand eit siste forsøk på å vinne, med 60. ... b3! 61. Tc3 Td4! og Topalov bør ikkje forsøke å få b-bonden til å gå inn til dronning. Men Topalov går ikkje i fella.

Stillinga etter 11. trekk har blitt spela berre ein gong før.[26]

Før partiet bad Topalov om eit minutt stille, til minne om verdas eldste stormeister i sjakk, Andor Lilienthal, som døydde dagen før.

12. parti, Topalov–Anand, 0–1[endre | endre wikiteksten]

Stillinga etter 56. ...Dg7
Chess zhor 26.png
Chess zver 26.png
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Chess zver 26.png
Chess zhor 26.png
12. parti: Topalov gav opp i denne stillinga, og dermed vann Anand tvikampen, og heldt fram som verdsmeister i sjakk.

Dronninggambit: Lasker-forsvaret, D56

1.d4 d5 2.c4 e6 3.Sf3 Sf6 4.Sc3 Le7 5.Lg5 h6 6.Lh4 O-O 7.e3 Se4 8.Lxe7 Dxe7 9.Tc1 c6 10.Le2 Sxc3 11.Txc3 dxc4 12.Lxc4 Sd7 13.O-O b6 14.Ld3 c5 15.Le4 Tb8 16.Dc2 Sf6!? 17.dxc5 Sxe4 18.Dxe4 bxc5 19.Dc2 Lb7 20.Sd2 Tfd8 21.f3 La6 22.Tf2 Td7 23.g3 Tbd8 24.Kg2 Ld3 25.Dc1 La6 26.Ta3 Lb7 27.Sb3 Tc7 28.Sa5 La8 29.Sc4 e5 30.e4 f5! 31.exf5? e4! 32.fxe4?? Dxe4+ 33.Kh3 Td4 34.Se3 De8! 35.g4 h5 36.Kh4 g5+ 37.fxg6 Dxg6 38.Df1 Txg4+ 39.Kh3 Te7 40.Tf8+ Kg7 41.Sf5+ Kh7 42.Tg3 Txg3+ 43.hxg3 Dg4+ 44.Kh2 Te2+ 45.Kg1 Tg2+ 46.Dxg2 Lxg2 47.Kxg2 De2+ 48.Kh3 c4 49.a4 a5 50.Tf6 Kg8 51.Sh6+ Kg7 52.Tb6 De4 53.Kh2 Kh7 54.Td6 De5 55.Sf7 Dxb2+ 56.Kh3 Dg7 0–1

Dette var den einaste vinsten med svart i denne tvikampen. Anand valde det ortodokse Lasker-forsvaret i dronnninggambit, noko som kan tolkast som at han var viljug til å akseptere ein remis. Dette ville medført ein førebels uavgjort tvikamp med 6-6, Deretter ville tvikampen ha halde fram som hurtigsjakk, der Anand har blitt rekna for å vere spesielt sterk.

Topalov valde å spele på å komplisere stillinga, men Anand sitt 16...Nf6!? gav Anand aktive brikker i byte mot den svake bonden på c5.

Etter at Topalov svarte på 30...f5! med 31. exf5? e4! 32. fxe4?? så greip Anand avgjerande initiativet.[27][28]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. FIDE-rating topp 100 pr 1. mai 2010, vitja 23. juli 2010
  2. FIDE-rating topp 100 pr 1. mai 2010, vitja 23. juli 2010
  3. World Championship match Anand – Topalov: contract signed in Sofia, FIDE, 16 December 09
  4. 4,0 4,1 Regulations
  5. http://www.chessbase.com/newsdetail.asp?newsid=6269
  6. http://www.chess.com/news/anand-v-topalov-1-day-postponement-8078
  7. Veselin Topalov and the new FIDE world championship cycle, Chessbase, June 24, 2007
  8. http://www.chessgames.com/perl/ezsearch.pl?search=anand-topalov
  9. «REGULATIONS OF 2010 WORLD CHAMPIONSHIP MATCH». http://www.anand-topalov.com/en/regulations.html. Henta 2010-04-24. 
  10. Matthew Day (23 April 2010). «Chess players get silent treatment in £1.7m tournament». The Daily Telegraph. 
  11. http://www.chessvibes.com/reports/wch-g12-anand-beats-topalov-retains-world-title/
  12. Anand–Topalov – FIDE World Chess Championship 2010 (Section "Schedule")
  13. Topalov World Championship Game 1 hos The Week in Chess Mark Crowther 24. april 2010, vitja 23. juli 2010
  14. Anand-Topalov World Championship Game 2 The Week in Chess Mark Crowther 25. april 2010, vitja 23. juli 2010
  15. World Chess Championship – Game Three 27. april 2010 ChessBase.com, vitja 23. juli 2010
  16. «No handshake in Anand – Topalov game 3 (updated)». Chessdom. http://reports.chessdom.com/news-2010/anand-topalov-no-handshake. Henta 28 April 2010. 
  17. World Chess Championship – Game four 28. april 2010 ChessBase.com, vitja 23. juli 2010
  18. 18,0 18,1 «Sofia R5: Another Slav, another draw». ChessBase. 30 April 2010. 
  19. Crowther, Mark (1 May 2010). «Anand – Topalov World Championship Game 5». The Week in Chess. 
  20. Draw, Anand Leads 3.5-2.5 at Halftime 1. mai 2010 ChessBase, vitja 23. juni 2010
  21. A Nerve-Shattering, Blood-Curdling Draw 3. mai 2010 ChessBase, vitja 23. juli 2010
  22. Crowther, Mark (4 May 2010). «Anand – Topalov World Championship Game 8». The Week in Chess. 
  23. «Anand – Topalov World Championship Game 8». ChessBase. 4 May 2010. 
  24. Anand Misses Multiple Wins, Draw in 83 6. mai 2010 ChessBase, vitja 23. juli 2010
  25. Topalov Presses, Anand Holds 7. mai 2010 ChessBase.com, vitja 23. juli 2010
  26. Giri on Game 11 9. mai 2010 ChessBase.com, vitja 23. juli 2010
  27. Final Game, Set, Match: Anand! 11. mai 2010 Mig Greengard, vitja 23. juli 2010
  28. Giri on game twelve 11. mai 2010 ChessBase, vitja 23. juli 2010