Departementet Gard
- For elva med same namn, sjå Gardon.
| Gard | |
|---|---|
| Våpenskjoldet til Gard | |
| Plassering | |
![]() | |
| Administrasjon | |
| Departmentnummer: | 30 |
| Region: | Occitanie |
| Préfecture: | Nîmes |
| Sous-préfectures: | Alès Le Vigan |
| Arrondissement: | 3 |
| Kantonar: | 46 |
| Kommunar: | 353 |
| Président du conseil général: | Didier Lauga {{{parti}}} |
| Statistikk | |
| Folketal | Rangering 34. |
| -1999 | 623 125 |
| Folketettleik: | 106/km² |
| Landareal¹: | 5 853 km² |
| ¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Gard er eit departement sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Occitanie, og er kalla opp etter elva med same namn. I 2019 hadde det eit folketal på 748 437.[1] Hovudstaden ligg i Nîmes.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Gard er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Languedoc.
Gard-området vart busett av romarane i antikken. Romarvegen Via Domitia mellom Italia og Spania vart bygd gjennom departementet i 118 fvt.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Departementet er i dag ein del av regionen Languedoc-Roussillon og grensar til departementa Hérault, Lozère, Aveyron, Bouches-du-Rhône, Vaucluse og Ardèche.
Det høgaste punktet i departementet er Mont Aigoual.
Dei siste åra har departementet vorte råka av alvorlege flaumar.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Gardois.
Turisme
[endre | endre wikiteksten]Gard inneheld delar av nasjonalparken Parc National des Cévennes.
Det finst fleire restar av romersk arkitektur i Nîmes, i tillegg til den romerske akvedukten Pont du Gard.
