Ardèche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For elva med same namn, sjå elva Ardèche
Ardèche
Våpenskjoldet til Ardèche
Plassering
Plasseringa til Ardèche i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 07
Region: Rhône-Alpes
Préfecture: Privas
Sous-préfectures: Largentière
Tournon-sur-Rhône
Arrondissement: 3
Kantonar: 33
Kommunar: 339
Président du conseil général: Pascal Terrasse
Statistikk
Folketal Rangering 76.
 -1999 286 023
Folketettleik: 52/km²
Landareal¹: 5 529 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Ardèche (oksitansk Ardecha) er eit departementet sør i sentrale området av Frankrike. Departementet ligg i regionen Rhône-Alpes, og er kalla opp etter elva med same namn.

History[endre | endre wikiteksten]

Ardèche er ein av 83 opphavlege departement som vart oppretta den 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Gjennom 1800-talet gjennomgjekk departemenet ein moderat økonomisk vekst. Folketalet auka frå 273 000 i 1793 til 388 000 i 1861. Silkeormindustrien blømde fram til 1855 då sjukdom påverka ormane og konkurransen med Kina førte til økonomiske tap. Ved Privas dreiv ein gruvedrift etter jernmalm, men dette vart raskt utvunne. Som følgje av dette vart seks masomnanlegg oppretta, men dei gjekk forholdsvis dårleg, og det siste vart lagt ned ved Pouzain i 1929.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Departementet, som består av den gamle provinsen Vivarais, er omringa av dei franske departementa Drôme, Vaucluse, Gard, Lozère, Haute-Loire og Isère. Departementet er prega av store konstrastar. Dei lågaste områda der Ardèche munnar ut i Rhône ligg berre 40 meter over havet, medan Mont Mézenc strekkjer seg 1 754 meter over havet.

Det er fem naturlege område i Ardèche.

  • Fjella ligg i dei vestlege områda av departementa med ei middelhøgd på 1 100 meter. Elva Loire har sitt utspring i desse fjella. Fjella er dekte av snø i mange månadar om vinteren, og er ofte utsett for svært kraftig vind om hausten og vinteren (lokalt kalla «la burle»). I dalane er det regelmessig tåke og ofte kraftig regn (1 500 mm i årsnedbør), særleg i september og oktober.
  • Platået Haut-Vivarais og Cevennane er ein overgangssone frå fjella til Rhônedalen.
  • Bas-Vivarais, der elva Ardèche renn gjennom. Dette karstområdet er forma av kalkstein. Klimaet er tørrare og varmere enn lenger vest og nesten som middelhavsklima. Vinden kjem oftast frå nordaust, men vind frå sør (kjend som «vent du midi») og vest har mykje fukt med seg, som kan gje kraftig nedbør i fleire dagar i strekk.
  • Platået Coirons som ligg i nord omringa av dalane Ouvèze, Payre, Escoutay, Col de Escrinet og Vesseaux.
  • Rhônedalen ligg i aust langd foten av Vivaraisplatået. Her dominerer den kraftige mistralvinden.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i departementet vert kalla Ardéchois. I 1990 fekk Ardèche igjen same innbyggjartal som dei hadde hatt 50 år tidlegare. I dag er folketalet 286 000 (samanlikna med 390 000 i 1860). Trass i denne auken er det mange som flyttar frå distrikta, og folketalet i departementet endrar seg i dag lite.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ardèche


Flagget til Frankrike Departement i Frankrike Flagget til Frankrike

Fastlands-Frankrike:
01 Ain
02 Aisne
03 Allier
04 Alpes-de-Haute-Provence
05 Hautes-Alpes
06 Alpes-Maritimes
07 Ardèche
08 Ardennes
09 Ariège
10 Aube
11 Aude
12 Aveyron
13 Bouches-du-Rhône
14 Calvados
15 Cantal
16 Charente
17 Charente-Maritime
18 Cher
19 Corrèze
2A Corse-du-Sud
2B Haute-Corse

21 Côte-d'Or
22 Côtes-d'Armor
23 Creuse
24 Dordogne
25 Doubs
26 Drôme
27 Eure
28 Eure-et-Loir
29 Finistère
30 Gard
31 Haute-Garonne
32 Gers
33 Gironde
34 Hérault
35 Ille-et-Vilaine
36 Indre
37 Indre-et-Loire
38 Isère
39 Jura
40 Landes
41 Loir-et-Cher
42 Loire

43 Haute-Loire
44 Loire-Atlantique
45 Loiret
46 Lot
47 Lot-et-Garonne
48 Lozère
49 Maine-et-Loire
50 Manche
51 Marne
52 Haute-Marne
53 Mayenne
54 Meurthe-et-Moselle
55 Meuse
56 Morbihan
57 Moselle
58 Nièvre
59 Nord
60 Oise
61 Orne
62 Pas-de-Calais
63 Puy-de-Dôme
64 Pyrénées-Atlantiques

65 Hautes-Pyrénées
66 Pyrénées-Orientales
67 Bas-Rhin
68 Haut-Rhin
69 Rhône
70 Haute-Saône
71 Saône-et-Loire
72 Sarthe
73 Savoie
74 Haute-Savoie
75 Paris
76 Seine-Maritime
77 Seine-et-Marne
78 Yvelines
79 Deux-Sèvres
80 Somme
81 Tarn
82 Tarn-et-Garonne
83 Var
84 Vaucluse
85 Vendée
86 Vienne

87 Haute-Vienne
88 Vosges
89 Yonne
90 Territoire de Belfort
91 Essonne
92 Hauts-de-Seine
93 Seine-Saint-Denis
94 Val-de-Marne
95 Val-d'Oise

Oversjøiske departement:
971 Guadeloupe
972 Martinique
973 Guyane
974 Réunion
976 Mayotte

Collectivités d'outre mer:
975 Saint-Pierre-et-Miquelon (collectivité territoriale)
977 Saint-Barthélemy (collectivité territoriale)
978 Saint-Martin (collectivité territoriale)
986 Wallis-et-Futuna
987 Fransk Polynesia (pays d'outre-mer)
988 Nouvelle-Calédonie (collectivité sui generis)