Vaucluse
| Vaucluse | |
|---|---|
| Våpenskjoldet til Vaucluse | |
| Plassering | |
| Administrasjon | |
| Departmentnummer: | 84 |
| Region: | Provence-Alpes-Côte d'Azur |
| Préfecture: | Avignon |
| Sous-préfectures: | Apt Carpentras |
| Arrondissement: | 3 |
| Kantonar: | 17 |
| Kommunar: | 151 |
| Président du conseil général: | Dominique Santoni |
| Statistikk | |
| Folketal | Rangering 50. |
| -1999 | 499 685 |
| Folketettleik: | 140/km² |
| Landareal¹: | 3 567 km² |
| ¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Vaucluse (oksitansk Vauclusa eller Vau-Cluso) er eit departement søraust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur
Historie
[endre | endre wikiteksten]Den 14. september 1791 vart dei tidlegare pavelege områda Avignon og Venaissin innlemma i Frankrike. Frå og med den 28. mars 1792 danna desse områda to nye distrikt, Avignon i Bouches-du-Rhône og Carpentras i Drôme. Den 12. august 1793 vart så departementet Vaucluse oppretta, som i tillegg til Avignon og Carpentras omfatta Apt og Orange (som tidlegare hadde tilhøyrt Bouches-du-Rhône) og kommunen Sault (som tidlegare hadde tilhøyrt Basses-Alpes; seinare kalla Alpes-de-Haute-Provence). Ei grensejustering i 1800 plasserte kommunen Suze-la-Rousse i Drôme, slik at Vaucluse-kommunen Valréas vart liggande som ei øy nabo-departemenetet Drôme.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Departementet er i dag ein del av regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur og grensar til departementa Gard, Ardèche, Drôme, Alpes-de-Haute-Provence og Bouches-du-Rhône. Vaucluse har ein relativ stor eksklave i departementet Drôme, kantonen Valréas (Enclave des Papes).
Vaucluse grensar til elvene Rhône i vest og Durance i sør. Fjell utgjer den austlege halvdelen av departementet der Mont Ventoux (1 912 m), òg kalla «Giganten i Provence», dominerer landskapet. Andre viktige fjellrekkjer er Dentelles de Montmirail, Monts de Vaucluse og Luberon. Det vert dyrka store mengder frukt og grønsaker i dei lågareliggande områda av departementet, på ei av dei mest frodige slettene i Sør-Frankrike.
Viktige byar i departementet er Avignon, Orange, Carpentras, Cavaillon og Apt.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]- Urban folkesetnad: 416 301 (83 %)
- Landleg folkesetnad: 83 384 (17 %)