Aisne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For elva med same namn, sjå elva Aisne.
Aisne
Våpenskjoldet til Aisne
Plassering
Plasseringa til Aisne i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 02
Region: Hauts-de-France
Préfecture: Laon
Sous-préfectures: Château-Thierry
Saint-Quentin
Soissons
Vervins
Arrondissement: 5
Kantonar: 42
Kommunar: 816
Président du conseil général: Yves Daudigny
Statistikk
Folketal Rangering 46.
 -1999 535 489
Folketettleik: 73/km²
Landareal¹: 7 369 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Aisne er eit departement i den nordlege delen av Frankrike, oppkalla etter elva med same namn som renn gjennom området.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Aisne er ein av dei opphavlege 83 departementa som vart oppretta under den franske revolusjonen 4. mars 1790. Han vart danna av dei tidlegare provinsane Île-de-France, Picardie og Champagne.

Det meste av dei gamle skogane i området vart øydelagd under kampar i den første verdskrigen. Den tyske offensiven mot Chemin des Dames våren 1917 vert stundom kalla Det andre slaget om Aisne.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Aisne grensar mot Ardennane og Belgia i nordaust. Elva Aisne renn gjennom området frå aust til vest, der ho møter Oise. Landskapet er dominert av klipper med bratte sider. Desse klippene finn ein i heile regionen, men er mest imponerande ved Laon og Chemin des Dames.

Dei største byane i Aisne er:

Klima[endre | endre wikiteksten]

Departementet får mellom 500 og 750 mm nedbør i året.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk dominerer økonomien, særleg kornavlingar. Roesukker er ein av dei viktgaste industriane i området. Veving av silke, bomull og ull har ein i Saint-Quentin og andre byar. Saint-Gobain er kjend for produksjon av speglar, som starta på 1600-talet. Guise er jordbrukssenteret i den nordlege delen av Aisne.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Under den første verdskrigen vart fleire viktige og historiske byningar øydelagd. Av bygningar som overlevde finn ein mellomalderkyrkjene i Laon, Braine og Urcel. Ruinane av slottet i La Ferté-Milon vart heller ikkje meir øydelagd av krigane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Aisne