Pyrénées-Orientales

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pyrénées-Orientales
Våpenskjoldet til Pyrénées-Orientales
Plassering
Plasseringa til Pyrénées-Orientales i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 66
Region: Languedoc-Roussillon
Préfecture: Perpignan
Sous-préfectures: Céret
Prades
Arrondissement: 3
Kantonar: 31
Kommunar: 226
Président du conseil général: Hermeline Malherbe
Statistikk
Folketal Rangering 57.
 -1999 392 803
Folketettleik: 95/km²
Landareal¹: 4 116 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Pyrénées-Orientales er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Languedoc-Roussillon ved grensa til Spania ved Middelhavet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Pyrénées-Orientales er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna av den tidlegare provinsen Roussillon og ein liten del av Langeudoc.

Før Traktaten i Pyreneane i 1659 vart det meste av departementet ein del av fyrstedømet Catalonia innanfor Krona av Aragon, så dei fleste innbyggjarane her har snakka katalansk gjennom historia. Stundom vert området framleis referert til som Nord-Catalonia.

Departementet vart invadert av Spania i april 1793, men området vart erobra tilbake tretten månader seinare.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Departementet er i dag ein del av regionen Languedoc-Roussillon og grensar til departementa Aude og Ariège, i tillegg til Spania og Andorra i sør og vest.

Pyrénées-Orientales har eit areal på 4 115 km² og eit folketal på om lag 400 000, der om lag ein fjerdedel bur i hovudstaden Perpignan. Andre byar er Argelès-sur-Mer, Thuir, Elne (Illiberis i antikken) og Prades, som alle har 6-10 000 innbyggjarar.

Pyrénées-Orientales består av tre elvedalar i Pyreneane og den austlege sletta i Roussillon der dalane møtes. Frå nord til sør er desse Agly, Têt og Tech. Størsteparten av folkesetnaden og jordbruksproduksjonen er konsentrert på sletta, som berre dekkjer ein tredjedel av arealet i departementet.

Den øvre Techdalen er den vestlegaste, og har berre ein tiandedel av folkesetnaden i departementet. I søraust ligg Têtdalen og Côte Vermeille med om lag 100 000 innbyggjarar. Agly ligg i nordaust og har meir tilfelles med nabodepartementet Aude.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Pyrénées-Orientales er eit vinområde og ein populær turiststad.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Heile folkesetnaden snakkar fransk, men mindre grupper talar òg katalansk og oksitansk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pyrénées-Orientales