I'm a Loser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I'm a Loser
Song av The Beatles
frå albumet Beatles for Sale
Utgjeve 4. desember 1964
Innspelt 14. august 1964
Sjanger Folkrock,[1][2] country[3]
Lengd 2:30
Selskap EMI, Parlophone, Capitol
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

«I'm a Loser» er ein song av The Beatles, opphavleg gjeven ut på Beatles for Sale i Storbritannia, og seinare på Beatles '65 i USA. Han vart skriven av John Lennon[4][5] (men tilskriven Lennon–McCartney), og vart rekna som ei A-side fram til Lennon skreiv «I Feel Fine».[6]

I følgje musikkskribenten Richie Unterberger fortel teksten ei soge om ei romantisk avvising, men er òg ein av dei første Beatles-songane som «ser utover kjærleiken», som «det hyklerske ved å ta på seg eit lukkeleg andlet når verda rundt det fell saman».[2]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

I 1980 sa Lennon at songen var «meg i Dylan-tida mi».[4] Country og Bob Dylan danna grunnlaget for songen.[3] Unterberger sa songen var «kjend for å vere kanskje den første Beatles-songen som var direkte inspirert av Dylan, og dermed nærma visesong og rock seg før folkrocken eksploderte året etter.»[2] Musikkforskaren Alan Pollack sa at songen hadde «ei kraftigare blanding av viseelement enn noko Beatles hadde laga til då».[7]

Innspeling og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

The Beatles spelte inn songen den 14. august 1964, same dag som «Mr. Moonlight» og «Leave My Kitten Alone». Songen vart spelt inn på åtte forsøk.[8]

Songen kom ut fire månader seinare, men før det vart han send på BBC Radio den 17. november, i lag med tre andre songar frå Beatles for Sale og «I Feel Fine»/«She's a Woman»-singelen.[8]

Han vart òg framført før han kom ut 4. desember 1964.[9]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell ifølgje Ian MacDonald[10]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Marianne Faithfull spelte inn songen i 1965 på debutalbumet.[11] Vince Guaraldi spelte inn songen på Live at El Matador i 1966 med Bola Sete.[12] Dennis Tufano og Carl Giammarese spelte denne songen på albumet Tufano & Giammarese tidleg i 1970-åra.[13] I 2004 spelte The Punkles ein versjon av songen på albumet Pistol.[14] Sum 41 og Eels har framført songen på konsertane sine, og sistnemnde gav han ut på Sixteen Tons (Ten Songs).[15] Doug Kershaw spelte inn songen i 1977 på albumet hans Flip, Flop, and Fly.[16] The Buckinghams spelte inn songen i 1997 på albumet deira Places in Five.[17]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. song / im-a-loser-mt0010100320 «I'm a Loser»Allmusic
  2. 2,0 2,1 2,2 Unterberger 2009.
  3. 3,0 3,1 «71 - 'I'm a Loser'». 100 Greatest Beatles Songs. Rolling Stone. Henta 17. juni 2012. 
  4. 4,0 4,1 Sheff 2000, s. 195.
  5. Miles 1997, s. 176.
  6. Taylor 1964.
  7. Pollack 1992.
  8. 8,0 8,1 The Beatles Bible 2009.
  9. «Television: Shindig!». Henta 30. mars 2018. 
  10. MacDonald 2005, s. 124.
  11. «Marianne Faithful - Marianne Faithful». AllMusic. Henta 25. desember 2018. 
  12. «Vince Guaraldi and Bola Sete: Live at El Matador - Vince Guaraldi». AllMusic. Henta 25. desember 2018. 
  13. «Tufano - Giammarese – Tufano-Giammarese». Discogs. Henta 25. desember 2018. 
  14. «Pistol - The Punkles». AllMusic. Henta 25. desember 2018. 
  15. «Eels - Sixteen Tons (Ten Songs) 2003 KCRW Session». Discogs. Henta 25. desember 2018. 
  16. «Flip, Flop & Fly - Doug Kershaw». AllMusic. Henta 25. desember 2018. 
  17. «Places in Five - The Buckinhghams». AllMusic. Henta 25. desember 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: I'm a Loser