I'm a Loser
I'm a Loser Song av The Beatles frå albumet Beatles for Sale | ||
Utgjeve | 4. desember 1964 | |
Innspelt | 14. august 1964 | |
Sjanger | Folkrock,[1][2] country[3] | |
Lengd | 2:30 | |
Selskap | EMI, Parlophone, Capitol | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
---|---|---|
Produsent | George Martin |
«I'm a Loser» er ein song av The Beatles, opphavleg gjeven ut på Beatles for Sale i Storbritannia, og seinare på Beatles '65 i USA. Han vart skriven av John Lennon[4][5] (men tilskriven Lennon–McCartney), og vart rekna som ei A-side fram til Lennon skreiv «I Feel Fine».[6]
I følgje musikkskribenten Richie Unterberger fortel teksten ei soge om ei romantisk avvising, men er òg ein av dei første Beatles-songane som «ser utover kjærleiken», som «det hyklerske ved å ta på seg eit lukkeleg andlet når verda rundt det fell saman».[2]
Komposisjon
[endre | endre wikiteksten]I 1980 sa Lennon at songen var «meg i Dylan-tida mi».[4] Country og Bob Dylan danna grunnlaget for songen.[3] Unterberger sa songen var «kjend for å vere kanskje den første Beatles-songen som var direkte inspirert av Dylan, og dermed nærma visesong og rock seg før folkrocken eksploderte året etter.»[2] Musikkforskaren Alan Pollack sa at songen hadde «ei kraftigare blanding av viseelement enn noko Beatles hadde laga til då».[7]
Innspeling og utgjeving
[endre | endre wikiteksten]The Beatles spelte inn songen den 14. august 1964, same dag som «Mr. Moonlight» og «Leave My Kitten Alone». Songen vart spelt inn på åtte forsøk.[8]
Songen kom ut fire månader seinare, men før det vart han send på BBC Radio den 17. november, i lag med tre andre songar frå Beatles for Sale og «I Feel Fine»/«She's a Woman»-singelen.[8]
Han vart òg framført før han kom ut 4. desember 1964.[9]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- John Lennon – solovokal, munnspel, akustisk rytmegitar
- Paul McCartney – harmonivokal, bassgitar
- George Harrison – sologitar
- Ringo Starr – trommer, tamburin
- Personell ifølgje Ian MacDonald[10]
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Marianne Faithfull spelte inn songen i 1965 på debutalbumet.[11] Vince Guaraldi spelte inn songen på Live at El Matador i 1966 med Bola Sete.[12] Dennis Tufano og Carl Giammarese spelte denne songen på albumet Tufano & Giammarese tidleg i 1970-åra.[13] I 2004 spelte The Punkles ein versjon av songen på albumet Pistol.[14] Sum 41 og Eels har framført songen på konsertane sine, og sistnemnde gav han ut på Sixteen Tons (Ten Songs).[15] Doug Kershaw spelte inn songen i 1977 på albumet hans Flip, Flop, and Fly.[16] The Buckinghams spelte inn songen i 1997 på albumet deira Places in Five.[17]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «I'm a Loser» frå Wikipedia på engelsk, den 25. desember 2018.
- ↑ song / im-a-loser-mt0010100320 «I'm a Loser» på Allmusic
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Unterberger 2009.
- ↑ 3,0 3,1 «71 - 'I'm a Loser'». 100 Greatest Beatles Songs. Rolling Stone. Arkivert frå originalen 30. mai 2012. Henta 17. juni 2012.
- ↑ 4,0 4,1 Sheff 2000, s. 195.
- ↑ Miles 1997, s. 176.
- ↑ Taylor 1964.
- ↑ Pollack 1992.
- ↑ 8,0 8,1 The Beatles Bible 2009.
- ↑ «Television: Shindig!». Henta 30. mars 2018.
- ↑ MacDonald 2005, s. 124.
- ↑ «Marianne Faithful - Marianne Faithful». AllMusic. Henta 25. desember 2018.
- ↑ «Vince Guaraldi and Bola Sete: Live at El Matador - Vince Guaraldi». AllMusic. Henta 25. desember 2018.
- ↑ «Tufano - Giammarese – Tufano-Giammarese». Discogs. Henta 25. desember 2018.
- ↑ «Pistol - The Punkles». AllMusic. Henta 25. desember 2018.
- ↑ «Eels - Sixteen Tons (Ten Songs) 2003 KCRW Session». Discogs. Henta 25. desember 2018.
- ↑ «Flip, Flop & Fly - Doug Kershaw». AllMusic. Henta 25. desember 2018.
- ↑ «Places in Five - The Buckinhghams». AllMusic. Henta 25. desember 2018.
- Womack, Kenneth; Davies, Todd (2006). Reading the Beatles: Cultural Studies, Literary Criticism, And the Fab Four. SUNY Press. ISBN 0-7914-6716-3.
- «I'm a Loser». The Beatles Bible. 2009. Henta 25. desember 2018.
- MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). ISBN 1-84413-828-3.
- Miles, Barry (1997). Paul McCartney: Many Years From Now. New York: Henry Holt and Company. ISBN 0-8050-5249-6.
- Pollack, Alan W. (28. mai 1992). «I'm a Loser». Notes On ... Series.
- Sheff, David (2000). All We Are Saying: The Last Major Interview with John Lennon and Yoko Ono. New York: St. Martin's Press. ISBN 0-312-25464-4.
- Taylor, Derek (1964). Beatles for Sale. The Beatles. Parlophone. Arkivert frå originalen 4. september 2012. Henta 25. desember 2018.
- Unterberger, Richie (2009). «Review of «I'm a Loser»». Allmusic. Arkivert frå originalen 11. oktober 2013. Henta 25. desember 2018.