Trygve Slagsvold Vedum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trygve Slagsvold Vedum
Trygve S Vedum kandidater Sp, stortingsvalget 2013.jpg
Fødd1. desember 1978 (42 år)
Hamar i Hedmark
Statsborgar avNoreg
NasjonalitetFlag of Norway.svg Noreg
PartiSenterpartiet
YrkeBonde, politikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
FarTrond Vidar Vedum
VervLeiar i Senterpartiet 7. april 2014– i dag
FøregangarLiv Signe Navarsete
VervNorsk landbruks- og matminister 18. juni 2012– 16. oktober 2013
FøregangarLars Peder Brekk
EtterfylgjarSylvi Listhaug
VervParlamentarisk leiar i Senterpartiet 1. oktober 2009– 18. juni 2012
FøregangarRune J. Skjælaaen
EtterfylgjarLars Peder Brekk
VervStortingsrepresentant 1. oktober 2005– i dag
VervLeiar i Senterungdommen 2002– 2004
FøregangarAnne Beathe Kristiansen
EtterfylgjarErlend Fuglum

Trygve Magnus Slagsvold Vedum (fødd 1. desember 1978 i Hamar) er ein norsk gardbrukar og politikar frå Senterpartiet. Han har vore leiar for partiet sidan våren 2014 og vald inn på Stortinget frå Hedmark sidan hausten 2005.

Vedum var leiar for Senterungdomen 2002 til 2004, og har sete i fylkestinget i Hedmark 1999-2005. Den nye stortingsgruppa til Senterpartiet valde 16. september 2009 Vedum til parlamentarisk leiar. 18. juni 2012 vart han utnemnd til landbruks- og matministeren i regjeringa Stoltenberg II.

Vedum er utdanna agronom; samt bachelor med sosiologi og statsvitskap frå Universitetet i Oslo. Vedum driv eigen gard på Ilseng i Stange. Han arbeidde i Senterpartiet som organisasjonsrådgivar 2004-05.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]