Kaprije
Kaprije | |
---|---|
![]() Satellittbilete av Kaprije | |
Geografi | |
Stad | Adriahavet |
Koordinatar | |
Øygruppe | Šibenik-øyane
|
Areal | 6,97 km²
|
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke Kommune |
Šibenik-Knin Šibenik |
Største busetnad | Kaprije
|
Demografi | |
Folketal | 186 (2021[1])
|
Kaprije er ei øy i Adriahavet utanfor kysten av Kroatia, og ein del av Šibenik-øyane. Ho har eit areal på 6,97 km² og eit folketal på 186 (2021). Den einaste busetnaden på øya er òg kalla Kaprije. Administrativt høyrer øya inn under kommunen Šibenik i fylket Šibenik-Knin.[2][3]
Øya er ålsendt med dalar som går på tvers av øya. Her veks det gras og enkelte furuskogar[4] Druer og oliven vert dyrka her.[5] Hovudnæringane på øya er jordbruk, fiske og turisme.[5] Det er ikkje tillate med bilar på øya.[6][7]
På 1300- og 1400-talet høyrte øya til adelsfamiliar frå Šibenik.[4] Då ottomanarane okkuperte fastlandet på 1500- og 1600-talet flykta mange menneske frå fastlandet til Kaprije, og mange av dei andre øyane utanfor kysten av Kroatia.[4] På denne tida vart ei kyrkje for St. Peter bygd på øya.[4]
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 2001[8] | Folketal 2011[9] | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|---|
Kaprije | 143 | 189 | 186 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.
- ↑ «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025. Offisiell omsetjing
- ↑ «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia)». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 Kaprije på infoadriatic.com, arkivert frå originalen 12. juli 2012, henta 12. mars 2007
- ↑ 5,0 5,1 peljar.cvs.hr
- ↑ Kaprije på travel.hr
- ↑ Villa Kaprije
- ↑ «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
- ↑ «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bilete frå Kaprije Arkivert 2008-05-14 ved Wayback Machine.