Iž
Utsjånad
| Iž | |
|---|---|
Satellittbilete av Iž | |
| Geografi | |
| Stad | Adriahavet |
| Koordinatar | |
| Areal | 17,59 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Kroatia |
| Fylke Kommune | Zadar Zadar |
| Demografi | |
| Folketal | 516 (2021[1]) |
Iž (italiensk Eso) er ei øy i Adriahavet utanfor kysten Kroatia. Ho ligg nær Zadar, mellom Ugljan i nordaust og Dugi Otok i sørvest. Ho er stort sett bygd opp av kalkstein og dolomitt.[2] Øya har vore busett sidan førhistorisk tid. Det er ei katolsk kyrkje frå 1000-talet på øya, og spor etter dei første kroatane går tilbake til år 1266.[3] Dei to største busetnadane (Iž Veli og Iž Mali) ligg aust på øya. Hovudnæringane på øya er fiske, dyrking av oliven, keramikk og turisme.[2][4]
Administrativt høyrer Iž til kommunen Zadar i Zadar fylke.[5][6] Ho har eit areal på 17,59 km².[7]
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Folketalet i busetnadene på øya ved dei siste folketeljingane var:
| Folketal 2001[8] | Folketal 2011[9] | Folketal 2021[1] | |
|---|---|---|---|
| Mali Iž | 147 | 215 | 193 |
| Veli Iž | 410 | 400 | 323 |
| Øya Iž | 557 | 615 | 516 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.
- 1 2 General Encyclopedia of Yugoslavian Lexicographic Institute, volume 4 (Zagreb, 1978)
- ↑ Artikkel om Iž, arkivert frå originalen 20. januar 2007, henta 12. mars 2007
- ↑ Iž på kroatien-fewo.net
- ↑ «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025. Offisiell omsetjing
- ↑ «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia)». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025.
- ↑ Statistisk årbok 2006 for Kroatia
- ↑ «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
- ↑ «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.