Vir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vir
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 44°18′N 15°05′E
Øygruppe Zadar

Areal 22,07 km²

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Zadar

Demografi
Folketal 1 608 (2001)
Folketettleik 73 /km²

Vir er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia, litt nord for byen Zadar. Ho er forbunde med fastlandet med ei bru. Den einaste landsbyen på øya er Vir med eit folketal på 1 608 (2001).

Vir er kjend for at det kjem svært mange folk her om sommaren. Dette kjem av at det er bygd hundrevis av mindre og private feriehus på øya. Desse husa vart bygd på 1980-talet då den jugoslaviske regjeringa planla eit atomkraftverk på Vir, fordi ho var så aude. Dette førte til at bustadprisane på øya fall så mykje at svært mange fekk råd til å kjøpe tomt der. Atomkraftverket vart derimot ikkje bygd, og dette førte til at det vart ført opp svært mange feriehus. Ein reknar derimot med at hundrevis av desse husa må rivast igjen, fordi dei vart ført opp utan lov, og gjekk imot dei offentlege utbyggingsplanane. I 2006 peika miljøvernsdepartementet i Kroatia ut 400 slike bygningar som skal rivast. Dette har ført til ein mindre diplomatisk skandale mellom Kroatia og Ungarn, sidan mange av husa som skal rivast er eigd av ungararar.

Resten av året er Vir ein roleg stad. Infrastrukturen er svært god for å tilfredsstille sommartrafikken, og øya har eit typisk middelhavslandskap utanom dei tett folkesette områda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]