Olib
Olib | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Stad | Adriahavet |
Koordinatar |
|
Areal | 26,14 km²
|
Høgaste punkt | Kalac (74 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke Kommune |
Zadar Zadar
|
Demografi | |
Folketal | 117 (2021[1])
|
Olib er ei øy i Adriahavet ved kysten nord i Dalmatia i Kroatia. Ho ligg nordvest for Zadar, sørvest for Pag, søraust for Lošinj og like aust for Silba. Administrativt høyrer Olib til kommunen Zadar i Zadar fylke.[2][3]
Dei første busetnadane vart oppretta under Romarriket, og Olib vart først nemnd i dokument på 900-talet som Aloep.
Kroatar kom til øya på midten av 1400-talet frå Vrlika i Cetinska Krajina då dei flykta frå den osmanske invasjonen.
Øya har mange historiske bygningar og ruinar. Mellom desse finn ein kyrkja Jomfru Marias Himmelfart med ei samling antikvitetar, tårnet Kula, som vart bygd som vern mot piratar, og ruinane av St. Paulus Kyrkje og Kloster, som ein drog bort frå på 1200-talet.
Olib produserer mellom anna vin, olivenolje og ost. Olib har ingen ferskvasskjelder, og derfor har nesten alle heimane på øya cisterner for å samle inn regnvatn. Det er òg to kommunale brønnar tilgjengeleg for innbyggjarane.
Olib er forbunde til fastlandet via ei ferje til Zadar, som òg går innom øyane Silba og Premuda. Reisa til fastlandet tar om lag to timar med ein katamaran og tre til fem timar med ei bilferje.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 2001[4] | Folketal 2011[5] | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|---|
Olib | 147 | 140 | 117 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.
- ↑ «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025. Offisiell omsetjing
- ↑ «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia)». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025.
- ↑ «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
- ↑ «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.