Pag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pag
Landsbyen Pag
Landsbyen Pag
Geografi
Croatia - Pag.PNG
Stad Atlantarhavet
Areal 305 km²
Høgaste punkt Sveti Vid (348 moh.)
Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Lika-Senj og Zadar
Demografi
Folketal 7 969 (2001)

Pag (latin Pagus, italiensk Pago) er ei øy nord i Adriatarhavet utanfor kysten av Kroatia. Ho er den femte største av dei kroatiske øyane, og den øya med lengst kystlinje.

Pag har eit folketal på 7 969 (2001). I tillegg landsbyane, Pag og Novalja, ligg det mange mindre landsbyar og turiststader her. Øya er administrativt delt i den nordlege delen som høyrer til Lika-Senj fylke og den sørlege delen som høyrer til Zadar fylke.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Pag høyrer til den nord-dalmatiske øygruppa, og strekkjer seg frå nordvest mot søraust langs kysten. Mellom øya og fastlandet ligg Velebitsundet. Øya har eit areal på 305 km² og ei kystlinje på 302,47 km. Ho er 60 km lang (frå nordvest til søraust) og mellom 2 og 10 km brei.

Sørvestkysten av øya er låg, medan nordvestsida av øya er høg og bratt. Det meste av øya er steinete, og enkelte område er dekkja av middelhavskratt. Og på søraustsida ligg karstinnsjøane Velo Blato og Malo Blato. Det høgaste punktet på øya er Sveti Vid (St. Vitus, 348 m).

I dalane og på slettane vert det dyrka vin, grønsaker og frukt. Dei større plassane på øya er knytt saman av ein veg og ei 300 meter lang bogebru. Det er ferjesamband til fastlandet mellom Prizna og Žigljen. Store hamner og landsbyar er Lun, Stara Novalja, Novalja, Kolan, Šimuni, Metajna, Pag, Dinjiška og Povljana.