Unije
Unije | |
---|---|
![]() Den einaste landsbyen på Unije | |
Geografi | |
Stad | Adriahavet |
Koordinatar | |
Øygruppe | Cres-Lošinj
|
Areal | 17 km²
|
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke Kommune |
Primorje-Gorski Kotar Mali Lošinj
|
Demografi | |
Folketal | 66 (2021[1])
|
Unije (italiensk: Unie) er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Ho er ein del av øygruppa Cres-Lošinj, og er den tredje største av desse med eit areal på 17 km². Administrativt høyrer øya inn under kommunen Mali Lošinj i fylket Primorje-Gorski Kotar.
Det finst mange viker og strender på øya, med låge åsar som er dekte av eviggrøn krattskog og oliventre.
Den einaste busetnaden på øya er Unije. Det er ein typisk fiske- og bondelandsby som inneheld 280 hus. Husa ligg i ein slak skråning opp frå sjøen på vestsida av øya. Landsbyen ligg ope til, og hamna gjev derfor ikkje god vern mot stormar frå vest og nordvest. Når det er uvêr må småbåtar dragast opp på strendene, medan dei større båtane vert flytta til viker som ligg meir i le på austsida.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Året rundt bur det under 100 personar på øya, men om sommaren under turistsesongen er det meir enn 400 buande her.
Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 2001[2] | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|---|
Unije | 90 | 88 | 66 |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.
- ↑ «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
- ↑ «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.