Molat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Molat
Satellittbilete av Molat.
Satellittbilete av Molat.
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 44.231° N 14.841° E

Areal 22,82 km²

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Zadar

Demografi
Folketal 207 (2001)

Molat er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Ho ligg nær Zadar, søraust for øya Ist. Mellom desse øyane ligg sundet Zapundel. Ho har eit areal på 22,82 km² og eit folketal på 207.[1]

Større busetnadar (Molat, Zapuntel og Brgulje) ligg i indre område av øya, og mindre grender ligg langs sjøen. Hovudnæringane på øya er jordbruk, saueavl, fiske og turisme.[2]

Den nordaustlege kysten er stort sett låg med mange viker, medan sørvestkysten er brattare. Øya er stort kledd av ung skog og kratt.

I 1151 vart øya ein del av benediktinarklosteret St. Krševan. Frå 1409 var øya under styret til Republikken Venezia, som leigde øya ut til fleire familiar frå Zadar. Frå 1941 til 1943 var øya ein italiensk konsentrasjonsleir.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk årbok 2006 for Kroatia
  2. Molat on ldnbglobal.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]