Ilovik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ilovik
Ilovik
Ilovik
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 44°28′N 14°33′E

Areal 5,8 km²

Høgaste punkt Dida (92 moh.)

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Primorje-Gorski Kotar

Demografi
Folketal 100 (2001)

Ilovik er ei øy i Adriahavet utanfor kysten av Kroatia, sør for øya Losinj og ved sida av øya Sveti Petar. Sundet Ilovacka vrata ligg mellom øya og Losinj.

Den einaste landsbyen på øya er òg kalla Ilovik. Omkrinsen på øya er om lag 15,4 km og ho har eit areal på 5,8 km². Kysten er lett tilgjengeleg på alle kantar med mange isolerte viker. Den største vika med sandstrand er Paržine, som ligg søraust på øya.

Mellom Ilovik og Sveti Petar går det eit 2,5 km langt og 300 m breitt sund. Hamna på øya ligg skjerma for dei fleste vindretningar, og er ein populær stoppestad for reiser mellom nordlege og sørlege delar av Adriahavet. På berre nokre timar kan ein nå øyane Istra, Krk, Rab, Pag og Kornati.

Øya er dekt med vegetasjon typisk for Middelhavet, som oleander i forskjellige fargar, palmer og to hundre år gamle eukalyptustre. På grunn av eit rikt planteliv vert øya stundom kalla Blomeøya.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hamna mellom Ilovik og Sveti Petar har sidan antikken vore ein trygg ankringsplass, og det var her dei første innbyggjarane slo seg ned.

Dei eldste spora etter sivilisasjon på øya er frå den illryiske stamma Liburni. Ein kan òg sjå spor etter antikke romerske busetnadar, mellom anna har ein funne bygningar, mosaikk, myntar og ein sarkofag, i tillegg til arkeologiske funn under vatn. Murane som går rundt dagens gravplass går tilbake til 1000-talet. Dei var ein del av eit benediktinarkloster.

Borga, som ein kan sjå restar av på Sveti Petar, vart bygd i 1600 av venetianarane. Filippo Pasqualigo reiste borga for å forsvare området mot sjørøvarar (uskoks). Dei første kroatane kom til Ilovik på slutten av 1700-talet frå Veli Losinj, og dette markerte byrjinga på det moderne Ilovik.

Det eldste nedteikna namnet på øya er Neumae Insulae frå år 1071. På 1200-talet vart øya nemnt som Sanctus Petrus de Nimbis og seinare San Pietro dei Nembi. Kroatiske innbyggjarar kalla den mindre øya Sveti Petar, og den største Tovarnjak (Asinello på italiensk), og til slutt Ilovik.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ilovik