Prvić
| Prvić | |
|---|---|
Landsbyen Prvić Luka | |
| Geografi | |
| Stad | Adriahavet |
| Koordinatar | |
| Øygruppe | Šibenik-øyane |
| Areal | 2,37 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Kroatia |
| Fylke Kommune | Šibenik-Knin Vodice |
| Demografi | |
| Folketal | 400 (2021[1]) |
Prvić er ei lita øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Ho er ein del av Šibenik-øygruppa, om lag 1 km frå fastlandet nær Vodice. Administrativt høyrer øya inn under kommunen Vodice i fylket Šibenik-Knin.[2][3]
Det ligg to landsbyar på øya, Prvić Luka og Šepurine. Šepurine ligg på vestsida av øya ovanfor Vodice. Prvić Luka ligg i den største vika på søraustsida, og er verna mot nordleg og vestleg vind.[4] Øya har eit areal på 2,37 km²,[5] og eit folketal på 400 (2021).[1]
Namnet på øya kjem mogelegvis frå Prvin, namnet på den kroatiske vårguden.[4] Det er ingen bilar på øya.[4] Den vidkjende vitskapsmannen Faust Vrančić ligg gravlagd ved Prvić Luka sidan øya var feriestad for familien hans om sommaren.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:
| Folketal 2001[6] | Folketal 2011[7] | Folketal 2021[1] | |
|---|---|---|---|
| Prvić Šepurine | 262 | 239 | 252 |
| Prvić Luka | 191 | 164 | 148 |
| Øya Prvić | 453 | 403 | 400 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.
- ↑ «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025. Offisiell omsetjing
- ↑ «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia)». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025.
- 1 2 3 Prvić hotelmaestral.com, arkivert frå originalen 3. desember 2005, henta 13. mars 2007
- ↑ Statistisk årbok 2006 for Kroatia
- ↑ «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
- ↑ «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Prvić på infoadriatic.com Arkivert 2008-09-12 ved Wayback Machine.
- prvic.netfirms.com Arkivert 2008-04-10 ved Wayback Machine.