Hopp til innhald

Krk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krk
Baškavika på Krk
Baškavika på Krk
Geografi
StadAdriahavet
Koordinatar45°4′N 14°36′E
Areal405,22 km²
Administrasjon
LandKroatia
FylkePrimorje-Gorski Kotar
Største busetnadKrk (3 935 innb.)
Demografi
Folketal19 916 (2021[1])

Krk (italiensk Veglia, latin Curicta) er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia, nær Rijeka (italiensk Fiume) i Kvarnerbukta (italiensk Quarnaro) og ein del av Primorje-Gorski Kotar fylke.

Krk detaljkart

Krk er den nest største øya i Adriahavet med eit areal på 405,22 km², og den mest folkesette med mange landsbyar. Sjølv om nylege studiar har vist at Cres (italiensk Cherso) er den største kroatiske øya, seier offisielle data at Krk er den største.

Heile øya hadde 19 916 innbyggjarar i 2021, kommunen Krk hadde 6 816 og sjølve byen hadde 3 935 innbyggjarar.[1]

Økonomi og infrastruktur

[endre | endre wikiteksten]

Krk ligg forholdsvis nær fastlandet og har vore forbunde til fastlandet via ei 1 430 meter lang bogebru, kalla Krkbrua, sidan 1980, ei av dei største betongbruene i verda. Sidan ho ligg nær byen Rijeka, ligg Rijeka flyplass ved Omišalj, i tillegg til eit oljeraffineri (som er knytt til hamna i Rijeka. Eit kloster ligg på den litle øya Košljun i ei bukt utanfor kysten av Krk.

Krk er ein populær feriestad sidan ho ligg nær både Slovenia, sørlege delar av Tyskland, Austerrike, og Nord-Italia. Etter at Austblokka kollapsa har mange turistar òg kome frå Ungarn, Romania og andre tidlegare austblokkland.

Øya har vore busett sidan før 900-talet fvt. Romarane kalla øya Curicta. Under Den romerske borgarkrigen var Curictabukta åstad for sjøslag mellom flåtane til Cæsar og Pompeius

Over tusen år seinare vart øya sentrum for Vegliot-dialekten i det dalmatiske språket. Krk var òg sete for biskopar og Frankopan-familien i mellomalderen.

Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane, fordelt på kommunane, var:

Folketal 2001[2]Folketal 2011[3]Folketal 2021[1]
Krk kommune5 4916 2816 816
Baška kommune1 5541 6741 656
Dobrinj kommune1 9702 0782 150
Malinska-Dubašnica kommune2 7263 1343 212
Omišalj kommune2 9982 9832 992
Punat kommune1 8761 9731 900
Vrbnik kommune1 2451 2601 190
Øya Krk 18 866 19 383 19 916

Dei største tettstadene på øya var:

KommuneFolketal 2001[2]Folketal 2011[3]Folketal 2021[1]
KrkKrk3 3643 7303 935
OmišaljOmišalj1 7901 8681 877
PunatPunat1 7841 8601 784
NjiviceOmišalj1 2081 1151 115
VrhKrk769846939
BaškaBaška901981899
VrbnikVrbnik944948887
MalinskaMalinska-Dubašnica607965816
KornićKrk325433500
ŠiloDobrinj381384418

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 3 4 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.
  2. 1 2 «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
  3. 1 2 «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]