Hopp til innhald

Čiovo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Čiovo
Landsbyen Okrug Gornji på Čiovo
Landsbyen Okrug Gornji på Čiovo
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 43°30′N 16°17′E

Areal 28,8 km²

Høgaste punkt Rudine (218 moh.)

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Split-Dalmatia
Største busetnad Trogir

Demografi
Folketal 5 257 (2021[1])

Čiovo (italiensk Bua) er ei lita øy i Adriahavet utanfor kysten av Kroatia. Administrativt høyrer øya inn under fylket Zadar. Den vestlege delen er ein eigen landkommune Okrug, den austlege høyrer inn under bykommunen Split, medan dei sentrale delane er administrert av bykommunen Trogir.[2][3]

Øya har eit areal på 28,8 km² (lengd 15,3 km, breidd opp til 3,5 km).[4] Den høgaste toppen på øya er 218 m (Rudine, italiensk Monte Bua). I løpet av eit år fell det normalt 900 mm nedbør her.

Čiovo ligg sentralt i Dalmatia, og vernar byen Trogir og Kaštelabukta. Bortsett frå Trogir ligg det fleire landsbyar på øya: Arbanija (italiensk Arbania), Žedno (Nogaro), Okrug Gornji (Cerchio Superiore), Okrug Donji (Cerchio Inferiore), Slatine (Arona) og den fråflytta Prizidnica (Bua).

Vegetasjonen er typisk for Middelhavet, og består stort sett av krattvegetasjon (steineik, myrt, burot, einer osv.). På nordsida (som er utsett for boravinden) er det skog av furu og sypress. Det er rikt jordbruk på øya, og det vert dyrka oliven, fiken, mandel, vin og sitrusfrukter.

I mellomalderen hadde Čiovo mange landsbyar og var ein stad for spedalske. Ein har funne spor av den før-romanske kyrkja av St. Peter nær Slatine. Mellomalderkyrkja St. Mavro og den før-romanske kyrkja Jomfru Maria nær sjøen (Gospa pokraj mora) er bevart i Žedno. Folketalet auka på Čiovo auka på 1400-talet då flyktningar flykta frå ottomanarane.

Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane, fordelt på kommunane, var:

Folketal 2001[5] Folketal 2011[6] Folketal 2021[1]
Del av Split kommune[a] 995 1 106 924
Del av Trogir kommune[b] 1 412 1 453 1 338
Okrug kommune 2 980 3 349 2 995
Øya Čiovo[c] 5 387 5 908 5 257

Busetnadene på øya var:

Kommune Folketal 2001[5] Folketal 2011[6] Folketal 2021[1]
Okrug Gornji Okrug 2 767 3 081 2 760
Slatine Split 995 1 106 924
Mastrinka Trogir 932 947 837
Arbanija Trogir 370 374 349
Okrug Donji Okrug 213 268 235
Žedno Trogir 110 132 152
  1. Busetnaden Slatine
  2. Busetnadene Mastrinka, Arbanija og Žedno. Den delen av byen Trogir som ligg på øya, er ikkje medrekna.
  3. Ikkje medrekna den delen av byen Trogir som ligg på øya

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 1,2 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025. 
  2. «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025.  Offisiell omsetjing
  3. «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia. Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025. 
  4. Statistisk årbok 2006 for Kroatia
  5. 5,0 5,1 «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025. 
  6. 6,0 6,1 «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.