Mr. Soul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mr. Soul
Song av Buffalo Springfield
frå albumet Buffalo Springfield Again
Utgjeve 18. november 1967
Innspelt 9. januar 1967 og
4. april 1967
Sjanger Rock
Lengd 2:35
Selskap Atco
Låtskrivar(ar) Neil Young
Produsent Richie Furay
Jack Nitzsche
Stephen Stills
Neil Young

«Mr. Soul» er ein song skriven av den kanadiske rockeartisten Neil Young og først innspelt av folkrockbandet Buffalo Springfield. Songen vart gjeven ut på det andre albumet deira Buffalo Springfield Again. Songen vart spelt inn 9. januar 1967 i Atlantic Studios i New York med tilleggsinnspelingar den 4. april 1967.

Den vanlege albumversjonen og monoutgåva på singelen har heilt forskjellige gitarsoloar. Singelmiksen har aldri vorte gjeven ut på ny.

På spor 3 på albumet Sugar Mountain - Live At Canterbury House 1968 seier Young, «Mange songar tar lang tid å skrive. Generelt tar dei ein og ein halv time å skrive. Men denne tok berre fem minutt.»

Young spelte sidan inn fleire versjonar av songen, ofte med stilmessige endringar. Av alle songane til Young er det «Mr. Soul» som er gjeven ut flest gonger. Hovudriffet i songen er sagt å vere ein nær kopi av «(I Can't Get No) Satisfaction» av The Rolling Stones.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Ei ny innspeling av songen i synth-elektrisk-stil vart gjeven ut på Young-albumet Trans i 1982 med vokalen handsama gjennom ein vocoder.

I tillegg til desse versjonane, orginalen og Trans-versjonen, finst «Mr. Soul» i ei akustisk utgåve på Unplugged, Sugar Mountain - Live At Canterbury House 1968 og Year of the Horse, samt på samlingane Retrospective, Journey Through the Past og Young sin Decade.

Songen vart òg spelt av Rush.