Mårhund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mårhund

Status i verda: LC Livskraftig
Svartelista i Noreg: Svartelista i Noreg Ukjend risiko for lokalt biologisk mangfald

Mårhund (Nyctereutes procyonoides)
Mårhund (Nyctereutes procyonoides)

Systematikk
Rike: Dyr (Animalia)
Rekkje: Ryggstrengdyr (Chordata)
Klasse: Pattedyr (Mammalia)
Orden: Rovdyr (Carnivora)
Familie: Hundar (Canidae)
Slekt: Nyctereutes
Art: N. procyonoides
Vitskapleg namn
Nyctereutes procyonoides

Mårhund (Nyctereutes procyonoides), også kjend som vaskjebjørnhund, er eit rovdyr i hundefamilien, som er som ein rev på storleik.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Mårhund

Det vitskaplege namnet til mårhunden tyder nattevandrar som liknar ein vaksebjørn. Forskarar trur linja som mårhunden høyrer til skilde lag med dei andre canidane for om lag 7-10 millionar år sidan.

I storleik er mårhunden som ein liten rev, og har i pelsmakeringar og utsjånad kan han likna mykje på ein vaskebjørn (Procyon lotor), og også ein del på grevling (Meles meles). Mårhunden er, som raudreven og grevlingen, ein altetar, og truleg er dei tre konkurrentar i kosten, men i kva grad veit me ikkje. Han har eit lite hovud og eit spisst snuteparti med 42-44 tenner i kjeven (3/3, c 1/1, p 4/4, m 2-3/3). Rovtennene er reduserte i storleik, mens molarane er forholdsvis store.

Mårhunden har ei skulderhøgd på om lag 38-51 cm. Kroppslengda er om lag 50-68 cm frå snuten til halerota, og halen er om lag 13-25 cm. Vekta er normalt om lag 4-6 kg om sommaren, og 6-10 kg om vinteren (opp mot 12 kg har blitt målt). Europeiske dyr ser ut til å vera noko større enn sine asiatiske slektningar. I Kina veg tispa i snitt 0,5 kg meir enn hannen.

Pelsen er tett og mjuk. Markeringane på hovudet inkluderer kvitt på den fremre delen av snutepartiet og i andletet, og svart pels ikring augene. Svarte markeringar strekker seg òg over rundt skuldrene og ned langs sidene som eit kross. Øyrene er runde og små og har svarte kantar. På kroppen ellers er pelsen mørk brun til gulbrun i farge, men den kan variera ein del frå stad til stad og årstid til årstid. På buken er pelsen lysare, mens på brystet og nedover beina er han mørkebrun til svart. Den buskete halen er nesten svart på oversiden og lys gulbrun under. Pelsen blir ofte mørkare i farge så vel som tjukkare om vinteren.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Mårhunden høyrer opphavleg heime i Asia (Nord-Kina, Nord-Vietnam, Korea og Japan), men blei introdusert til Aust-Sibir i Russland. Derifrå blei han i periodar 1927-1957 spreitt vidare Vest-Russland, og sidan òg til store delar av Skandinavia. Den etablerte seg raskt i Finland og spreidde seg sidan til Sverige. No har den òg nådd Noreg, men her til lands er mårhunden uynskt og derfor ein fredlaus dyreart, på line med villsvin og mink, og det er lov å driva jakt på han heile året.

Mårhunden likar seg best i tett vegetasjon, siv, myrland og tett underskog, og trivst i temperert klima i høgder frå havnivå og opp mot 3.000 moh. Han er sky, men han kvir seg ikkje for å trengja seg inn på folks eigedommar for å stela matrestar og liknande.

Åtferd og formeiring[endre | endre wikiteksten]

Mårhunden har vintersvevn. Den går normalt i dvale i laupet av november og vaknar opp igjen tidleg i april, litt etter klimaet på kvar stad. Vintersvevn er heilt nødvendig for at dette dyret skal overleva, fordi det ikkje kan klara å lagra nok feitt til å overleva utan. Eit individ kan auka kroppsvekta med opp mot 50% før vintersvevnen tek til.

Mårhunden lever truleg i par eller små grupper beståande av foreldre og årets kvalpar. Det blir likevel rapportert at dei kanskje ferdast åleine på dagtid. Tidlegare trudde ein at han stort sett var nattaktiv, men seinare studiar har vist at han kan vera døgnaktiv. Det er òg mogleg at dette varierer frå område til område.

Dyret kan ikkje bjeffa, men er likevel ganske vokale. Dei kommuniserer med kvin-, klynk, knurr- og murrelydar i tillegg til kroppsspråk og markeringar. Mårhunden er sky og ikkje særleg stridlyndt og gøymer seg heller enn å slåst, og det hender han kan spela daud om han blir gått til åtak på.

Tispa ber kvalpane i om lag 60 dagar, og når dei er fødd, hjelper båe foreldra til med å passa dei. Under svangerskapet og den fyrste tida etter fødselen er matsankinga oppgåva til hannen.

I snitt lever berre ein prosent av mårhundane til dei vert 5 år gamle, og maksimal levetid i vill tilstand er normalt 7-8 år, sjølv om dei i særskilde tilfelle kan bli opptil 10 (i fangenskap 13) år gamle. I Finland døyr 88 % av mårhundane i laupet av det fyrste leveåret.

Ernæring[endre | endre wikiteksten]

Mårhunden er ein opportunistisk altetar, ein såkalla omnivor. Han jaktar og lever av fisk, smågnagarar, fuglar, amfibium, insekt og fugleegg. Han er dyktig til å symja og kan dykka for å finna den maten han ynskjer. Det er òg kjend at han et slangar, firfisler, molluskar og krabbar så vel som røter, lauv, knollar, nøtter, frø, frukt og bær med meir.

Underartar[endre | endre wikiteksten]

Pr. 2006 vart seks underartar godkjende. Somme forskarar har ymta om at dei to japanske underartane (gjerne kalla tanuki) N. p. albus og N. p. viverrinus kanskje kan vera ein eigen art. Dei har færre kromosom enn dei kontinentale underartane og skil seg dessutan i både fenotype og åtferd.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Mårhunden er harmlaus for menneske, men kan vera berar av rabies.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]