On a Night Like This av Bob Dylan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
On a Night Like This
Singel av Bob Dylan
frå albumet Planet Waves
B-side

You Angel You

Utgjeve Mars 1974
Innspelt 8. november 1973
Studio The Village Recorder i Los Angeles i California
Sjanger Rootsrock
Lengd 2:57
Selskap Asylum
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Rob Fraboni
Bob Dylan-kronologi 
«A Fool Such as I»
(1973)
On a Night Like This «Something There Is About You»
(1974)


«On a Night Like This» er ein song skriven av Bob Dylan og spelt inn i november 1973. Han kom først ut på det 14. studioalbumet til Dylan, Planet Waves, som opningsporet der.[1] Han kom òg ut som den første singelen på albumet og nådde 44. plassen på Billboard Hot 100[2] Songen kom sidan ut på fleire samlealbum som Biograph i 1985 og Dylan (3-CD-versjonen) i 2007.[3][4]

Tekst og musikk[endre | endre wikiteksten]

I følgje Dylan sjølv var ikkje «On a Night Like This» ein typisk song for han, og sa at «han var på ein måte som ein full mann som er mellombels edru».[5] Dylan-biografen Clinton Heylin meinte songen var ein skuffande start på Planet Waves.[6] Teksten meinte han derimot var smart.[6]

Forfattaren Oliver Trager skreiv om den «rustikke» kjensla og meinte at lyttaren kunne kjenne rimet på vindauga og lukta av brennande ved slik det er skildra i songen. Trager likte særleg munnspelet til Dylan og trekkspelet til Garth Hudson.[5] Allmusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine skildra den «smålåtne karakteren» i songen som ein «dyd.»[7]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Los Lobos spelte inn ein versjon av songen for filmen Masked and Anonymous i 2003.[8] Buckwheat Zydeco spelte inn songen i 1987 på albumet hans On a Night Like This.[9] Jimmy Fallon spelte òg denne songen med Buckwheat Zydeco på Late Night with Jimmy Fallon.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Williamson, N. The Rough Guide to Bob Dylan (1st ed, 2004), p. 218, ISBN 1-84353-139-9
  2. «Planet Waves awards». Allmusic. Henta 25. november 2018. 
  3. Erlewine, S.T. «Biograph». Allmusic. Henta 25. november 2018. 
  4. Erlewine, S.T. «Dylan [2007]». Allmusic. Henta 25. november 2018. 
  5. 5,0 5,1 Trager, O. (2004). Keys to the Rain. Billboard Books. s. 467. ISBN 0823079740. 
  6. 6,0 6,1 Heylin, C. (2009). Revolution in the Air. Chicago Review Press. s. 447. ISBN 9781556528439. 
  7. Erlewine, S.T. «Planet Waves». Allmusic. Henta 25. november 2018. 
  8. Erlewine, S.T. «Masked and Anonymous». Allmusic. Henta 25. november 2018. [daud lenkje]
  9. Greenberg, A. «On a Night Like This». Allmusic. Henta 25. november 2018. 
  10. «Buckwheat Zydeco » Buckwheat Zydeco Kicks Off Final Fallon Show». Buck.wjlabs.net. Arkivert frå originalen 2. april 2016. Henta 25. november 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]