Orne
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Orne (fleirtyding).
Orne | |
---|---|
Våpenskjoldet til Orne | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 61 |
Region: | Basse-Normandie |
Préfecture: | Alençon |
Sous-préfectures: | Argentan Mortagne-au-Perche |
Arrondissement: | 3 |
Kantonar: | 40 |
Kommunar: | 505 |
Président du conseil général: | Gérard Burel |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 73. |
-1999 | 292 337 |
Folketettleik: | 48/km² |
Landareal¹: | 6 103 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Orne er eit departementet nordvest i Frankrike. Det ligg i regionen Basse-Normandie og er kalla opp etter elva med same namn. Hovudstaden er Alençon.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Orne er ein av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han vart danna frå delar av dei tidlegare provinsane Normandie og Perche. På fransk vert innbyggjarane i departementet kalla ornais.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Orne høyrer i dag til regionen Basse-Normandie og grensar til departementa Eure, Eure-et-Loir, Sarthe, Mayenne og Calvados. Det er det einaste departementet i Normandie som ikkje grensar til sjøen. Departementet dekkjer det øvre løpet til elva Orne og størstedelen av det aust–vestgåande høgdedraget Collines du Perche. Desse åsane og dalane set preg på landskapet og dannar store beiteområde. Vidare har departementet fleire skogar som i dag ofte er verna naturområde.
Jordbruk og kultur
[endre | endre wikiteksten]Orne har sterke jordbrukstradisjonar med mellom anna mykje storfehald. Departementet er kjend for hesteoppdrett, særleg av fransk travar. Ostetypen camembert har namn etter landsbyen Camembert i Orne. Vidare blir det laga sider, brennevinet calvados og pommeau her og ulike pølsetypar som andouillette, blodpølse og servelat.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Prefekturet si nettside
- Offisiell side Arkivert 2007-10-11 ved Wayback Machine.
- ornetourisme.com Arkivert 2006-01-17 ved Wayback Machine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Orne» frå Wikipedia på fransk, den 29. august 2011.
«Orne – departement» i Store norske leksikon, snl.no.