Marianne Aasen
Marianne Aasen | |
![]() | |
Fødd | 21. februar 1967 (56 år) Bergen |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Utdanna ved | Universitetet i Oslo |
Ektefelle | Simen Agdestein |
Marianne Aasen (fødd 21. februar 1967 i Bergen) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho hadde sete på Stortinget for Akershus fylke frå 2005 til 2017.
Aasen er cand. polit. med hovudfag i statsvitskap frå 1994, i tillegg til historie grunnfag og sosialøkonomi mellomfag. Ho arbeidde som journalist for A-pressen frå 1991 til 1995. Frå 1995 til 1996 var ho politisk rådgjevar for Sylvia Brustad.
Frå 1998 til 2000 var Aasen informasjonssjef i Europarørsla. Ho var leiar for Europarørsla i Asker frå 2003 til 2004. I Regjeringa Stoltenberg I, frå 30. mars 2000 til 19. oktober 2001, var Aasen politisk rådgjevar i Kommunal- og regionaldepartementet.[1] Ho var politisk rådgjevar for stortingsgruppa til Arbeidarpartiet frå 2001 til 2005. I 2005 vart ho vald inn på Stortinget frå Akershus, og vart seinare vald på nytt i 2009 og 2013.
Ho er busett i Asker og var tidlegare gift med sjakkspelaren Simen Agdestein.
Regjering[endre | endre wikiteksten]
- 2000–01: politisk rådgjevar i Kommunal- og regionaldepartementet
Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]
- 2009–: leiar i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
- 2005–09: medlem i finanskomiteen
- 2005–09: medlem i valkomiteen
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Marianne Aasen hos Stortinget
- ↑ «Jens Stoltenbergs første regjering». Regjeringa.no. Henta 17. oktober 2017.