Highway 61 Revisited av Bob Dylan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Songen Highway 61 Revisited)
Gå til: navigering, søk
«Highway 61 Revisited»
Song av Bob Dylan
frå albumet Highway 61 Revisited
Utgjeve 30. august 1965
Innspelt Columbia Studios, New York, 2. august 1965
Sjanger Rock
Lengd 3:30
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston

«Highway 61 Revisited» er ein song av Bob Dylan og tittelsporet på albumet hans Highway 61 Revisited frå 1965. Han var òg B-sida til singelen «Can You Please Crawl Out Your Window?» som kom seinare på året.

Highway 61 er ein veg som går frå Duluth i Minnesota, der Bob Dylan voks opp i 1940- og 1950-åra og sørover til New Orleans i Louisiana.

Oh God said to Abraham, "Kill me a son"
Abe says, "Man, you must be puttin' me on"
God say, "No." Abe say, "What?"
God say, "You can do what you want Abe, but
The next time you see me comin' you better run"
Well Abe says, "Where do you want this killin' done?"
God says, "Out on Highway 61."

Bob Dylan

Songen har fem strofer. I kvar strofe skildrar nokon eit uvanleg problem som vert løyst på Highway 61. I første vers fortel Gud Abraham om å «drepe ein son for han». Gud vil at ofringa skal skje på Highway 61. Denne strofa liknar mykje på Fyrste Mosebok 22 der Gud kommanderer Abraham om å ofre den einaste sonen sin, Isak. I andre vers vert ein stakkar fyr skildra, Georgia Sam, som ikkje lenger kan hjelpast av trygdekontoret. Han vert bede om å dra ned Highway 61.

I tredjeverset er det «Mack the Finger» som har problem: «I got forty red white and blue shoe strings / and a thousand telephones that don't ring» («Eg har førti raude, kvite og blå skolisser og tuesen telefonar som ikkje ringer»). «Louie the King» løyser problemet med Highway 61. Fjerde verser er om «den andre mora» og «den sjuande sonen», begge på Highway 61.

Det femte og siste verset er ei soge om ein gamblar som keiar seg, som prøver «å skape den neste verdskrigen» («to create the next world war»). Medhjelparen hans ber han om «å setje opp billige sitjeplassar ute i sola, på Highway 61». Det er ein openberr politisk undertone i denne absurde soga.

Songen vart spelt av PJ Harvey på albumet hennar Rid of Me i 1993. Han har òg vorte spelt av Johnny Winter på det andre albumet hans, Second Winter. Han spelte songen mykje på konsertane sine og framførte songen på 30-årsjubileumet til Bob Dylan som artist i lag med Billy Joel og Johnny Cash.

I 2004 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone songen på 364. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene, og på den oppdaterte lista deira frå 2010 var songen flytta ned til 373. plass.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rolling Stone's 500 Greatest Songs of All Time». http://www.rocklistmusic.co.uk/rstone.html#songs2010. Henta 16. september 2013. 


374:
 «Unchained Melody» 
The Righteous Brothers
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
373


Bob Dylan – «Highway 61 Revisited»

372:
 «The Letter» 
The Box Tops