Hopp til innhald

Verdscupen i skiskyting 1991

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdscupen i skiskyting 1991 tok til 13. desember 1990 og vart avslutta 17. mars 1991. Turneringa omfatta 12 individuelle tevlingar. Renna fann stad i Albertville i Frankrike, Ruhpolding og Oberhof i Tyskland, Antholz i Italia, Oslo i Noreg og Canmore i Canada.

Dei mannlege utøvarane tevla i seks 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert fire stafettar over 4 x 7,5 km og to mannskapstevlingar på 20 km. Sovjetunionens Sergej Tsjepikov sigra i den totale verdscupen for menn for andre året i rad. På andre- og tredjeplass kom Mark Kirchner som no representerte det samla Tyskland og Andreas Zingerle frå Italia.

Dei kvinnelege utøvarane tevla i 15 km og 7,5 km, seks renn over kvar av distansane. Dessutan i fire stafettar med tre på laget og i to mannskapstevlingar med fire på kvart landslag. Svetlana Davidova vann IBU-pokalen, Canadas Myriam Bédard og norske Anne Elvebakk kom på andre- og tredjeplass samanlagt.

Menn[endre | endre wikiteksten]

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Sergej Tsjepikov  Sovjetunionen 191 3
2 Mark Kirchner  Tyskland 183 2
3 Andreas Zingerle  Italia 174
4 Frank Luck  Tyskland 156 1
5 Pieralberto Carrara  Italia 147 1
6 Gisle Fenne  Noreg 144
7 Ricco Gross  Tyskland 119
8 Wilfried Pallhuber  Italia 118
9 Franz Schuler  Austerrike 115
10 Sergej Tarasov  Sovjetunionen 114 1
11 Eirik Kvalfoss  Noreg 108 1
12 Frode Løberg  Noreg 108
13 Hubert Leitgeb  Italia 106
14 Patrice Bailly-Salins  Frankrike 103
15 Fritz Fischer  Tyskland 103
16 Jon Åge Tyldum  Noreg 99
17 Geir Einang  Noreg 98 1
18 Christian Dumont  Frankrike 96
19 André Sehmisch  Tyskland 91
20 Johann Passler  Italia 86
21 Aleksandr Popov  Sovjetunionen 85 1
22 Josh Thompson  USA 80
23 Hervé Flandin  Frankrike 74 1
24 Valerij Medvedtsev  Sovjetunionen 71
25 Anatolij Sjdanovitsj  Sovjetunionen 68

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Svetlana Davidova  Sovjetunionen 204 2
2 Myriam Bédard  Canada 192 2
3 Anne Elvebakk  Noreg 178 1
4 Uschi Disl  Tyskland 174 1
5 Antje Misersky  Tyskland 162 1
6 Petra Schaaf  Tyskland 150
7 Elin Kristiansen  Noreg 137 2
8 Véronique Claudel  Frankrike 130
9 Irina Agolakova  Sovjetunionen 115
10 Inga Kesper  Tyskland 115
11 Jelena Golovina  Sovjetunionen 108 2
12 Kerstin Moring  Tyskland | 107
13 Synnøve Thoresen  Noreg 97
14 Hildegunn Fossen  Noreg 92
15 Jana Kulhavá  Tsjekkoslovakia 90
16 Grete Ingeborg Nykkelmo  Noreg 86 1
17 Iva Sjkodreva  Bulgaria 79
18 Kerryn Pethybridge  Australia 78
19 Nadesjda Aleksijeva  Bulgaria 73
20 Signe Trosten  Noreg 70
21 Tuija Sikiö  Finland 68
22 Inger Björkbom  Sverige 68
23 Seija Hyytiäinen  Finland 66
24 Jiřina Adamičková  Tsjekkoslovakia 66
25 Jelena Melnikova  Sovjetunionen 64

Kjelder[endre | endre wikiteksten]