Act Naturally
| «Act Naturally» Singel av Buck Owens |
||
| Utgjeve | 11. mars 1963 | |
| Innspelt | Capitol Studios, Hollywood i California 12. februar 1963 | |
| Sjanger | Country | |
| Lengd | 2:19 | |
| Selskap | Capitol | |
| Låtskrivar(ar) | Russell/Morrison | |
|---|---|---|
| Produsent | Ken Nelson | |
«Act Naturally» er ein song skrive av Johnny Russell og Voni Morrison, og opphavleg spelt inn av Buck Owens, som nådde førsteplassen på Country-lista i USA med singelen i 1963.[1] Dette var første gongen Owen var på førsteplassen.[2] I 2002 plasserte Shelly Fabian frå About.com songen på 169. plass på lista over dei 500 største countrysongane nokon gong.[3]
Songen er spelt av mange andre artistar, mellom anna Loretta Lynn og The Beatles.[4]
|
They're gonna put me in the movies Johnny Russel
|
Songen var sterkt medverkande til å gjere Buck Owens til ei stor stjerne og songen låg totalt 28 veker inne på countrylista i USA, og i løpet av 60-åra hadde Owens heile 19 songar på toppen av countrylista.[5]
The Beatles spelte inn songen for albumet Help! i 1965 og han vart gjeve ut som B-side på singelen «Yesterday».[6] Beatles-utgåva er sunge av Ringo Starr.[7]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Act Naturally» frå Wikipedia på engelsk, den 11. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Buck Owens: Charts & Awards: Billboard Singles. Allmusic. Vitja 12. oktober 2008.
- ↑ Buck Owens: Biography. Allmusic. Vitja 12. oktober 2008.
- ↑ Shelly Fabian (2002). Top 500 Country Music Songs. About.com. Vitja 12. oktober 2008.
- ↑ "Act Naturally" Performers. Allmusic.
- ↑ Joel Whitburn (2005) Top Country Songs 1944 to 2005, s. 281 – Record Research, Menomonee Falls, Wis.. ISBN 0-89820-165-9.
- ↑ Craig Cross (2005) The Beatles: Day-by-Day, Song-by-Song, Record-by-Record, s. 495, 534-535 – iUniverse, Inc.. ISBN 0-595-34663-4.
- ↑ Ian MacDonald (1994) Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties, s. 127 – Henry Holt and Company, New York. ISBN 0-8050-2780-7.