Eight Days a Week

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eight days a week I love you,
Eight days a week is not enough to show I care.

«Eight Days a Week» er ein song skrive av John Lennon og Paul McCartney, og spelt inn av The Beatles for albumet deira Beatles for Sale frå 1964.

Songen vart planlagt gjeve ut på singel, men til slutt vart han berre gjeve ut i USA den 15. februar 1965 der han gjekk til førsteplass. B-sida var «I Don't Want to Spoil the Party». Singelen vart gjeve ut i USA etter at radiokanalr spelte songen frå importerte eksemplar av Beatles for Sale, som ikkje vart gjeve ut i USA. Songen var heller ikkje på den amerikanske versjonen av Beatles for Sale kalla Beatles '65. Seinare vart han gjeve ut på det amerikanske albumet Beatles VI.

Paul McCartney har fortalt to historier om korleis tittelen på songen kom til. Den eine var at det var ein sjåfør som sa at han hadde jobba «eight days a week» då han køyrte McCartney til studio ein gong.[1] Den andre forklaringa var at Ringo Starr ein gon sa dette feil.[2]

Eight Days a Week var ein av dei første songane der bandet verkeleg eksperimenterte i studio. I løpet av to innspelingar på totalt nesten sju timar den 6. oktober brukte dei berre tid på denne songen. Dei første seks forsøka var med heilt forskjellige byrjingar og den noverande byrjinga var frå ei anna innspeling enn resten av songen.[3] Den endelege versjonen inneheld òg ein annan raritet, han vert tona inn i motsetnad til mange popsongar som vert tona ut på slutten.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songern har vorte spelt av

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Beatles (2000) The Beatles Anthology, s. 159 – Chronicle Books, San Francisco. ISBN 0-8118-2684-8.
  2. 1984 Playboy-intervju http://www.music.indiana.edu,
  3. The Beatles Bible: Eight Days A Week Vitja 10. oktober 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]