She Loves You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«She Loves You»
Singel av The Beatles
B-side «I'll Get You»
Utgjeve 23. august 1963
Innspelt Abbey Road Studios, 1. juli 1963
Sjanger Rock, pop
Lengd 2:17
Selskap Parlophone R5055 (UK)
Swan 4152 (US)
Låtskrivar(ar) Lennon/McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
«From Me to You»
1963
«She Loves You» «I Want to Hold Your Hand»
1963

«She Loves You» er ein song skrive av John Lennon og Paul McCartney gjeve ut av The Beatles som singel i 1963. Singelen gjekk til topps i mange land og var med å setje rekord i USA som ein av fem Beatles-songar som heldt dei fem øvste plassane på singellista, ein rekord som framleis står. Han var den mestseljande singelen til Beatles i Storbritannia og den mest seljande singelen i Storbritannia i 1963. Songen var òg den første Beatles-songen som gjekk til topps på VG-lista i Noreg.

«She Loves You» var ein av to songar som vart spelt inn av The Beatles på tysk med tittelen «Sie liebt dich»[1]

I november 2004 plasserte Rolling Stone «She Loves You» songen på 64. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene. I oktober 2005 plasserte Uncut Magazine songen på tredjeplas over dei viktigaste songane som endra verda, bak Elvis Presley sin «Heartbreak Hotel» og Bob Dylan sin «Like a Rolling Stone».

Historie[endre | endre wikiteksten]

She says she loves you,
And you know that can't be bad

Lennon/McCartney

McCartney og Lennon vart inspirert til å skrive «She Loves You» etter ein konsert ved Majestic Ballroom i Newcastle som ein del av turneen deira med Roy Orbison og Gerry and the Pacemakers.

George Martin, the Beatles sin produsent, var ueinig med Lennon og McCartney om sekstakkorden som avsluttar songen og meinte det var for jazz-aktig. Songen vart spelt inn 1. juli 1963 på ein tosporsopptakar, men den opphavlege stereo-utgåva er truleg gått tapt sidan alle utgjevingar av songen har vore i mono.[2]

23. august 1963 vart songen gjeve ut på singel med «I'll Get You» som B-side. Singelen vart raskt ein hit og enda opp med å verte den mestseljande singelen i Storbritannia til då. Han låg på lista i heimlandet i 31 veker på rad, 18 av dei inne på Topp 3.

Då singelen kom ut i USA 16. september 1963 var det ikkje mange som la merke til han. Tre månader seinare gav the Beatles ut «I Want to Hold Your Hand» som gjekk heilt til topps i USA og starta den britiske invasjonen i amerikansk musikk og bana veg for andre Beatles-singlar og andre britiske band. «She Loves You» vart gjeve ut på nytt 25. januar 1964 og låg 15 veker inne på dei amerikanske listene, to av dei på førsteplass. I februar spelte Beatles denne og andre songar på The Ed Sullivan Show.

«She Loves You» vart òg gjeve ut på albumet The Beatles' Second Album i USA, som nådde toppen på albumlista i mai 1964. Albumet tok over førsteplassen frå Meet the Beatles! og dette var første gong at ein artist hadde erstatta si eiga plate på toppen av den amerikanske albumlista.

The Beatles syng refrenget på «She Loves You» i slutten av songen deira «All You Need Is Love».

Melodi[endre | endre wikiteksten]

«She Loves You» har ikkje mellomspel, men nyttar i staden refreng til å halde saman dei forskjellige versa. Akkordane skiftar om lag anna kvar takt go harmoniane er forholdsvis statiske, så melodisk er ikkje songen like nyskapande som det «I Want to Hold Your Hand» var. Songen startar med ein trommeintro og hoppar direkte ut i refrenget og «She loves you, yeah, yeah, yeah», og gjev lyttaren ei kjensle over å ha hamna halvvegs inn i songen. Sekstakkorden nemnd tidlegare gjev òg ein uventa kontrast.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.dermon.com/Beatles/Lbl_swan.htm Swan-singlar
  2. Mastertapen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]