From Me to You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«From Me to You»
Singel av The Beatles
B-side «Thank You Girl»
Utgjeve 11. april 1963
Innspelt 5. mars 1963
Sjanger Beat
Lengd 1:56
Selskap Parlophone R5015 (UK)
Vee-Jay VJ 522 (USA)
Låtskrivar(ar) McCartney-Lennon
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
«Please Please Me»
(1963)
«From Me to You» «She Loves You»
(1963)

«From Me to You» er ein song skrive av John Lennon og Paul McCartney og gjeve ut av The Beatles som singel i 1963. Singelen var den første singelen til Beatles som gjekk til topps i Storbritannia.

Lennon og McCartney starta på skrive «From Me to You» på ein buss til Shrewsbury under ein turne med Helen Shapiro. Dei hadde lese magasinet New Musical Express og merka seg innsendardelen i magasinet der det stod: From You to Us.[1]

Songen består av fire vers og to mellomspel. Den siste halvdelen av kvart vers er eit slags mini-refreng. Lennon speler munnspelsoloar i byrjinga, midten og slutten av songen. Det same gjorde han på «Love Me Do». Det var produsent George Martin sin idé å opne songen med «da da da da da dum dum da». Gruppa meinte det var uvanleg, men valde å stole på Martin.[2]

If there's anything that you want,
If there's anything I can do,
Just call on me and I'll send it along,
With love from me to you.

Lennon/McCartney

Songen vart spelt inn 5. mars 1963 i Abbey Road Studios og 11. april vart han gjeve ut som singel i Storbritannia med «Thank You Girl» som B-side.[3] Ni dag seinare gjekk han inn på den britiske singellista, der han skulle ligge i 21 veker, sju av dei på førsteplass. Sjølv om songen offisielt er den første Beatles-songen som gjekk til topps i heimlandet, hadde «Please Please Me» nådde førsteplassen på mange av dei andre listene i Storbritannia, men berre andreplass på Record Retailer si liste, som er den offsielle i Storbritannia på denne tida. I USA nådde songen berre 116. plass då han først vart gjeve ut i mai 1963. Singelen vart derimot gjeve ut på ny i januar 1964 og denne gongen klatra han til 41. plass. Sommaren 1963 låg songen ei veke på Topp 10 på VG-lista i Noreg med 9. plass som høgaste plassering.

Seinare i 1963 gav Del Shannon ut ei utgåve av songen som nådde 77. plass på singellista i USA.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Miles (1997) Paul McCartney: Many Years From Now, s. 148 – Henry Holt & Company. ISBN 0-8050-5249-6.
  2. Bob Spitz (2005) The Beatles: The Biography, s. 387 – Little, Brown, Boston. ISBN 0-316-80352-9.
  3. Mark Lewisohn (1988) The Beatles Recording Sessions, s. 28, 32 – Harmony Books, New York. ISBN 0-517-57066-1.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]