Songen Please Please Me
| «Please Please Me» Singel av The Beatles frå albumet Please Please Me |
||
| B-side | «Ask Me Why» «From Me to You» (Vee-Jay 581) |
|
|---|---|---|
| Utgjeve | 11. januar 1963 | |
| Innspelt | 26. november 1962 | |
| Sjanger | Beat | |
| Lengd | 2:04 | |
| Selskap | Parlophone R4983 (UK) Vee-Jay VJ498 (US) |
|
| Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
| Produsent | George Martin | |
| The Beatles-kronologi | ||
| «Love Me Do» (1962) |
«Please Please Me» | «From Me to You» (1963) |
«Please Please Me» er den andre singelen til The Beatles og den første som vart gjeve ut i USA. Det var òg tittelsporet på det første albumet deira, som vart spelt inn for utnytte den store suksessen som singelen fekk.[1] Det var opphavleg ein song av John Lennon,[2][3][4] men den endelege forma til songen var kraftig påverka av George Martin.[5]
Singelen vart første gjeve ut med «Ask Me Why» som B-side, men selde ikkje særleg bra i USA. Då han vart gjeve ut på ny 3. januar 1964 med «From Me to You» som B-side) nådde han tredjeplassen på den amerikanske Hot 100.
Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 184. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
Innhaldsliste |
Komposisjon [endre]
George Martin har uttalt at den originale utgåva av songen var «heller kjedeleg», for treig og hadde få utsikter til å verte den store hitten som bandet ønskte. John Lennon skreiv først songen som ein blues-aktig, treig song inspirert av Roy Orbison sin «Only The Lonely» og ein Bing Crosby-song som hadde tekstlinja «Please lend a little ear to my pleas».[5] Opphavleg hadde ikkje songen harmonivokalane eller munnspel-introen. Då Martin først høyrde songen bad han bandet om å gjere store endringar med han, mellom anna å auke tempoet.[5]. Då dei tok songen i studio 26. november 1962 hadde arrangementet vorte kraftig endra og det tok 18 forsøk før George Martin meinte at dei hadde det som kom til å verte den første store hitten deira.[6]
Amerikansk utgjeving [endre]
|
Come on, come on, come on, come on, Lennon/McCartney
|
Capitol Records, EMI sitt amerikanske selskap, fekk tilbodet om å gje ut «Please Please Me» i USA, men avslo tilbodet.[7] Det same gjorde Atlantic.[7] Til slutt tok Vee-Jay Records frå Chicago imot tilbodet.[7] Den eksakte datoen som singelen vart gjeve ut i USA var i fleire tiår ukjend, men etter gransking i 2004 fann ein ut at det skjedde 7. februar 1963.[8]. Songen vart spelt noko på radio i Chicago-området og selde bra her, men elles i landet gjekk det trått.
Etter at det hadde vorte vist eit fjernsynsinnslag av dei hysteriske Beatles-tilstandane i Storbritannia var Vee-Jay raskt ute med å gje ut «Please Please Me» på ny den 3. januar 1964.[9] Dei valde då å endre B-sida til «From Me to You», som hadde vore ein liten hit for Del Shannon i 1963.
Denne gongen vart «Please Please Me» ein massiv hit og gjekk til slutt til topps på Billboard Hot 100-lista den 14. mars 1964. Han var ein av songane som låg på Topp 5 på same lista den 4. april dette året, då Beatles heldt alle dei fem øvste plassane.[9]. Det vart seld minst 1,1 millionar eksemplar av singelen denne andre gongen..[9]
Medverkande [endre]
- John Lennon – rytmegitar, munnspel og solovokal
- Paul McCartney – bass, korsong
- George Harrison – sologitar, korsong
- Ringo Starr – drums
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Please Please Me (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Philip Norman (1993) Shout!, s. 169 – Penguin Books, London. ISBN 0-14-017410-9.
- ↑ Ian MacDonald (1998) Revolution in the Head, s. 55 – Pimlico, London. ISBN 0-7126-6697-4.
- ↑ Bill Harry Bill Harry (1992) The Ultimate Beatles Encyclopedia, s. 528 – Virgin Books, London. ISBN 0-86369-681-3.
- ↑ Barry Miles (1997) Paul McCartney: Many Years From Now, s. 91 – Henry Holt & Company, New York. ISBN 0-8050-5249-6.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 The Beatles (2000) The Beatles Anthology, s. 90 – Cassell& Co, London. ISBN 0-304-35605-0.
- ↑ Mark Lewisohn (1988) The Complete Beatles Recording Sessions, s. 23 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 Bruce Spizer (2004) The Beatles Are Coming! The Birth of Beatlemania in America, s. 14 – 498 Productions, New Orleans. ISBN 0-9662649-9-1.
- ↑ >Bruce Spizer (2004) The Beatles Are Coming! The Birth of Beatlemania in America, s. 15 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 Bruce Spizer (2004) The Beatles Are Coming! The Birth of Beatlemania in America, s. 90 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.