Lady Madonna
| Lady Madonna Singel av The Beatles |
||
| B-side | «The Inner Light» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 15. mars 1968 | |
| Sjanger | Rock and roll | |
| Lengd | 2:16 | |
| Selskap | Parlophone, Capitol Records | |
| Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
| Produsent | George Martin | |
| The Beatles-kronologi | ||
| «Hello Goodbye» (1967) |
Lady Madonna | «Hey Jude» (1968) |
«Lady Madonna» er ein song av The Beatles tilskriven Lennon/McCartney. I mars 1968 vart songen gjeven ut som singel med «The Inner Light» som B-side. Songen vart spelt inn i Abbey Road Studios frå 3. til 6. februar 1968 før the Beatles reiste til India. Singelen var den siste bandet gav ut på Parlophone i Storbritannia, der han gjekk til førsteplassen og av Capitol Records i USA, der han nådde fjerdeplasen. Alle seinare utgjevingar av The Beatles vart gjeve ut på deira eige Apple Records, distribuert av EMI. I Noreg nådde songen andreplass på VG-lista, berre slått av Anna-Lena Löfgren og hennar «Lyckliga gatan» Songen låg 8 veker på Topp 10.
Innhaldsliste |
Inspirasjon [endre]
Pianospelinga på songen var inspirert av pianisten Fats Domino frå 1950-åra. McCartney fortel at han prøvde å skrive ei blues-aktig boogie-woogie-sak og at det minte han om Fats Domino[1] Domino sjølv spelte inn ei utgåve av songen i 1968.
Songen, og særleg introduksjonen, er ganske lik Humphrey Lyttelton sin «Bad Penny Blues» frå 1956.[2] John Lennon medverka til teksten.[3]
Saksofonsolo [endre]
Saksofonsoloen vart spelt av den britiske jazzmusikaren og klubbeigaren Ronnie Scott. I miksen som vart nytta på singelen er soloen nesten borte, men på utgåver på samleplater er soloen mykje tydlegare.[4]
Andre versjonar [endre]
Fleire andre artistar har spelt songen, anten på plate eller på konsertar, mellom anna Fats Domino, Phoenix, Steve Miller Band, Lenny White, Øystein Sunde og Aretha Franklin,
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Lady Madonna» frå Wikipedia på engelsk, den 9. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Barry Miles (1997) Paul McCartney: Many Years From Now, s. 449–450 – Henry Holt & Company, New York. ISBN 0-8050-5249-6.
- ↑ Mark Lewisohn (1988) The Beatles Recording Sessions – Harmony Books, New York. ISBN 0-517-57066-1.
- ↑ David Sheff (2000) All We Are Saying: The Last Major Interview with John Lennon and Yoko Ono, s. 201 – St. Martin's Press, New York. ISBN 0-312-25464-4.
- ↑ The Beatles Bible: Lady Madonna. Vitja 9. februar 2009.