Love Me Do
| «Love Me Do» Singel av The Beatles frå albumet Please Please Me |
||
| B-side | «P.S. I Love You» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 5. oktober 1962 | |
| Innspelt | Abbey Road Studios: 6. juni, 4. og 11. september 1962 |
|
| Sjanger | Beat | |
| Lengd | 2:22 | |
| Selskap | Parlophone R4949 Tollie 9008 |
|
| Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
| Produsent | George Martin | |
| The Beatles-kronologi | ||
| -- | «Love Me Do» | «Please Please Me» (1963) |
«Love Me Do» er ein av dei første songane til The Beatles og den første singelen dei gav ut. Han vart i hovudsak skrive av Paul McCartney i 1958–59, medan dei framleis gjekk på skulen.[1] John Lennon skreiv mellomspelet.[2][3][4] Songen vart gjeve ut med «P.S. I Love You» som B-side den 5. oktober 1962. Då singelen først vart gjeve ut i USA klarta han til 17. plass, men i 1964 gjekk han heilt til topps.
|
Love, love me do. Lennon/McCartney
|
«Love Me Do» startar med eit blues-aktig munnspel av John Lennon, og så Lennon og McCartney på vokal. Songen var spelt inn ved fleire høve med tre forskjellige trommeslagarar. Første gong var 6. juni 1962 med Pete Best på trommer då dei hadde audition for EMI i Abbey Road Studios i London. 4. september hadde Best vorte erstatta med Ringo Starr. Ei veke seinare, 11. september, kom dei tilbake til studio, men sidan produsent George Martin var misnøgd med Starr si speling vart hans spelt inn på ny med Andy White på trommer, medan Starr spelte tamburin.
Dei første utgåvene av singelen var versjonen der Ringo Starr spelte trommer, medan Andy White-utgåva hamna på debutalbumet til The Beatles, Please Please Me.
Medverkande [endre]
På singelutgåva:
- John Lennon – munnspel, vokal
- Paul McCartney – bass, vokal
- George Harrison – elektrisk gitar
- Ringo Starr – trommer
På Please Please Me-utgåva:
- John Lennon – munnspel, vokal
- Paul McCartney – bass, vokal
- George Harrison – elektrisk gitar
- Ringo Starr – tamburin
- Andy White – trommer
Andre utgåver [endre]
«Love Me Do» har mellom anna vorte spelt av
- Bobby Vee i 1964 på 30 Big Hits from the 60s
- Dick Hyman i 1964 på Keyboard Kaleidoscope
- The Chipmunks i 1964 på The Chipmunks sing the Beatles Hits
- Sandie Shaw i 1969 på Reviewing the Situation
- Ringo Starr i 1998 på Vertical Man
- David Bowie spelte «Love Me Do» på enkelte konsertar under Ziggy Stardust-turneen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Love Me Do» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Harry (1992) The Ultimate Beatles Encyclopedia, s. 413 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
- ↑ Bill Harry (1992) The Ultimate Beatles Encyclopedia, s. 413 – Virgin Books, London. ISBN 0-86369-681-3.
- ↑ Barry Miles (1997) Paul McCartney: Many Years From Now – Henry Holt & Company, New York. ISBN 0-8050-5249-6.
- ↑ Please Please Me. Beatles Ultimate Experience: Songwriting & Recording Database. Vitja 1. oktober 2008.