Den augsburgske vedkjenninga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristendommen
Icthys-symbolet
Treeininga

Gud Fader | Jesus | Den heilage ande |

Skrifter

Bibelen: GT/NT
katekisme | salmebok

Utøving

Forbøn | gudsteneste | kyrkje | liturgi | nattverd | sabbat  | sakrament
Bøner: «Fader vår» | «Hill deg, Maria» | Jesusbøna

Den augsburgske vedkjenninga, eller Confessio Augustana, er eit sentralt luthersk vedkjenningsskrift utarbeidd på riksdagen i Augsburg i 1530.

Vedkjenningsskriftet høyrer med til læregrunnlaget for Den norske kyrkja.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Keisar Karl V kalla 21. januar 1530 fyrstane inn til riksdag i Augsburg, med håp om å bilegge religionsstridane. Vedkjenningsskriftet er formulert som ein del av førebuingane til denne riksdagen. Det er ført i pennen av Wittenberg–teologen Philipp Melanchthon i mai og juni 1530. Det er skrive parallelt på tysk og latin, slik at stundom den eine, stundom den andre teksten først var ferdig. 25. juni 1530 vart den tyske teksten lesen opp for keisaren. Dei pavelege teologane på riksdagen forfatta eit motskrift, men keisaren nekta å ta imot det, og let konfutasjonen vere siste ordet i saka.

Både den tyske og den latinske originalteksen er gått tapt, men dei er kjende i avskrifter. Avskriftene er ikkje identiske. Melanchthon sytte i 1531 for at det vart trykt ei offisiell utgåve. Tittel, motto og kaptteloverskrifter er sett til av Melanchton.

Det har vore vanleg å ta utgangspunkt i den latinske teksten når konfesjonen har vore omsett til norsk.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Salme 119,46 er sett til motto for vedkjenningskriftet: Eg vil tala for kongar om dine lovbod, og eg skal ikkje verta til skammar.

Etter ein fortale følgjer ein bolk med artiklane om trua:

  • I Om Gud
  • II Om arvesynda
  • III Om Guds son
  • IV Om rettferdiggjeringa
  • V Om det kristne embetet
  • VI Om den nye lydnad
  • VII Om kyrkja
  • VIII Kva kyrkja er
  • IX Om dåpen
  • X Om Herrens nattverd
  • XI Om skriftemålet
  • XII Om bota
  • XIII Om bruken av sakramenta
  • XIV Om den geistlege stand
  • XV Om kyrkjeskikkane
  • XVI Om statsordninga og det verdslege styret
  • XVII Om Kristi atterkome til dom
  • XVIII Om den fri viljen
  • XIX Om opphavet til synda
  • XX Om trua og dei gode gjerningane
  • XXI Om helgendyrkinga

Så følgjer artiklar der ein tar for seg misbruk som har komme til i kyrkja:

  • XXII Om nattverda under båe skapnader
  • XXIII Om presteekteskap
  • XXIV Om messa
  • XXV Om skriftemålet
  • XXVI Om skilnad på mat
  • XXVII Om munkelovnadene
  • XXVIII Om kyrkjemakta

Til sist følgjer eit kort etterskrift.

Konfesjonen er underteikna med ein dedikasjon til keisaren av

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff:[endre | endre wikiteksten]

Tysk-latin synoptisk utgåve