Moby Dick av Led Zeppelin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moby Dick
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin II
Utgjeve 22. oktober 1969
Innspelt 1969, Mirror Sound, Los Angeles
Sjanger Hardrock, instrumental rock
Lengd 4:21
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Bonham/Jones/Page
Produsent Jimmy Page

«Moby Dick» er ein instrumental og ein trommesolo av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Led Zeppelin II i 1969. Han er kalla opp etter kvalen i romanen Moby-Dick av Herman Melville, og er òg kjend med titlane «Pat's Delight» (tidleg 1968-1969med eit heilt anna gitarriff) og «Over the Top» (med «Out on the Tiles» som introduksjon).

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Melodien kom til etter at Led Zeppelin-gitarist og produsent Jimmy Page ofte oppdaga trommeslagar John Bonham som spela for seg sjølv i studio, tok opp delar av det og så sette det saman sidan. Berre Page og bassist John Paul Jones spelar melodien, eit blues-basert riff med Bonham sine trommer, som ein powertrio, heilt i starten og heilt mot slutten av songen, medan resten er Bonham aleine. Songar Robert Plant deltok ikkje i det heile og på konsertane introduserte han berre Bonham for publikum før songen starta. Trommesoloen vart redigert ned frå ein langt lengre versjon.[1]

Gitarriffet kan sporast tilbake til eit unytta BBC-innspeling kalla «The Girl I Love», som vart spelt inn sommaren 1969.[1] Riffet liknar mykje på songen «Watch Your Step» frå 1961 av Bobby Parker, men progressjonen er i ein annan toneart.[2] Jimmy Page var fan av Parker og i 1970-åra tilbaud Page han ein platekontrakt på Led Zeppelin sitt Swan Song Records. John Lennon innrømde òg at Parker-riffet hadde hatt ein stor innverknad på The Beatles-songen «I Feel Fine» i 1964.[3][4] Han vart òg nytta som grunlag for riffet i Deep Purple sin «Rat Bat Blue» i 1973.[5] Riffet til Page vart nytta som kjenningsmelodi til rockeshowet Disco 2BBC2.[1]

Trommesoloen til Bonhan vart ofte spela på konsertane til Led Zeppelin frå november 1968 til 1977. Siste gongen han vart framført var 17. juli 1977 i Seattle Kingdome. Konsertutgåvene kunne var alt frå 6 til 30 minuttar. Stundom kasta Bonham trommestikkene til publikum og heldt fram soloen med berre hendene, noko som innimellom førte til at han slo seg sjølv til blods. Konsertversjonar finst på konsertalbumet How the West Was Won (med lengda 19:20, frå Long Beach Arena i 1972), og på konsertfilmen The Song Remains the Same og tilhøyrande album. The Led Zeppelin DVD har òg ein 15 minuttar lang versjon som vart spela og filma i Royal Albert Hall i 1970.

Jimmy Page miksa «Moby Dick» på ny slik at han glei saumlaust over i «Bonzo's Montreux» på Led Zeppelin Boxed Set i 1990.

Songen vart gjeven ut som singel i Italia og Singapore i 1970 med «Gallows Pole» som B-side.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Samplingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  2. Martin Newman (November 2010) Record Collector magazine.
  3. http://www.beatlesebooks.com/i-feel-fine
  4. Brian Roylance (2000) The Beatles Anthology, s. 160, ISBN 0811826848
  5. Martin Newman (November 2010) Record Collector magazine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]