Modern Love
| Modern Love Singel av David Bowie frå albumet Let's Dance |
||
| B-side | «Modern Love» (Live) | |
|---|---|---|
| Utgjeve | September 1983 | |
| Innspelt | Power Station, New York, desember 1982 | |
| Sjanger | Rock, pop | |
| Lengd | 3:56 (singel) 4:46 (album) |
|
| Selskap | EMI America Records EA158 |
|
| Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
| Produsent | Nile Rodgers, David Bowie | |
| David Bowie-kronologi | ||
| «China Girl» (1983) |
Modern Love | «Without You» (1983) |
«Modern Love» er ein song skriven og innspelt av David Bowie og den første songen på albumet hans Let's Dance frå 1983. Han vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet.
Bowie har sagt at songen er inspirert av Little Richard og at temaet er det same som på resten av albumet, kampen mellom Gud og menneske. Somme kommentatorar har merka seg likskapar mellom denne songen og Elton John sin «I'm Still Standing», som kom ut nesten samstundes, men begge har hevda at dei ikkje hadde kjennskap til kvarandre sine songar.
Då «Modern Love» vart gjeven ut og redigert som singel, hadde Bowie alt starta Serious Moonlight-turneen. Songen hadde vorte eit populært ekstranummer på turneen, og videoen til Jim Yukich nytta bilete av Bowie og bandet som framfører songen den 20. juli 1983 i Philadelphia. Eit konsertopptak frå Montreal den 13. juli vart B-sida.
Singelen nådde andreplassen i Storbritannia og 14. plass i USA. I tillegg å vere fast på konsertane til Bowie, framførte Bowie songen på Live Aid i 1985. Ei nyinnspeling med Tina Turner vart nytta i ein reklame for Pepsi i 1987.[1]
Innhaldsliste |
Innhald [endre]
7" [endre]
- «Modern Love» [Edit] (Bowie) – 3:56
- «Modern Love» [Live] (Bowie) – 3:43
12" [endre]
- «Modern Love» (Bowie) – 4:46
- «Modern Love» [Live] (Bowie) – 3:43
Medverkande [endre]
- Produsentar
- Musikarar
- David Bowie: Vokal
- Stevie Ray Vaughan: Gitar på «Modern Love»
- Nile Rodgers: Gitar på «Modern Love»
- Carmine Rojas: Bass
- Omar Hakim, Tony Thompson: trommer
- Rob Sabino: Klaverinstrument på «Modern Love»
- Mac Gollehon: Trompet
- Robert Aaron: Saksofon på «Modern Love»
- Stan Harrison, Steve Elson: Saksofon
- Sam Figueroa: Perkusjon
- Earl Slick: Gitar på «Modern Love (Live)»
- Carlos Alomar: Gitar på «Modern Love (Live)»
- David LeBolt: Klaverinstrument på «Modern Love (Live)»
- Lenny Pickett: Saksofon på «Modern Love (Live)»
- Frank Simms, George Simms: Korvokal på «Modern Love (Live)»
Andre utgjevingar [endre]
- Songen finst på følgjande samlealbum:
- Changesbowie (1990)
- Bowie: The Singles 1969-1993 (1993)
- The Singles Collection (1993)
- Best of Bowie (2002)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Modern Love (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5