Slaget ved Gross-Jägersdorf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Gross-Jägersdorf
Del av sjuårskrigen
Dato 30. august 1757
Stad Gross-Jägersdorf i Aust-Preussen
Resultat Russisk siger
Partar
Flag of the Kingdom of Prussia (1750-1801).svg Preussen Flag of Russia.svg Russland
Kommandantar
Feltmarskalk Hans von Lehwaldt Feltmarskalk Stepan Fedorovitsj Apraksin
Styrkar
25 000 mann 70 000 mann
Tap
5000 mann 5400 mann

Slaget ved Gross-Jägersdorf (30. august 1757) vart ein siger for den russiske styrken under feltmarskalk Stepan Fedorovitsj Apraksin over ein mindre prøyssisk styrke kommandert av feltmarskalk Hans von Lehwaldt, under sjuårskrigen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den russiske armeen på 70 000-75 000 mann under feltmarskalk Apraksin tok Memel etter fem dagar med bombardement og nytta festninga her som place d'armes då han invaderte Aust-Preussen. Apraksin, som var forsiktig og mangla krigserfaring, var motvillig til å sende troppane sine ut på slagmarka. I staden for marsjerte han til Wehlau, som venta, og gav ordre om å krysse elva Pregel nær landsbyen Gross-Jägersdorf. Russarane sette dei omliggande landsbyane i brann for å skjule kva dei dreiv på med.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Ein prøyssisk arme på 25 500 mann, leia av feltmarskalk Hans von Lehwaldt, valde overraskande nok for den større fiendtlege armeen å gå til åtak på eit korps leia av general Vasilij Lopukhin, medan dei kryssa Pregel. Generalen vart stukken av ein bajonett av prøyssarane og døydde. Då general Pjotr Rumjantsev høyrde dette, tok han korpset sitt, pløgde gjennom eit kratt og gjekk til åtak på høgreflanken til det prøyssiske infanteriet. Ein annan del av armeen gjekk til åtak på bakenden av armeen til Lehwaldt.

Prøyssarane trekte seg noko tilbake og dei sentrale delane av den russiske armeen kom seg frå sjokket etter det første åtaket og gjekk til motåtak. Kalmyk-kavaleriet og don-kosakkane på den prøyssiske venstresida let som om dei gjorde retrett for å fange prøyssarane som følgde etter under kraftig artillerield.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av dagen vart det klart at russarane hadde vunne slaget og prøyssarane måtte forlate slagmarka. Austerrikarane som var til stades i den russiske armeen rapporterte til bake til Wien om at det var «det blodigaste slaget på 1700-talet». Prøyssarane tapte 5000 mann og russarane 5400 mann.

Sjølv om Fredrik II av Preussen gav røyken frå dei brennande landsbyane, som gjorde det vanskeleg å skilje ven frå fiende, skulda for tapet til armeen, synte slaget at prøyssarane ikkje var god nok i lange bajonettkampar. Dette merka russarane seg òg og tok stor nytte av dette i dei komande slaga. Etter sigeren vart det forventa frå dei fleste hald at Apraksin skulle køyre over heile Aust-Preussen, men den forsiktige generalen stoppa framrykkinga ved Königsberg og trekte seg så tilbake til Russland, visstnok for å støtte Peter III som arving til trona. Ei anna forklaring på retretten hans var ein kopparepidemi som råka den russiske armeen, sørleg kalmykane. Langt fleire av soldatane døydde av epidemien enn i sjølve slaget.

I 240-årsfeiringa til minne om den russiske sigeren, vart eit panoramamåleri av slaget sett op pved Friedlandporten i Kaliningrad. Slaget vert òg minna på den transnistriske rubelen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]