Slaget ved Zorndorf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Zorndorf
Del av sjuårskrigen

Slaget ved Zorndorf
Stad Zorndorf, markgrevskapet Brandenburg, dagens Polen
Resultat Ikkje avgjerande; begge sider kravde sigeren
Partar
 Preussen Flagget til Russland Russland
Kommandantar
Fredrik den store Grev Wilhelm von Fermor
Styrkar
36 000
167 kanonar
43 500
210 kanonar
Tap
12 797 & 26 kananoar 18 500
Sjuårskrigen: Europa
MenorcaLobositzReichenbergPrahaKolínHastenbeckGross-JägersdorfMoysRochefortRossbachBreslauLeuthenRheinbergKrefeldDomstadtlCherbourgZorndorfSaint CastTornowLutterbergHochkirchBergenKayMindenKunersdorfHoyerswerdaFrisches HaffMaxenMeissenLandeshutKorbachEmsdorfWarburgLiegnitzKloster KampenTorgauVillinghausenKolbergWilhelmstahlBurkersdorfLutterbergAlmeidaKasselFreiberg

Slaget ved Zorndorf var eit slag utkjempa 25. august 1758 under sjuårskrigen. Åstaden for slaget var den prøyssiske landsbyen Zorndorf (i dag Sarbinowo i Polen).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I august 1758 rykte 43 000 russiske soldatar fram under Wilhelm von Fermor til dei var 100 km frå Berlin og hadde som mål å slå seg saman med austerrikarane under feltmarskalk Daun. Kong Fredrik II av Preussen forstod at om dei slo seg saman kunne det bety at Berlin fall, og valde derfor å kome planane deira i forkjøpet. Han kom derfor på russarane bakfrå. Fermor, som då omleira Küstrin, fekk vite om manøvrane til Fredrik II frå kosakktokt. Han enda omleiringa og la seg til ved ein fordelaktig posisjon ved Zorndorf, 10 km søraust for Küstrin.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Den 25. august gjekk infanteriet til Fredrik til åtak på eit russisk «observasjonskorps», som berre bestod av unge vernepliktige. Russarane klarte å halde stand fram til det kjende kavaleriet til Friedrich Wilhelm von Seydlitz slo til. Det russiske kavaleriet braka saman med det prøyssiske, men vart avleidd og måtte flykte mot dei russiske infanteristane. Desse, forvirra av ei sky av støv og krutrøyk, trudde det var prøyssarane og opna artillerield mot dei. I mellomtida hadde infanteriet til Fredrik gått til åtak på venstreflanken til den russiske armeen.

Under det påfølgjande slaget, gjekk begge sider raskt tom for krut og starta ein hand-til-hand kamp. Det vart sagt at ein russisk avdeling hadde slått seg til i eit lager med vintønner og drakk seg fulle. Då nokre av dei prøyssiske bataljonane synte teikn på at dei var trøytte, leidde Fredrik sjølv an åtaket. Slaget vart av samtidige skildra som det blodigaste på 1700-talet. Ein prøyssisk offiser rapporterte at «lika til russarane dekte sletta rekkje etter rekkje, dei stod ved sidan av kanonane sine medan kroppane deira vart kappa i bitar av sablane våre, men gjorde likevel ikkje retrett». Etter slaget skal Fredrik ha kome med det kjende utsagnet at «det er lettare å drepe russarane enn å vinne over dei»

Måleri av Alexander Kotzebue

Den kraftige kampen heldt fram til mørket kom, då 80 % av observasjonskorpset var døde. Tapa på begge sider er estimert til kring 32 %: prøyssarane mista 12 800 mann, russarane over 18 000. Slaget ser ut til å ha enda utan vinnarar. Russarane heldt framleis stand på slagmarka dagen etter, men Fermor var den første til å trekke seg attende mot Landsberg. Dette hindra russarane i å nå sine austerrikske allierte og Fredrik kravde dermed sigeren, sjølv om enkelte russiske historikarar meiner annleis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]