Slaget ved Bergen i 1759

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Bergen
Del av sjuårskrigen
Dato 13. april 1759
Stad Bergen, Hessen
Resultat Fransk siger
Partar
Union flag 1606 (Kings Colors).svg Storbritannia

Flagget til Hessen Hessen-Kassel
Wappen Braunschweig.svg Braunschweig
Flagget til Hannover Hannover

Pavillon royal de France.svg Frankrike
Kommandantar
Hertug Ferdinand av Braunschweig Victor-François de Broglie
Styrkar
ca. 35 000 mann ca. 28 000 mann
Tap
415 døde,
1770 skadde,
188 sakna
500 døde,
1300 skadde

Slaget ved Bergen den 13. april 1759 vart ukjempa mellom ein fransk arme under de Broglie mot ein alliert arme frå Storbritannia, Hannover, Hessen og Braunschweig under hertug Ferdinand av Braunschweig nær Frankfurt-am-Main under sjuårskrigen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Då krigen rulla vidare i 1759 gjekk hertug Ferdinand ut av vinterdvalen seint i mars og sette avgarde mot Frankfurt, der franskmennene hadde ein base ved elva Main. Målet var å drive franskmennene ut av Westfalen og ta initiativet for dei allierte. Mot slutten av månaden bestod armeen hans av om lag 27 000 mann i grupper på tre divisjonar. Ein vart kommandert av Erbprinz, ein av prins Isenburg og den tredje av hertugen av Holstein-Gottorp.

Operasjonane vart utført ved å erobre Fulda og Meiningen frå troppane til keisaren under feltmarskalk von Zweybrücken. Då keisararmen trekte seg inn i Böhmen, gjekk Ferdinand inn i Hessen og håpte på å møte korpset til Broglie før dei fekk forsterkningar.

Broglie klarte derimot å forsterke korpset sitt med ein kontingent av saksarar under general von Dyherrn i lag med andre franske regiment som han fekk tak i. Han sette ein liten arme ved festningsbyen Bergen og såg situasjonen an.

Slagmarka[endre | endre wikiteksten]

Slagmarka var veleigna for ei defensiv stilling. Bergen med bymurane sine låg på toppen av bakkeskråning over elvesletta til Main og dermed kunne ein ikkje gå til åtak på denne flanken. Nordvest for byen låg Berger-Warte, ein låg ås som dominerte midten av området, og på toppen av åsen stod (og framleis står) eit eldre tårn. Til venstre for dette låg byen Vilbel ved elva Nidda, og elvesletta hennar var dekt av ein stor skog.

Broglie sette mykje av infanteriet sitt i og bak Bergen. Til venstre sette han lettinfanteriet i skogen støtta av den saksiske kontingenten, samt noko av kavaleriet. Han sette det meste av artilleriet sitt i midten i åtte batteri. Bak kanonane sette han det meste kavaleriet og reservane.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Armeen til Ferdinand kom til slagmarka stykkevis. Ferdinand sjølv kom i lag med fortroppen, kommandert av arveprinsen. Sidan Ferdinand feilaktig trudde at franskmennene ikkje var fullt mønstra enno, gav han ordre om åtak, utan å vente på dei to andre divisjonane.

Trass i høge odds, vart byen Vilbel erobra innan klokka åtte av lettinfanteriet til Freytag og Am Hohen Stein, ein annan låg ås like aust for Berger-Warte, hadde vorte okkupert. Ferdinand ante at Bergen var nøkkelen til stillinga og kl.0830 gav han ordre om å gå til åtak på byen. Det første åtaket gjekk bra og dei franske styrkane vart driven frå hekkar og frukthagar som dei stod i og tilbake til byen. Broglie sende så inn forsterkingar som snudde kampen mot dei allierte og dreiv dei tilbake.

Kl. 1000 hadde divisjonen til prins Isenburg kome fram. Isenburg sende soldatane sine inn i kampen og dreiv franskmennene igjen tilbake til Bergen. Broglie slo så tilbake med fleire forsterkingar og dei allierte vart drive attende nok ein gong. Isenburg sjølv vart drepen då han prøvde å samle mennene sine. Det var så vidt Ferdinand sjølv klarte å få orden i troppane sine.

No gjekk slaget mot slutten. Broglie førte reservane og kavaleriet sitt framover og Ferdinand innsåg storleiken på armeen til fienden. I tillegg hadde det franske artilleriet starta å treffe måla sine og tvinga den allierte armeen tilbake til Am Hohen Stein. Då divisjonen til Holstein-Gottorp til slutt kom til slagmarka stoppa franskmennene eit nytt åtak og slaget vart til ein artilleriduell som varte til mørket senka seg, då dei allierte trekte seg bort. Sjølv om det var ein klar fransk siger, følgde ikkje Broglie etter Ferdinand, som klarte å ta armeen sin attende til Minden.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Dette var det største nederlaget til Ferdinand og sjølv svogeren hans, Fredrik den store syntes synd på han og prøvde å oppmuntre han. Ferdinand kom seg derimot på fote att og innfridde seinare same året i slaget ved Minden.

Dei allierte tapa var 415 døde, 1770 skadde og 188 sakna. Franskmennene mista 500 soldatar og 1300 vart skadde.

Koordinatar: 50°09′18″N 8°45′11″E

Kjelder[endre | endre wikiteksten]