Slaget ved Domstadtl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Domstadtl (Domašov)
Del av sjuårskrigen
Battle of Domstadtl memorial.jpg
«Svarte krossen», minnesmerkke om slaget nær Domašov
Dato 30. juni 1758
Stad Domašov nad Bystřicí, Mähren, Austerrike (i dag Tsjekkia)
Resultat Austerriksk siger
Partar
Flagget til Preussen Preussen Flagget til Habsburgmonarkiet Austerrike
Styrkar
30 000 12 000
Tap
2000 skadde, døde eller sakna, 1450 fanga 600 døde eller skadde

Slaget ved Domstadtl, òg skrive Domstadt, tsjekkisk Domašov, var eit slag mellom Austerrike og Kongedømet Preussen i den mähriske landsbyen Domašov nad Bystřicí under sjuårskrigen den 30. juni 1758, som kom etter ei mindre trefning ved Guntramovice (Gundersdorf) den 28. juni. Austerrikarane, kommandert av generalmajor Ernst Gideon von Laudon og generalmajor Joseph von Siskovits, gjekk til åtak og øydela ein forsyningskonvoi som skulle til den prøyssiske armeen som omleira Olomouc (Olmütz). Den austerrikske sigeren redda byen og den prøyssiske kongen Fredrik den store vart tvungen til å forlate Mähren.

Prøyssisk invasjon av Mähren[endre | endre wikiteksten]

Fredrik den store invaderte Mähren i byrjinga av mai 1758 og omleira festningsbyen Olomouc. Han håpte at den austerrikske armeen skulle kome for å hjelpe festninga og at prøyssarane skulle slå dei i eit stort slag på ein stad dei sjølv kunne velje ut. Om ikkje, så ville han erobre festninga og nytte ho som base for å forsvare Schlesien og auke presset på Wien.

Den austerrikske feltmarskalken Leopold Josef Daun kjende styrkane til den prøyssiske armeen og prøvde å unngå eit siste slag. I staden valde austerrikarane å blokkere forsyningane til prøyssarane og påføre dei skade i mindre trefningar. Dei som forsvarte festninga i Olomouc kjempa òg tappert og forsvarte ho mykje lenger enn Fredrik hadde venta. I juni var det like før festninga fall og forsvarsmuren hadde vorte øydelagd av kanonane to stader, men prøyssarane trengde forsyningar for å kunne halde fram kampen.

Konvoien[endre | endre wikiteksten]

Fredrik var redd at mange små, separate konvoiar verna av små styrkar ville vere eit lett bytte for austerrikarane og valde derfor å satse på ein stor konvoi eskortert av ein stor styrke han sende. Forsyningane i konvoien vart henta i Schlesien og mot slutten av juni kom dei til Mähren.

Konvoien var så stor at det ikkje var noko sjanse for at dei kunne halde han hemmeleg. Han bestod av om lag 4000 vogner lasta med militært materiell og om lag 2500 kveghovud. Når konvoien var i gang, strekte han seg 45 km frå første til siste vogn.

Konvoien vart eskortert av 10 870 soldatar, kommandert av oberst Wilhelm von Mosel. Den sterkaste delen var truleg kavaleriet, som bestod av 1341 mann, og i tillegg hadde han åtte infanteribataljonar, som bestod av nye rekruttar eller tidlegare skadde veteranar.

Så snart feltmarskalk Daun fekk vite om konvoien, valde han å øydelegge han. Oppgåva vart gjeven til Ernst Gideon von Laudon og Joseph von Siskovits.

Slaga[endre | endre wikiteksten]

Guntramovice[endre | endre wikiteksten]

Ernst Gideon von Laudon. Slaget i Guntramovice og Domašov var dei første store sigrane hans. Seinare vart han forfremma til feltmarskalk.

Laudon venta på fienden ved Guntramovice, ein liten landsby nord i Mähren. Siskovits, som gjekk seg vill i skogane, skulle kome to dagar etter. Dette var eit ganske stort problem for Laudon, fordi dei fire infanteribataljonane hans, eit regiment av dragonar, eit regiment av hussarar, eit artilleribatteri og ein tropp av grensevakter, utgjorde berre totalt 6000 mann. Trass i dette valde han å angripe prøyssarane fordi Olomouc var nær og det ikkje var tid til å vente. Han visste òg at fem bataljonar med 20 000 prøyssiske soldatar kommandert av generalløytnant Hans Joachim von Zieten var på veg til konvoien for å hjelpe Mosel.

Konvoien nådde Laudon den 28. juni tidleg om morgonen. Austerrikarane starta å skyte på dei første vognene. Ein prøyssiske bataljon kjempa seg fram for å finne ut av styrken til fienden, men vart slått ut av det austerrikske artilleriet. Prøyssarane sette òg opp artilleribatteri på deira side av vegen og starta å skyte. Dei prøvde å gå til åtak på dei austerrikske stillingane i det åslendte terrenget fleire gonger, men vart tvungen tilbake kvar gong. Etter om lag fem timar fekk prøyssarane overtaket på slagmarka og Laudon gav ordre om å trekke mennene tilbake mot Moravský Beroun, som dei klarte utan problem, fordi Mosel ikkje hadde nok kavaleri til å jage etter.

Sjølv om Laudon var slått og ikkje klarte å øydeleggje konvoien, hadde han mindre tap enn prøyssarane. Det viktigaste han oppnådde var likevel tid. Historikarar meiner at prøyssarane hadde hatt ein sjanse om dei hadde ofra nokre av dei spreidde vognene og sett avgarde mot Olomouc med ein gong. Verken Mosel eller Zieten, som nådde fram til konvoien fleire timar etter slaget, visste om at Siskovits nærma seg og valde derfor å bruke tid på å omarrangere konvoien og reparere nokre skadar. Dei heldt fram 30. juni, tidleg om morgonen.

Domašov[endre | endre wikiteksten]

Skrift på minnesmerket på tysk:
Den 30. juli 1758
til falne krigarar, viss
tapre dåd
hjelpte å frigjere
byen Olomouc.

Samstundes gjorde austerrikarane seg klare for eit nytt åtak. Dei valde ein open plass mellom Domašov nad Bystřicí og Nová Véska, som er omgjeve av åsar og skogar, ideelt for eit bakhald.

Siskovits sine soldatar kom først fram og venta på fienden i skogen på venstresida av vegen. Laudon skulle kome frå Moravský Beroun seinare, midt i kampen og angripe frå den motsette sida, og slik skape kaos hos dei prøyssisk soldatane.

Først kom fortroppen på 4850 soldatar og 250 vogner, men Siskovits let dei gå. Det austerrikske artilleriet starta kampen då hovuddelen av konvoien passerte, som skapte stort kaos hos vognene. Infanteriet til Siskovits kjempa godt mot prøyssarane, trass i at dei var tre gonger færre, og då Laudon dukka opp på andre sida var slaget så godt som avgjort. Etter sju timar var den prøyssiske konvoien utsletta.

Tap[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om austerrikarane hadde om lag 12 000 soldatar, mista dei berre om lag 600 mann i både Guntramovice og Domašov. Det prøyssiske tapet var mykje høgare, men forskjellige kjelder gjev forskjellige tal. Austerrikarane hevda at det var om lag 2000 drepne, skadde eller sakna og 1450 fanga (mellom anna general Puttkamer og 40 andre offiserar), medan prøyssarane berre oppgav 2701 drepne, skadde, sanka og fanga soldatar, men innrømde at det var vanskeleg å telje dei nøyaktig sidan soldatane var heilt spreidde etter slaget.

Sigerherrane tok òg 2200 hestar, mykje kveg og mykje av materiellet. Sidan mange av vognene vart øydelagde under slaget, brende dei alt dei ikkje klarte å ta med seg. Noko av ammunisjonen vart sprengd i lufta som feiring av sigeren. Ein del av byttet var to millionar prøyssisk thaler (o følgje andre kjelder ein million), men dei austerrikske kommandørane let soldatane få halvparten og gav resten til staten.

Berre 250 vogner frå fortroppen kom seg unna, men nokre av desse vart tekne av kroatiske soldatar nær Svatý Kopeček, berre nokre få kilometer nord for Olomouc og som følgje av dette nådde berre 100-200 fram til destinasjonen.

Følgjer[endre | endre wikiteksten]

Følgjene slaget fekk vert stundom undervurdert. Dei menneskelege tapa på kvar sida var ikkje så store som i andre slag på denne tida, men den viktigaste faktoren var dei store forsyningane som gjekk tapt og ikkje nådde fram til prøyssarane. Dette tapet var ein stor medverkande årsak til at Fredrik gav opp omleiringa av Olomouc. Nederlaget sjokkerte prøyssarane. Då Daun omsider kom for å hjelpe Olomouc, måtte prøyssarane forlate byen, sidan dei mangla ammunisjon. Dei trekte seg tilbake til Böhmen. Slaga i Guntramovice og Domašov var vendepunktet i kampen om Mähren.

Eit minnesmerke kalla «Den svarte krossen» vart bygd nordaust for Domašov i 1858 hundre år etter slaget. Det finst òg eit minnesmerke for dei drepne soldatane i slaget søraust for Guntramovice.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]