Slaget ved Menorca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Menorca
Del av sjuårskrigen
Stad Middelhavet, nær Menorca, dagens Spania
Resultat Fransk siger
Partar
Flag of Royalist France.svg Frankrike Union flag 1606 (Kings Colors).svg Storbritannia
Kommandantar
Flagget til Frankrike Marquis de la Galissonnière Det britiske flagget John Byng
Styrkar
12 linjeskip
5 fregattar
12 linjeskip
7 fregattar
Tap
38 drepne
184 skadde
Halve flåten øydelagd
45 drepne
162 skadde

Slaget ved Menorca (20. mai 1756) var eit sjøslag som Frankrike vann over Storbritannia. Slaget markerte starten på sjuårskrigen i Europa. Kort tid etter Storbritannia erklærte krig mot Huset Bourbon, møttest skvadronane deira i Middelhavet utanfor øya Menorca.

Det britiske tapet førte til at den britiske kommandanten admiral John Byng vart stilt for krigsrett og avretta for «manglande evne til å gjere sitt yttarste» for å heve omleiringa av den britiske garnisonen på Menorca.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Franskmennene hadde trua den britiske garnisonen på Menorca, som hadde kome under britisk kontroll under den spanske arvefølgjekrigen i 1708. Storbritannia og Frankrike hadde alt kriga i koloniane i Den nye verda tidlegare i 1754 (den franske og indianske krigen) og på dette tidspunktet gjekk ikkje konflikten særleg bra for Storbritannia. Styresmaktene ønskte å fokusere på forsvaret nærare heimlandet og var uroa over at franskmennene kanskje planla ein invasjon av Storbritannia (som dei hadde prøvd på under den austerrikske arvefølgjekrigen nokre år tidlegare ved å støtte den jacobittiske pretendenten).

Det franske åtaket på Menorca var venta og dei britiske styresmaktene sende ti linjeskip frå Gibraltar for å forsvare øya under kommandanten John Byng (då viseadmiral, men han vart raskt forfremma til admiral for denne oppgåva). Trass i at ein visste mykje om styrken til den franske flåten som låg i Toulon og venta på invasjonen av Menorca, var skipa til Byng alle i dårleg stad og underbemanna.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Byng og flåten hans vart forsterka av skip som hadde klart å kome seg unna Menorca, men då han kom fram til øya den 19. mai fann han ut at dei franske troppane alt hadde invadert øya og berre garnisonen of Fort St. Philip (Port Mahon) stod att. Byng sine ordre var å avløyse garnisonen, men ein fransk skvadron på tolv linjeskip og fem fregattar kom i mellom dei ut på ettermiddagen. Dei to flåtane posisjonerte seg for slaget som følgde morgonen etter.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Byng stod imot tolv franske linjeskip og sette sine tolv største skip langs ei enkel kamplinje og gjekk mot enden av den franske linja på losida parallelt til den franske linja. Han gav så ordre om å gå rundt og kome opp på langs av den franske flåten. Det dårlege signalsystemet på denne tida førte derimot til forvirring og forseinking. Den britiske fronten tok imot mange treff frå dei betre utrusta franske skip, medan dei bakre skipa i linja, inkludert flaggskipet til Byng, ikkje klarte å kome innanfor rekkevidd for å nytte kanonane effektivt. Under slaget var Byng særs forsiktig og følgde i overkant dei vanlege kampprosedyrane. Fleire av skipa hans vart derfor alvorleg skadde, sjølv om ingen skip gjekk tapt. Etter å ha halde krigsråd kom offiserane fram til at flåten deira ikkje ville klare å påføre dei franske skipa skade eller avløyse garnisonen. Byng gav derfor ordre om å returnere til Gibraltar.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Slaget kunne reknast som uavgjort, men sidan Byng ikkje hadde klart å presse på for å avløyse garnisonen eller følgje etter den franske flåten, var han hardt kritisert. Admiralitetet, som kanskje like mykje ville dekke over at dei hadde førebudd seg dårleg til slaget, sikta Byng for å ha brote Krigsartiklane ved at han ikkje hadde gjort alt han kunne for å fullføre ordrane sine og støtte garnisonen. Byng vart stilt for krigsrett, funne skuldig og dømd til døden ved skyting. Avrettinga fann stad 14. mars 1757 på slagskipet «Monarch» i hamna i Portsmouth.

Avrettinga av Byng er omtalt i romane Candide av Voltaire.

Trass i at William Pitt hadde eit sterkt ønske om å ta tilbake øya, vart det ikkje sendt ei ny flåte for å gjenerobre øya under krigen. Ho kom til slutt tilbake til Storbritannia etter Paristraktaten i byte mot Havanna og Manila.

Skip i slaget[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia

Sortert etter rekkefølgja i slaglinja:

  1. «Defiance» 60
  2. «Portland» 50
  3. «Lancaster» 66
  4. «Buckingham» 68/70 (flag 2, RAdm Temple West)
  5. «Captain» 64
  6. «Intrepid» 64
  7. «Revenge» 64
  8. «Princess Louisa» 60
  9. «Trident» 64
  10. «Ramillies» 90 (flag 1)
  11. «Culloden» 74
  12. «Kingston» 60

og seks andre skip, mellom anna «Deptford» 48/50 og «Dolphin» 22

HMS «Dolphin» vart seinare det første skipet som segla rundt jorda to gonger.

Frankrike
  1. «Orphée» 64
  2. «Hippopotame» 50
  3. «Redoutable» 74
  4. «Sage» 64 (Durevest)
  5. «Guerrier» 74
  6. «Fier» 50 (d'Herville)
  7. «Foudroyant» 80 (flag)
  8. «Téméraire» 74
  9. «Content» 64
  10. «Lion» 64
  11. «Couronne» 74
  12. «Triton» 64 (Mercier)

og fem fregattar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]