Slaget ved Lobositz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Lobositz
Del av Sjuårskrigen
Battle of Lobositz.png
Kart over slaget ved Lobositz. Raust den prøyssiske og blått er den austerrikske armeen.
Dato 1. oktober 1756
Stad Lovosice i Böhmen, dagens Tsjekkia
Resultat Prøyssisk siger
Partar
Flagget til Preussen Preussen Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Habsburgmonarkiet
Kommandantar
Kong Fredrik den store Maximilian Ulysses Reichsgraf von Browne
Styrkar
29 000 34 500
Tap
2900 2900

Slaget ved Lobositz eller Lovosice den 1. oktober 1756 opna krigen på land i sjuårskrigen. Den prøyssiske styrken til Fredrik den store på 29 000 mann, hindra at den austerrikske styrken til feltmarskalk Maximilian Ulysses Browne på 34 500 mann klarte å hjelpe dei omleira saksiske allierte, som overgav seg to veker seinare.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Fredrik meinte det var best å slå til først, og 29. august 1756 invaderte han Sachsen med det meste av den prøyssiske hæren sin, mot råd frå hans britiske allierte. Verken den saksiske eller austerrikske hæren var klar til krig. Den saksiske armeen sette opp ei sterk forsvarsstilling nær Pirna, og Fredrik hadde ikkje anna val enn å isolere dei og svelte dei ut.

Ein austerriksk armé sette avgarde for å hjelpe Sachsen, men vart avskoren av styrkane til Fredrik nær byen Lobositz (tsjekkisk Lovosice), ved elva Elbe i dagens Tsjekkia. Von Browne, den austerrikske generalen, hadde gjeve ordre til ein liten styrke på andre sida av Elbe om å dra til den saksiske armeen i Pirna, men kalla dei attende då han høyrde at Fredrik var på veg.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Den austerrikske armeen sette opp eit forsvar på ein ås, Lobosch (Lovoš), overfor fjellet Homolka, langs Elbe ved den vesle elva Morellenbach (Modla). Sjølv om den vesle elva ikkje var djup og kunne kryssast av infanteriet, ville det bryte opp formasjonane.

I tjukk tåke nærma prøyssarane seg. Ein styrke kroatar opna eld mot dei og Fredrik, som trudde han stod føre ein liten baktropp av den austerrikske armeen, gav ordre til eit få bataljonar av infanteriet om å rykke fram.

Infanteriet reinska dei nedre delen av Homolka, medan det prøyssiske artilleriet vart ført fram i posisjon. Frå ein terrasse hadde dei utsyn og klar bane over dalen og det austerrikske kavaleriet.

Då tåka letta vart infanteriet i det prøyssiske senteret mål for det austerrikske artilleriet. Fredrik forstod raskt at styrken hans ikkje stod imot den austerrikske baktroppen, men heile feltarmeen. For å finne ut meir gav han ordre til kavaleriet sitt om å rykke fram å rekognosere.

Då dei nærma seg Sullowitz vart dei skoten på og svinga mot venstre. Dette førte til at det austerrikske kavaleriet rykte fram frå venstre. I eit forsøk på å kome rundt på flanken av austerrikarane, førte oberst Hans von Blumenthal sin Garde du Corps, som var nærast Sullowitz, i eit motåtak som førte dei innanfor rekkevidda til musketerane frå landsbyen. Hesten til Von Blumenthal vart skoten og han fekk sjølv eit skot i nakken som skada han for livet.

Det prøyssiske kavaleriet gjekk til åtak på austerrikarane to gonger utan å lukkast. Fredrik trudde at slaget alt var tapt og ønskte å forlate slagmarka. Han sa «Desse er ikkje lenger dei same austerrikarane».

August Wilhelm av Braunschweig-Bevern, som hadde kommando av den prøyssiske venstreflanken, klarte så å storme den austerrikske høgreflanken med infanteriet. Prøyssarane rykte fram med bajonettane fram og mange hadde gått tom for ammunisjon. Soldatane jaga austerrikarane gjennom den brennande byen Lobositz. Den austerrikske armeen gjorde retrett og let prøyssarane vere att på slagmarka.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Prøyssarane og austerrikarane mista kring 2900 menn kvar. Den austerrikske arme trekte seg tilbake intakt, og von Browne klarte å få ein styrke rundt prøyssarane til dei omleira saksarane, men det var litt for seint. Den saksiske armeen i Pirna overgav seg den 14. oktober før austerrikarane nådde fram, og Sachsen overgav seg dagen etter. Både den prøyssiske og austerrikske armeen trekte seg så tilbake for vinteren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 50°30′46″N 14°02′00″E